Holografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit reflekshologram på ca. 13x10cm av ei utstoppa mus. Det same hologrammet er her fotografert frå to forskjellige vinklar.

Holografi (gr. holo = heil eller fullt, graphos = skriven eller bodskap) er ei avansert form for fotografi der biletet, eit såkalla hologram, viser motivet tredimensjonalt. Holografiteknikken blir brukt for å lage verkelege og virtuelle bilete av lekamar. Metoden kan òg nyttast for å lagre informasjon optisk.

Hologram lagast ved at ein fotografisk plate blir belyst med refleksjonar frå lekamen som skal avfotograferast, og samstundes med laserlys direkte frå hovudlyskjelda (referanselyskjelda). Samspelet (interferensen) mellom lysbølgjene frå lekamen og frå lyskjelda dannar eit mønster som blir registrert på filmen. Når filmen blir framkalla og deretter blir belyst, kan ein sjå dette mønstret i form av eit tredimensjonalt bilete. Kvart einaste punkt på hologrammet inneheld informasjon om heile det avfotograferte objektet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Holografi vart skildra i 1947 av den ungarske fysikaren Dennis Gabor (1900 – 1979). For dette vart han tildelt Nobelprisen i fysikk år 1971. Oppdaginga var eit uventa resultat av forsking for å forbetre elektronmikroskopet, men han fekk ikkje gjennomslag før laseren, ei lyskjelde som sender ut ei avgrensa og jamn lysstråle, vart oppfunnen i 1960.

Hologram er vanleg som «framtidas 3D-bilete» i science fiction-bøker og -filmar, som til dømes i TV-serien Star Trek.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]