Juletre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Juletre» er òg namnet på eit julehefte gjeve ut av Norsk Barneblad
Eit dansk juletre med levande juletrelys og annan juletrepynt.
Foto: Malene Thyssen

Eit juletre er eit tre eller ein modell av eit tre som blir brukt mange stader til å pynta til jul med. Treet blir pynta med lys og juletrepynt. Mange legg julegåver under treet og går rundt det og syng julesongar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skikken med juletre er henta frå Sveits og det katolske Sør-Tyskland, der bruk av juletre kan førast attende til 1400-talet. I Noreg skal det fyrste juletreet ha vore brukt i Christiania (Oslo) i 1822. Fyrst frå kring 1900 vart skikken med juletre meir ålmenn. I dag har over 90 % av norske husstandar tradisjonen med å pynta eit tre i heimen til jul.

I byrjinga var det mange kristne som mislikte juletreet, sidan dei tykte at det var avgudsdyrking. Skikken med å gå i ring rundt juletreet og syngje julesongar, vart sett på med enno meir skepsis, og samanlikna med dansen rundt gullkalven.

Tretypar[endre | endre wikiteksten]

Levande lys i juletre laga av staur og einerkvist.

Som juletre bruker ein oftast gran eller furu, men edelgran og brake (einer) vert òg brukt.

Nordmenn kjøper rundt 2 millionar juletre kvart år. 20 %–25 % av desse (i 2003 drygt 430 000 grantre) er importerte frå Danmark. I tillegg hogger svært mange tre i eigen skog, eller får frå naboar eller vener som har skog.

Kunstige juletre vart først utbreidde i Tyskland på 1800-talet laga av gåsefjører med fjørene farga grøne. I USA byrja ein å masseprodusera tre som aluminiumsjuletre på 1900-talet. I vår tid kjøper mange (300 000 nordmenn i 2004, mot 100 000 i 1998) juletre av plast — oftast anten for å kunna bruke same treet i fleire år eller for å unngå allergiar. Den største eksportøren av slike tre er Kina. I nokre skoglause grender på Vestlandet var det vanleg tidleg på 1900-talet å ha ei tjukkvore skaft med mange hol i. Dette skaftet, som stod på ein fast juletrefot, sette ein så opp og laga «tre» av ved å stikke einegreiner i hola.

Utandørstre[endre | endre wikiteksten]

Nordmannsedelgran (Abies nordmanniana) til sals i Lund i Sverige.

Det er òg vanleg å pynta eit stort grantre utandørs med elektriske juletrelys, ofte på ein sentral plass i bygda eller byen. Eit slikt utandørs juletre vert ofte kalla ei julegran. Oslo kommune har sidan 1945 hatt som årleg tradisjon å senda ei julegran som gåve til England. Denne er ein takk for hjelpa under andre verdskrigen, og ho vert alltid sett opp på Trafalgar Square i London. Hordaland fylkeskommune sender kvart år ei stor julegran til Edinburgh i Skottland.

Samband med andre skikkar[endre | endre wikiteksten]

Juletre blir særleg brukt i samband med kristen og verdsleg julefeiring, men kan òg bli brukt av enkelte i samband med den jødiske lysfesten hanukká.

Skikken med å kle heimen med tre og kvistar er gamal og tente til å verna heimen mot alle slags vonde makter og vesen. Framleis tek mange inn ris av selje til påskefeiringa og dekorerer med lauv ved sommarbryllaup og andre festar.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Juletre