Mellomnamn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mellomnamn er ekstra fornamn av etternamntype.

Norsk historie[endre | endre wikiteksten]

Skikken med ekstra fornamn av etternamntype kom til Noreg frå Danmark på 1700-talet. Som mellomnamnvart det då gjerne bruka eit etternamn frå tidlegare slektsledd, eller ein kunne bruke ettrnamn frå andre familiar, då ofte som eit oppkallingsnamn.

Mellomnamn som var oppkalling etter framtredande pesonar, vart ofte kalla «tittelnamn». Slik namnebruk vart i stor grad stoppa av namnelova av 1923.

Når det i andre halvdelen av 1800-talet vart vanleg for jenter å skifte etternamn ved giftarmål, valde mange av dei å halde på oppvekstnamnet som mellomnamn. Namnelova av 1923 opna for slik mellomnamnebruk utan vidare.

Etter kvart som det vart vanleglegare å bruke gardsnamn som etternamn, heldt mange på patronymet—farsnamnet—som mellomnamn.

Den nye namnelova frå 2003 har opna for meir bruk av mellomnamn. Til dømes kan både mann og kvinne ta etternamnet til ektefellen som mellomnamn.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]