Jakt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Jakt (fleirtyding).
Jakt på ein romersk mosaikk frå 300-talet i Villa del Casale på Sicilia.

Jakt eller veiding er det å spora opp vilt for å drepa eller fanga det.[1] Ein kan driva med jakt for å få mat eller råmateriale, for å senka talet på visse dyr, som idrett eller som fritidsaktivitet. Ein som driv med jakt blir kalla jeger, medan ein som driv ulovleg jakt blir kalla krypskyttar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Helleristingar av jakt frå Fossum i Bohuslän.

Menneske har drive med jakt i førhistorisk tid og i ei rekkje kulturar. I Noreg finst det spor av gammal veidekultur i helleristingar, dyregraver og fangstanlegg rundt omkring i landet. Jakt kan framleis vera eit viktig næringsgrunnlag, til dømes for inuittar og for jegerfolk i Sibir. Etter kvart som menneske blei bufaste og tok til med å driva jordbruk, blei jakt ei viktig binæring i matproduksjonen. Ein jakta også for å få skinnvarer, huder og pelsverk, som blei viktige handelsvarer.[1] Jakt blei tidleg også rekna som ein forlystande fritidsaktivitet som kongelege og adelege kunne driva med.[2]

Mennesket jakta opphavleg ut frå trongen til mat. På 1900-talet vart tilgangen på mat industrielt organisert, og jakt vart mindre vesentleg. I dag fyller jakta ofte sekundærbehov som ynskje om friluftsliv og sosialt fellesskap med likesinna. Kostnadane ved å delta i jakt vil ofte overstige innsparingane, og berre sjeldan finn ein menneske som i Noreg livnærer seg med det jaktutbyttet. Derimot finn me i aukande grad, næringar med organisering av jakt (for andre) som forretningsidé.

Regulering[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er jakt regulert av Lov om viltet av 1981. Som hovudregel er alt vilt freda om ikkje anna er spesifisert med lov. Viltlova regulerer alle viltlevende landpattedyr og fuglar, amfibier og krypdyr. Føremål med loven er «at viltet og viltets leveområder skal forvaltes slik at naturens produktivitet og artsrikdom bevares. Innenfor denne rammen kan viltproduksjonen høstes til gode for landbruksnæring og friluftsliv.» Alle som skal jakte på vilt i Noreg må ha bestått jegerprøven.

Sjå ogso[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Jakt», Store norske leksikon, 1. september 2009, henta 6. juni 2016 
  2. Clarissa Dickson Wright (2012), A History of English Food, Arrow Books, s. 63–66, ISBN 9780099514947 

«jakt» i Nynorskordboka.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]