Nederlandsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Nederlendsk».
Nederlandsk
nederlands
Klassifisering Indoeuropeisk

 Germansk
  Vest-germansk    Lågsaksisk-lågfrankisk     Nedertysk
      Nederlandsk

Talarar nederlendarar
Bruk
Tala i  Nederland
 Belgia
 Aruba
 Sint Maarten
 Surinam
 Sør-Afrika
 Indonesia
Område Nordlege Vest-Europa pluss tidlegare koloniar
Nederlandsktalande i alt 23 millionar
Rangering 48
Skriftsystem Latinsk
Offisiell status
Offisielt språk i  Nederland
 Belgia
 Aruba
 Sint Maarten
 Surinam
 EU
Normert av Den nederlandske språkunionen [1]
Språkkodar
ISO 639-1 nl
ISO 639-2 dut
nld

Nederlandsk (nederlandsk: nederlands) er eit vest-germansk, nedertysk språk. Omtrent 21 millionar i verda snakkar dette språket. Varianten av nederlandsk tala i Belgia blir uformelt kalla flamsk. Det nederlandske namnet for språket er nederlands. På norsk blir også namnet hollandsk nytta, men sidan dette berre refererer til ein del av Nederland, blir det rekna som ukorrekt.

Klassifisering og nærskylde språk[endre | endre wikiteksten]

Nederlandsk er grammatisk på mange måtar liknande tysk, men er svært forskjellig i uttale. Ein som kjenner det eine språket, kan med noko trening forstå det andre brukeleg. Samanlikn til dømes:

De kleinste kameleon is maar 2 cm groot, de grootste kan wel 80 cm worden. (nederlandsk)
Das kleinste Chamäleon ist nur 2 cm groß, die größten können auch 80 cm erreichen. (tysk)

Nokre mindre brukte ord og vendingar er nærare tysk:

Der kleinste Chamäleon ist nur 2 cm groß, der größte kann wohl 80 cm werden. (mindre vanleg tysk)

(På norsk blir dette: «Den minste kameleonen er berre to cm stor, den største kan bli 80 cm».)

Men det er uttalen som gjer den største forskjellen mellom tysk og nederlandsk, på same måten som forskjellen mellom tysk og sveitsartysk (og andre tyske dialektar).

Typisk så opptrer dei største forskjellane mellom tysk og nederlandsk i korte, men viktige strukturar og daglege ord som følgjer:

Nederlandsk Tysk Omsetting med kommentar
maar aber men
slechts nur berre
misschien eller wellicht eller mogelijk [2] vielleicht moglegvis - misschien er tysk - mir schien = eg trur
graag (vestflamsk: gern)/ gaarne gerne gjerne
gereed eller bereid eller klaar[3] fertig eller bereit ferdig/budd - «bereit» svarar til ledda gereed men vanskeleg å skilje
belangrijk eller gewichtig[4][5] wichtig viktig - men òg på tysk: belangreich, som tyder det same, men så og si aldri blir nytta

Viss ein tyskar har lært eitt til to hundre av desse orda pluss nokre reglar, vil den tysktalande skjønne nederlandsk skrift nokså bra. Men nederlandsk er ikkje pensum i tysk skole.

Somme plassar blir tysk og nederlandsk til og med snakka omtrent parallelt. Folk som kan nederlandsk, kan som oftast skjønne skriftleg tysk, og tysktalande (som kan engelsk) kan som oftast lesa nederlandsk.

Nederlandsk er eit nedertysk språk i den vestgermanske språkgruppa (sjå tabellen over). Det er difor i slekt med andre lågsaksiske og austnedertyske språk, og er (bortsett frå frisisk) det språket som er nærast i slekt med engelsk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Ordbøker[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.