Natriumklorid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Krystallar av natriumklorid

Natriumklorid (NaCl), salt, bordsalt eller koksalt er det saltet ein vanlegvis bruker som salt i maten. Det blir også brukt som vegsalt.

Natriumklorid finst i store mengder i sjøvatn saman med mange andre mineral. Ein måte å utvinna natriumklorid på, er å fordampa sjøvatn ved hjelp av solenergi. Denne prosessen er ikkje lønsam i dag. Natriumklorid vert for det meste utvunne frå underjordiske avsetningar.