Naturrett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Naturrett (latin jus naturale) er ein teori om at det finst eit sett av rettslege prinsipp som er av ein slik grunnleggjande karakter at dei gjeld alle stader til alle tider. Naturretten treng ikkje noko eiga grunngjeving fordi alle med basis i sunn fornuft vil vera samd i naturretten. I dette ligg at naturretten er tufta på naturens orden.

Tanken om naturretten har opphav i den greske antikken. Aristoteles blir ofte kalla far til naturretten. Seinare tok Cicero opp tanken. I mellomalderen nytta Thomas Aquinas tanken om naturretten for å gjera skilnad på verdsleg og geistleg makt og rett.

Naturretten sin innverknad på faktisk rettspraksis har variert opp gjennom historia. Naturetten kan og førast attende til opplysningstida. Då meinte filosofane at alle menneske hadde nokre grunnleggandje og umissande rettar. Hugo Grotius ein av dei som utvikla tanken. Seinare vart tanken tatt opp av Spinoza, Hobbes og Pufendorf.

Naturretten låg til grunn for den amerikanske og franske grunnlova. Det finst ei tydeleg tilvising til denne tanken i den amerikanske sjølvstendeerklæringa.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]