Hytte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maudlandhytta i Sandnes er ei speidarhytte.
Snødekt hytte i Finland.

Ei hytte (frå lågtysk hütte, 'lite/fattigsleg hus') er ein mindre bygning som kan overnattast i. I dag vart hytter gjerne brukt som fritidsbustader.

Hytter vert ofte bygd i område der det ikkje bur så mange eller i område med spesielt fin natur. I Noreg finn ein mange hytter på fjellet og ved kysten. I seinare tid har ordet vorte nytta om store fritidsbustadar på fjellet, sjølv om desse ikkje passar inn i den eigentlege definisjonen på hytte.

Ordet «hytte»[endre | endre wikiteksten]

Det norske ordet «hytte» viste opphavleg til mindre hus, som husmannsplassar. I dag bruker ein hovudsakleg ordet om mindre, frittliggande feriebustader som ligg ute i naturen. Ein har tilsvarande omgrep i svensk stuga og finsk mökki.

Mange språk har ikkje same skarpe skiljet mellom heilårshus og hytte, men har ord for små, enkle bygg som også blir brukt om feriebustader, til dømes engelsk cabin eller cottage (eldre cot). Det engelske hut er ein kognat til «hytte» som viser til ein svært enkel bygning av til dømes jord eller greiner. Det arpitanske og seinare franske ordet chalet viser til ein bygningstype frå Alpane som i dag ofte blir brukt av turistar, men også kan vera heilårsbustad. Det russiske ordet datsja (дача) blir brukt om mindre sommarbustader, men desse kan vera større og flottare enn typiske norske hytter og kan også brukast året rundt.[1]

Kjende hytter[endre | endre wikiteksten]

Filosofen Arne Næss hadde hytta Tvergastein i Hallingskarvet som ein stad han kunne oppleva «det autentiske livet, med anledning til langvarig konsentrasjon.» Næss brukte mykje tid på hytta, og skreiv fleire bøker der.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. cabin, n., chalet, n., cottage, n., dacha, n., hut, n. i Oxford English Dictionary
  2. Fredrik Drevon, «Urhytta til Arne Næss» i Aftenposten Bolig, 12.08.11
Spire Denne arkitekturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.