Julikrisa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gravferda til Franz Ferdinand fann stad 5. juli 1914 i Sarajevo.

Julikrisa var ei diplomatisk krise mellom fleire land i Europa som fann stad sommaren 1914 like etter drapet på den austerriksk-ungarske tronarvingen Franz Ferdinand, og førte til den første verdskrigen.

Krisa utspelte seg gjennom ein serie diplomatiske manøvrar mellom dei europeiske landa og enda med eit ultimatum frå Austerrike-Ungarn til kongeriket Serbia, og deretter med krigshandlingar.

Etterforskinga av drapa i Sarajevo[endre | endre wikiteksten]

Medlemmer av Den svarte handa, blant dei den serbiske etterretningsleiaren Dragutin Dimitrijević, som blei knytt til konspirasjonen av austerriksk-ungarske etterforskarar.

Austerrike-Ungarn og Serbia var allereie i konflikt ettersom Serbia ønskte eit territorium som omfatta alle serbarar, medan Austerrike-Ungarn herska over mykje av det variert folkesette Balkan. Riket hadde annektert Bosnia i 1908, og det var her erkehertug Franz Ferdinand drog for å oververa militærøvingar i slutten av juni 1914. Deretter reiste han og kona Sophie med bil gjennom Sarajevo, og blei skotne av Gavrilo Princip.

Etter skota i Sarajevo og eit anna attentatforsøk mot Franz Ferdinand tidlegare same dag sette austteriksk-ungarske styresmakter i gang ei større etterforsking. Nedeljko Čabrinović, som hadde prøvd å bomba ei bru mens Franz Ferdinand kjørte over, og attentatmannen Gavrilo Princip hadde begge prøvd å ta livet av seg med cyanid, men blei i staden fanga og avhøyrde. Begge tilhøyrde den hemmelege militærordenen Den svarte handa. Det blei avdekt ein konspirasjon som guvernøren i det nyleg annekterte Bosnia-Herzegovina, Oskar Potiorek, spora til Beograd i Serbia i eit telegram til Wien den 29. juni 1914.

30. juni byrja austerriksk-ungarske og tyske diplomatar å be om undersøkingar av sine serbiske og russiske motpartar. 5. juli hadde guvernør Potiorek fått eit namn på mannen som gav ordre om snikmordet, major Voja Tankosić frå Serbia, og den austerriksk-ungarske ambassadøren bad igjen om undersøkingar i Serbia. Desse spørsmåla blei avviste. Den serbiske regjeringa beklaga hendingane, avviste å ha samband med attentatet, og nviste til at alle gjerningsmennene stamma frå det annekterte Bosnia og formelt sett var austerrikarar. Det var heller ingenting som beviste ei offisiell serbisk innblanding. Til gjengjeld blei det i Austerrike-Ungarn offisielt meddelt at den serbiske organisasjonen Narodna Odbrana (‘folkeforsvar’) stod bak attentatet.

Krigstankar[endre | endre wikiteksten]

Franz Conrad von Hötzendorf var kjend som krigshissar.
Josip Vancas held anti-serbisk tale i Sarajevo 29. juni 1914.

I tida 29. juni-1. juli diskuterte den austerriksk-ungarske utanriksministeren Berchtold og generalstabsjefen Franz Conrad von Hötzendorf på kva måte dei burde møta hendingane i Sarajevo. Generalstabsjefen, som lenge hadde ivra for ein militæraksjon mot Serbia, ville mobilisera straks. Berchtold var imot dette, og meinte folkeviljen først måtte førebuast.[1] 30. juni føreslo Berchtold å krevja at Serbia avskaffa anti-austerrikske lag og gje enkelte offiserar avskjed. 1. juli kunne han meddela til von Hötzendorf at keisar Franz Joseph ville venta på resultatet av kriminalundersøkinga, at statsministeren i Austerrike, Karl von Stürgkh, håpa at ei slik undersøking ville gje skjellig grunn til handling og at statsministeren i Ungarn, István Tisza, var imot krig.[1]

Von Hötzendorf var framleis sterkt for krig, men uroa seg for korleis Tyskland ville reagera. Berchtold svara at han ville finne ut korleis Tyskland stod. Denne dagen blei stabsjefen til Berchtold, grev Alexander Hoyos, kontakta av Victor Naumann som var ven av den tyske utanriksministeren Gottlieb von Jagow. Han fekk høyra at det var på tide at Serbia ble islått og at Tyskland ville stå bak sin allierte. [2]

Neste dag møtte den tyske ambassadøren Tschirschky keisar Franz Joseph og sa at han meinte keisar Vilhelm II ville støtta resolutt, god gjennomtenkt handling frå Austerrike-Ungarn mot Serbia.[2] Austerrike-Ungarn samla deretter støtteerklæringar frå Bulgaria, Romania og Tyrkia som sa at dei ville vera på Trippelalliansen si side om Austerrike-Ungarn skulle velja å «gje Serbia ein lærepenge».[3]

Støttebreva blei presenterte av Hoyos til keisar Vilhelm II den 5. juli. Keisaren uttrykte støtte, men ville først rådslå med rikskanslar Theobald von Bethmann-Hollweg, som han var sikker ville ha same standpunkt. 5. juli 1914 tok han så avgjerda om å støtta Tyskland, med visse om at det kunne oppstå «alvorlege europeiske komplikasjonar».[4] 6. juli sende Tyskland telegram til Austerrike-Ungarn der lande gav si fulle oppbakking til eit åtak mot Serbia.[5]

