Nordnorske dialektar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nordnorsk)

Nordnorske dialektar er er norske målføre som tradisjonelt vert bruka i det meste av Nordland, Troms og Finnmark. Nordnorske dialektar kan klassifiserast som vestnorske målføre.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Nordnorske dialektar er først og fremst kjenneteikna ved uttalen, at det vert bruka høgtone, slik at stemmeleiet går oppover i stavingar ein legg trykk på.

Vidare har nordnorske dialektar i større eller mindre grad apokope - sterkast i saltværing, i mindre grad i eldre vefsnmål.

Nordnorske dialektar har palatalisering av konsonantane n, l, t og d.

I substantivbøyinga har nordnorske dialektar tre kjønn. Eit merke for nordnorske dialektar er at inkjekjønn fleirtal endar på -an: husan, eplan (/²ˈæpˌlanː/).


Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Mange norske dialektar har desse målmerka, men det er berre i nordnorske dialektar ein finn alle desse trekka. Ut frå denne definisjonen av nordnorsk, fell målføret i Bindalen, innflyttarmål i Susendalen og Målselv og dialektane i Aust-Finnmark utanfor definisjonen av nordnorske målføre.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Kjell Øksendal: Målføret i vefsnbygdene, i Vefsn bygdebok b. III (Mosjøen 1977)
    Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.