Retrofleks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Retrofleks artikulasjon

Ein retrofleks språklyd blir uttala med innsnevring mellom apex (tungespissen) eller sublamina (undersida av tungebladet) og munntaket, i området frå postalveoli til prepalatum. Retroflekse lydar kan òg kallast apikal-postalveolare eller sublaminal-prepalatale. I IPA-lydskrifta finst desse symbola for retroflekse konsonantar:

  • [ʈ] – ustemd retrofleks plosiv, som i austlandsk uttale av rt i ert
  • [ɖ] - stemd retrofleks plosiv, som i austlandsk uttale av rd i gardin
  • [ɳ] - stemd retrofleks nasal, som i austlandsk uttale av rn i korn
  • [ʂ] - ustemd retrofleks frikativ, som i austlandsk uttale av rs i vers
  • [ʐ] - stemd retrofleks frikativ
  • [ɽ] - stemd retrofleks flapp (tjukk l), som i austlandsk uttale av l i Ola
  • [ɻ] - stemd retrofleks median approksimant, som i kinesisk (mandarin) uttale av r i rén 人 'menneske'
  • [ɭ] - stemd retrofleks lateral approksimant, som i austlandsk uttale av rl i ærleg

Retroflekse vokalar blir merkte i IPA-transkripsjonen med det diakritiske teiknet [ ˞ ]:

  • [ɚ] – midtre, sental, urunda retrofleks vokal, som i amerikansk engelsk uttale av ir i bird 'fugl'

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Utan presise data rekner ein med at rundt 20 % av språka i verda inneheld ei eller annan form for retroflekse språklydar.[1] Rundt halvparten av desse inneheld berre retrofelkse kontinuantar, medan resten har både lukkelydar og kontinuantar.

Ein finn særleg retroflekse lydar i sørasiatiske språk, særleg innan indo-ariske og dravidiske språk, men også i andre språkfamiliar som mundaspråk og burushaski. Dei finst også i ein del andre asiatiske språk som mandarin-kinesisk, javanesisk og vietnamesisk.

Retroflekse språklydar er også konsentrerte i australske språk og språk frå Vest-Stillehavet (særleg Ny-Caledonia). Her har dei fleste språk retroflekse plosiv, nasalar og approksimantar.

I europeiske språk er retroflekse lydar nokså uvanlege, men dei finst i norsk og svensk og, berre med sibilantar, i færøysk. Dei opptrer også i fleire slaviske språk (polsk, russisk, serbokroatisk, slovakisk og sorbisk og i visse søreuropeiske språk, som sardisk, siciliansk, kalabresisk og visse asturianske dialektar.

Den retroflekse approksimanten /ɻ/ er ein allofon for den alveolare approksimanten /ɹ/ i mange dialektar av amerikansk engelsk, særleg i dialektar frå Midtvesten.

På norsk og svensk kan r følgd av ein koronal konsonant bli erstatta av den retroflekse språklyden som svarar til den koronale lyden, til dømes kan ein uttala namnet Martin som ˈmaʈːɪn (svensk) eller ˈmɑʈːin (norsk), og nord som [nuːɖ]. Dette kan førekoma for fleire konsonantar som følgjer ein r, som i Hornstull, uttalt [huːɳʂˈʈɵlː]).

På eit indisk språk som tamil kan retroflekse og ikkje-retroflekse lydar danna minimale par, som i orda கடை (kəɖəj), 'butikk' og கதை (kəd̪əj), 'soge'.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ian Maddieson (with a chapter contributed by Sandra Ferrari Disner); Patterns of sounds; Cambridge University Press, 1984. ISBN 0-521-26536-3