Modernisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Modernismen)

Modernisme er ein retning innan kultur, vitskap og samfunnstenking som gjorde seg gjeldande rundt byrjinga av 1900-talet. Det er ein grunnleggjande optimistisk, framgangs- og framtidsretta tenkemåte som seier at menneska kan forbetra verda dei lever i ved hjelp av kunst, kunnskap og teknologisk utvikling.

Kunst[endre | endre wikiteksten]

Innan kunst forkasta ein tidlegare tradisjon og la vekt på eigenverdet og autonomien til kunstnaren. Modernismen begynte å ta form seint på 1800-talet, og ofte blir til dømes Picasso-måleriet Les Demoiselles d'Avignon frå 1907 brukt til å markera byrjinga på epoken.

Modernismen i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Modernismen kom inn i norsk litteratur med Knut Hamsun og Sigbjørn Obstfelder på 1890-talet, men blei viktigare med ei rekke forfattarar som skreiv på 1930-talet, som Emil Boyson, Gunnar Larsen, Haakon Bugge Mahrt, Rolf Stenersen, og Edith Øberg. Tarjei Vesaas si diktsamling Leiken og lynet frå 1947 førte til store diskusjonar rundt form og rim for lyrikk. Rolf Jacobsen var den diktaren som tidleg etter krigen tok modernismen fram igjen med samfunnskritiske og urbane dikt. Modernismen i Noreg blomstra også i samband med Profil-gruppa på 1960-talet.

Kjente modernistar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]