Litle julaftan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Litle eller vesle julaftan – eller litlejulaftan eller veslejulaftan (òg (-)jol- og/eller -eftan) – er dagen før julaftan, den 23. desember.

Norske tradisjonar[endre | endre wikiteksten]

I Noreg vart dagen tradisjonelt kalla torlaksmesse eller tollesmesse. Tollesmessdagen gjorde ein reint i husa, bytte sengehalm og la reint på sengene.

For mange er det tradisjon å pynte juletre denne dagen og gjere dei siste førebuingane før sjølve julaftan. Dei siste åra har litlejulaftan vore den dagen i året då butikkane har hatt størst omsetting, som følgje av julehandel.

Eit nytt element i feiringa av dagen før julaften er Grevinnen og hovmesteren, eit kort, humoristisk fjernsynsprogram som har vore sendt kvar 23. desemberNRK dei siste 25-30 åra og sett av mange. I 2003 vart til dømes programmet sett av 1,4 millionar nordmenn.

Feiringar elles i verda[endre | endre wikiteksten]

I Oaxaca i Mexico er dagen kjend som Noche de Rabanos, reddikkvelden, etter ei mengd raude og kvite reddikar som blir skorne ut i jule- eller andre motiv til denne kvelden.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.