Kalkun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Villkalkun
Villkalkunhann
Villkalkunhann
Villkalkunhoe
Villkalkunhoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga til villkalkun.
Utbreiinga til villkalkun.
Systematikk
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Galliformes
Familie: Phasianidae
Slekt: Meleagris
Art: Villkalkun M. gallopavo
Vitskapleg namn
Meleagris gallopavo

Kalkun, Meleagris gallopavo, er ein stor fugleart med naturleg leveområde i Mellom-Amerika og Nord-Amerika og er den tyngste medlemmen av ordenen Galliformes, hønsefuglar. Dette er ein frittlevande art, men er òg den arten kjent som «tamkalkun», eller kalkun avla fram til fjørfe. Det var ein sørmeksikansk underart av kalkun som var stamforma til tamkalkun.

Vaksne ville kalkunar har lange raudgule til grågrøne bein og ein mørk kropp. Hannen har stort, fjørlaust, raudleg hovud og raud hals, og raude kjøttfulle hakelappar som heng frå undersida av nebbet. Hovudet har kjøttfulle utvekstar, og særleg ein kjøttfull utvekst som heng frå oversida av nebbet som utvidast ved opphissing hos hannfuglen. Når desse vert fylt med blod, kan dei nesten skjule auga og nebbet. Kvar fot har tre tær, og hannfuglar har ein spore på baksida av kvart bein.

Villkalkunho med kyllingar.

Kalkun har ein lang, mørk, vifteforma hale og skinande bronsefarga venger. Som med mange andre artar av Galliformes, viser kalkun sterk kjønnsdimorfisme. Hannfuglen er vesentleg større enn hoa, og fjøra hos hannen har område med iriserande raudt, lilla, grønt, og fargenyansar i kobbar, bronse og gull. Fjørene på hofuglane er generelt mindre fargerike, i nyansar av brunt og grått. Parasitter kan svekke fargene hos begge kjønn, og hos hannfuglar kan farga tene som eit signal på helsa.[1] Kalkunen har 5000-6000 fjør.[2] Handsvingfjørene har kvite flekker. Halefjørene har lik lengd hos vaksne fuglar, men har ulike lengder hos ungfuglar.

Hannane har vanlegvis «skjegg», ein dusk av grove hårliknande fjører som veks ut frå midten av brystet. Dusken er i gjennomsnitt 23 cm i lengd. I nokre stammar har 10 til 20 prosent av hoene slike duskar, i regelen kortare og tynnare enn hos hannane. Den vaksne hannen veg normalt 5-11 kg, og måler 100-125 cm. Vaksne hofuglar er vanlegvis mykje mindre, frå 3 til 5,4 kg og er 76-95 cm i lengd. Vengespennet varierer frå 1,25 til 1,44 m. Den største individet ein kjenner av vill kalkun var 17,2 kg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hill, G; Doucet SM; Buchholz R (2005). «The Effect of Coccidial Infection on Iridescent Plumage Coloration in Wild Turkeys». Animal Behaviour 69: 387–94. 
  2. National wild turkey Federation: Wild turkey Facts., arkivert frå originalen 13. november 2009, henta 29. mai 2010 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]