Kroppsspråk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amerikansk postkort frå slutten av 1800-talet som viser ulike typar kroppsspråk: Ein glad og rampeaktig gut, ei sint og hyttande kokke, og ei fornøyeleg leande herskapskvinne.

Kroppsspråk viser til kommunikasjon utført ved hjelp av kroppsstillingar og -rørsler, brukt i staden for, eller i samband med verbalt språk, lydar og andre kommunikasjonsmåtar. Kroppspråk kan vera både medvite og ikkje. Det kan brukast av menneske og dyr, men omgrepet viser oftast til menneskeleg bruk. For menneske er mykje av kroppspråket tillært, og tydingane av det kan vera ulike i ulike kulturar.

Ein kan lett gje uttrykk for kjensler gjennom kroppspråk, til dømes gjennom reaksjonar som latter, gråt, slag eller spark mot ein gjenstand eller at ein kryp saman. I nokre høve vil kroppsspråket uttrykka noko anna enn det verbale språket. Kroppsspråk kan også vera til hjelp om ein ikkje snakkar same språk.

Mennesket sitt kroppsspråk[endre | endre wikiteksten]

Ansikt[endre | endre wikiteksten]

Ansiktsuttrykk er ein viktig del av mellommenneskeleg kommunikasjon. Korleis ein bruker auga, om ein møter blikket til den ein snakkar med og held det eller ikkje, om ein blinkar med auga eller blunker med eitt av dei, kan gje ulike signal, avhengig av situasjon. Eit direkte og fokusert blikk kan til dømes tyda på interesse, medan ein som ikkje møter blikket kan vera uinteressert eller usikker, eller berre følgja ei norm som seier at ein ikkje skal møta blikk. Tårer i auga kan tyda på at ein er rørt.

Amerikansk postkort frå byrjinga av 1900-talet som fortel ei historie ved hjelp av kroppsspråk, hovudsakleg gjennom hender.

Munnen kan gje ulike signal, som smil, som truleg er ei vidareføring av apesignalet med å visa tenner som teikn på at ein ikkje er farleg. Ein rett, samanknipen munn kan tyda på avvising, om ein væter leppene med tunga kan det tyda på at ein er usikker. Ein open munn kan derimot vera eit signal om at ein er overvelda eller overraska.

Hender[endre | endre wikiteksten]

Som ansiktet kan hendene vera ein viktig del av kommunikasjonen. Dei kan brukast til å gestikulera for å understreka noko, men også til å fingra med noko eller røra fjeset eller andre kroppsdelar. Hender kan vera del av formalisert kommunikasjon gjennom handslag og andre helsingar, knipsing, klapping, peiking og vinking.

Hender kan også brukast til å røra ein annan og dermed raskt uttrykka omsorg, kjærleik, makt eller aggressjon.

Kroppsstilling[endre | endre wikiteksten]

Kroppshaldninga kan seia noko om korleis ein føler seg til rette i ulike høve. Ei rett og breibeint stilling kan framstilla nokon som sjølvsikker eller trugande. Ei lenande stilling kan visa at ein er avslappa. Ein kan uttrykka redsle eller usikkerheit ved å krypa saman – trekka skuldrene opp, kryssa armane eller føtene om ein sit.

Ikkje berre kvilestillingar, men også korleis ein rører seg, om ein går roleg eller spring kan også vera delar av kroppspråket. Ein kan springa på ein lett og glad måte, eller som i ei panisk flukt.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]