Rakett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rakettar på romferja Atlantis.

Ein rakett er ein farkost som oppnår framdrift ved hjelp av ein forbrenningsmotor. Ein rakettmotor forast med brennstoff og oksidasjonsstoff. Båe er som oftast medbrakt i nærleiken av rakettmotoren og som ein del av farkosten. Framdrifta til raketten kjem av at stoff (oftast eksosgass) vert slynga bakover. Dei tidlegaste formene av rakettar vart nytta til å skyta opp fyrverkeri med. Under den andre verdskrigen nytta Tyskland rakettar til å bombe allierte mål. Etter verdskrigen byrja ein å nytte rakettar til å skyte opp romfarkostar ut i verdsrommet. Rakettmotoren kan nyttast i tilnærma lufttomt rom, som i verdensrommet, fordi både brennstoff og oksidasjonstoff er medbrakt. Ein jetmotor nyttar luft som oksidasjonsstoff og kan difor ikkje nyttast utanfor atmosfæren.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.