Messias

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Messias (fleirtyding).

Messias (hebraisk משיח maschiach, også moschiach, arameisk meschiah) er eit omgrep frå jødedommen og kristendommen som i utgangspunktet betyr 'salva'.[1]

Omgrepet er kjend frå Det gamle Testamentet og jødisk tradisjon, der det som regel viser til kongen, sjølv om det også kan visa til den salva presten (øvstepresten) eller dei som er salva av anden (profetane).[1] Den greske omsetjinga av messias er khristos, som har gjeve den vanlegaste nemninga for Jesus i Det nye testamentet, Kristus.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Messias: frelser», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 14. januar 2016 
Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.