Lange

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For etternamnet, sjå namnet Lange.
Lange
Lange
Lange
Utbreiing og status
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Utbreiinga av lange
Utbreiinga av lange
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Strålefinnefiskar Actinopterygii
Orden: Torskefisk Gadiformes
Familie: Torskefamilien Gadidae
Underfamilie: Lotinae
Slekt: Molva
Art: Lange M. molva
Vitskapleg namn
Molva molva

Lange (Molva molva) er ein fisk i torskefamilien med særleg langstrekt kropp, noko som er opphavet til namnet. Langa kan vera opptil 1,8 m og 40 kg. Ho lever hovudsakleg på 100-400 meters djupne som vaksen, men yngre fisk finst på grunnare djupner.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Langa lever i temperert klima i Nord-Atlanteren, Nordsjøen og Middelhavet og er vanleg ved Newfoundland, Island, Dei britiske øyane og langs heile norskekysten. Dei viktigaste gyteområda er i Bizkaia og nordvest for Dei britiske øyane.[2]

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Langa lever i små stimar eller åleine. Hovudføda er andre fiskar som torsk, makrell, uer, sild og flyndre. Ho tek også krepsdyr og blekksprut.

Fisken blir kjønnsmogen i 6-8-årsalderen, hannfisken tidlegare enn hoa. Gytinga føregår i april-juni på 100-300 meters djupne. Hofisken gyt opptil 60 millionar egg som blir klekte etter 10 dagar.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Lange er ein god matfisk med eit fast, kvitt kjøt som kan minna om torsk. Ho blir seld fersk, frosen, tørka eller salta. Han kan tilreiast gjennom damping, baking, koking eller steiking. Fisken kan brukast til å laga lutefisk. I Spania er salta langerogn kjend som delikatessen huevas de maruca.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hesthagen T, Wienerroither R, Bjelland O, Byrkjedal I, Fiske P, Lynghammar A, Nedreaas K og Straube N (24. november 2021). «Fisker: Vurdering av lange Molva molva for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 10. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 10. mars 2022. Henta 10. mars 2022. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikispecies
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Molva molva