Motorveg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
E18 i Vestfold
Foto: Hans A. Rosbach

Motorveg er ein type veg som er særskilt lagt til rette for køyring med bilar i høg fart. Køyretøy som ikkje kan køyra over ein viss fart, har ikkje løyve til å køyra på ein motorveg. Kryssande vegar går gjerne i tunnel under motorvegen, eller på ei bru over motorvegen. Fotgjengarar har ikkje høve til å gå ved ein motorveg, men det er gjerne lagt til rette med gang og sykkelveg i tilknyting. I Noreg er motorveg ein vegklasse.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne transportartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.