Politistasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Politihuset i Trondheim

Ein politistasjon eller lensmannskontor er ein bygning ei politistyrke bruker som hovudkontor. Slike bygg har gjerne kontor, oppbevaringsrom for utstyr og køyretøy, eventuelt òg midlertidige fengselsceller og avhøyrsrom.

Noreg[endre | endre wikiteksten]

Innan kvart politidistrikt finst det politistasjonar og namsfogdkontor. Tidlegare fanst det òg lensmannskontor, men lensmannstittelen blei avskaffa i 2021.[1]

Politistasjonar kan anten ha reine politioppgåver eller både politigjeremål og sivile rettspleie­gjeremål. Namsfogdkontor blir leia av ein namsfogd og dekker eit namsfogddistrikt.

Kvar politistasjon er leia av ein politistasjonssjef som har både operativt og administrativt ansvar for alle tilsette på sin stasjon og inngår som ein del av leiargruppa i politidistriktet.[2]

Politistasjonssjefar er som regel politiinspektør og er polititenestemenn med anten politifagleg utdanning eller juristutdanning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Grindem, Karianne (30. september 2021). «Nå er omleggingen fra lensmann til politistasjonssjef i gang». www.politiforum.no (på norsk bokmål). Henta 11. desember 2022. 
  2. «Politiet i Rogaland – Politistasjonssjef». karrierestart.no (på norsk bokmål). Henta 11. desember 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Politistasjon
Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.