Konsulat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det norske konsulatet i Houston.

Eit konsulat er ein diplomatisk representasjon som vanlegvis er underlagt eit framandt lands ambassade i same land. Konsulatet er ambassaden sin stadlege representasjon, og tek hand om rutinemessige saker som på ein ambassade. Leiaren er konsul.

Det hender også at eit konsulat kan vere underlagt ein ambassade i eit anna land. Leiaren sin tittel er då chargé d'affaires under føresetnad av at konsulatet er bemanna med ei diplomatisk utsending frå sendarlandet.

I dei tilfelle sendarlandet ikkje har eigne diplomatar i ein by, kan ein i samråd med vertslandet oppretta eit honorært konsulat. Leiaren, ein honorær konsul, er då gjerne ein statsborgar av vertslandet. Om stillinga er ulønna, kan den honorære konsulen ta seg betalt for sine tenester.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]