Representasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit kinesisk teikn som representerer det abstrakte omgrepet «harmoni».

Representasjon er eit omgrep som vert nytta om det å stå i staden for noko anna. Eit skriftteikn kan til dømes representera ein ting, ein tanke, ei hending og så vidare. Eit trafikkskilt kan representera ein fare, eit påbod og så vidare.

Ein tilsett i eit føretak kan representera føretaket og tala på vegne av det. Han er då ein «representant» for føretaket. Ein ambassadør representerer landet som har sendt han ovanfor myndigheitene i eit framand land. Når ein representant for eit føretak vitjar eit anna føretak vert det kalla eit «representasjonsbesøk».

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]