Ultimatumet mot Serbia[endre | endre wikiteksten]

Utanriksminister i Austerrike-Ungarn, grev Leopold Berchtold
Foto: Deutsches Bundesarchiv

23. juli 1914 la Austerrike-Ungarn fram eit særs skarpt ultimatum til Serbia.[6] Offisielt var ultimatumet ein démarche, ettersom det ikkje truga direkte med krig, men berre med brot av diplomatisk samband.[7] I nota blei Serbia oppfordra til å fordømma alle irredentistiske bestrebelsar som hadde til formål å sikre avståelse av austerriksk-ungarsk område og framover imøtegå noko slikt ytterst strengt. Serbia skulle mellom anna hindra einkvar anti-austerriksk propaganda, straks ta tiltak mot Narodna Obrana, fjerna involverte i attentatet frå statleg teneste og måtte framfor alt:

Mal:Sitatbok

Austerrike-Ungarn skreiv vidare at landet forventa eit svar seinast klokka 17 laurdag 25. juli 1914.

Russisk reaksjon[endre | endre wikiteksten]

Austerrike-Ungarn var av den oppfattinga at Russland ikkje ville blande seg inn i konflikten, sjølv om landet hadde store interesser på Balkan. 24. juli sende Serbia ein appell til tsaren, Nikolaj II, og bad om hjelp fordi krava var nedverdigande og tidsfristen for kort. Tsaren svarte at ultimatumet var for audmjukande og at Austerrike-Ungarn provoserte fram ein krig. 25. juli starta Russland å mobilisera, sjølv om den offisielle mobiliseringsordren ikkje kom før 30. juli. Det blei klart for alliansen at ein krig kanskje var uunngåeleg.

Som reaksjon på ultimatumet sende det russiske ministerrådet den 24. juli 1914 ut eit meddelande memorandum til Serbia der dei ville hjelpa landet i høve til dei europeiske stormaktene for å oppnå ei utsetjing av ultimatumet. Det kom også fram av memorandumet at Russland planla ei mobilisering av troppane sine og trekte sine finansielle aktiva ut av Tyskland og Austerrike. Ved eit austerriksk-ungarsk angrep på Serbia ville Russland ikkje la vera å handla.[8]

Serbisk reaksjon[endre | endre wikiteksten]

Serbia aksepterte ikkje ultimatumet utan vilkår. Medan regjeringa «sjølvsagt rekna det som si plikt å innleia ei undersøking mot einkvar person som deltok i komplottet av 15./28. juni», kunne dei ikkje utan vidare godta deltaking frå «organ utpeikte av den keisarlege og kongelege regjeringa», det vil seie Austerrike-Ungarn. Desse kunne likevel underrettat om resultata av visse undersøkingar.

Austerriksk svar til Serbia[endre | endre wikiteksten]

Innbyggjarar i Budapest les om austerriksk-ungarsk mobilisering i juli 1914.

25. juli 1914, før fristen gjekk ut, utarbeidde baron Hold von Ferneck i det ungarsk-austerrikske utanriksdepartement ei avvising av Serbia sin reaksjon. Om Serbia aksepterte alle betingelsane i ultimatumet, men likevel ytra ei minste innvending, skulle reaksjonen reknast som utilstrekkeleg. Om Serbia oppfylte alle vilkåra utan innvendinger, kunne det likevel anførast at tiltak krevde i ultimatumet verken var tekne eller var blitt annonserte.[9]

Samtidig innleidde Serbia ei mobilisering. Deretter erklærte Austerrike-Ungarn som venta krig mot Serbia den 28. juli 1914.[10] Med dette starta første verdskrigen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Albertini, 1953, s. 124.
  2. 2,0 2,1 Albertini, Luigi: Origins of the War of 1914, side 131-132 Oxford University Press, London, 1953
  3. Tyske ambassademeddelingarjuni-juli 1914 med anmerkningar frå keisar Wilhelm II
  4. Sebastian Haffner: Die sieben Todsünden des Deutschen Reiches im Ersten Weltkrieg. Verlag Lübbe, Bergisch Gladbach 1981, ISBN 3-7857-0294-9, s. 26.
  5. Telegram frå kanslar Bethmann-Hollweg til den tyske ambassadøren i Wien Tschirschky av 6. juli 1914
  6. Österreichishe-ungarisches Rotbuch. Diplomatische Aktenstücke zur Vorgeschichte des Krieges 1914. Volksausgabe. Manzsche k.u.k. Hof-Verlags- und Universitäts-Buchhandlung, Wien 1915, Dok. 7, s. 15–20.
  7. Telegram frå grev Leopold Berchtold til Freiherrn von Giesl i Beograd av 23. juli 1914
  8. Benachrichtigendes Memorandum des russischen Ministerrats an Serbien vom 11./24. Juli 1914
  9. Ćorović s. 758
  10. Österreichishe-ungarisches Rotbuch. Diplomatische Aktenstücke zur Vorgeschichte des Krieges 1914. Volksausgabe. Manzsche k.u.k. Hof-Verlags- und Universitäts-Buchhandlung, Wien 1915, Dok. 37, S. 117.


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]