Hjell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tradisjonell hjell i Lofoten 2004.
Foto: Ellen fra Rotterdam

Ein hjell (norrønt hjallr) fiskehjell eller fiskehesje er eit røysverk, vanlegvis av tre, for utandørs tørking av fisk til tørrfisk. Hjell blir i dag brukt til tørking av torsk og sei i store kvanta. Andre typar ein har brukt å tørka er hyse, lange og brosme.[1]

To seihesjer

Det var tidlegare berre mogleg å henge opp fisken i vinterhalvåret, fordi det gjekk mark i han om sommaren. Det gode seifisket om sommaren var lenge vanskeleg å utnytte til det fulle, fordi det ikkje fanst effektive måtar å konservere seien på. Dette endra seg likevel i 1912, då den trekanta seihesja vart funnen opp av Jens Eriksen frå i Vesterålen. Seihesja gjorde det mogleg å tørke sei også om sommaren. Konstruksjonen sørgde for at dei to halvdelane av tørrfisken vart haldne frå kvarandre, slik at marken ikkje fekk gode vekstvilkår. Hesjer blir også brukt til å tørke torsk om vinteren.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Fiskehjell» i Store norske leksikon, henta 22. juni 2020