Ringsel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ringsel
Ringsel
Ringsel
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: VU Sårbar[1]Utbreiinga av ringsel
Utbreiinga av ringsel
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Overorden: Laurasiatheria
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Underorden: Caniformia
Familie: Ekte selar Phocidae
Slekt: Pusa
Art: Ringsel P. hispida
Vitskapleg namn
Pusa hispida

Ringsel eller snadd (Pusa hispida eller Phoca hispida) er ein sel som lever i arktiske og subarktiske strøk, sørover til norskekysten. Streifdyr kan vandra sør til Portugal, New Jersey og California. Han er òg påtruffen nær Nordpolen. Det finst òg ringsel i Bottenvika, i Ladogasjøen og i Saimen. Ringselen er om lag 115-136 cm lang og veg 40-65 kilo. Dei et små fisk og skaldyr og kan leva i opptil 50 år. Ringsel har vore ein viktig del av kosthaldet for arktiske folkeslag sidan det kom menneske til området og det vert framleis fanga titusenvis av ringsel i året i Grønland og Canada. I Bottenvika, Ladogasjøen og Saimen er ringselen freda.[2] Folk som har avlagt jegerprøve og storviltprøve kan jakta på ringsel på Svalbard utanom naturreservat i jakttida.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Artsomtale: Ringsel Pusa hispida». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 19. juni 2022. 
  2. Lowry, L. 2016. Pusa hispida. The IUCN Red List of Threatened Species 2016: e.T41672A45231341. https://dx.doi.org/10.2305/IUCN.UK.2016-1.RLTS.T41672A45231341.en
  3. «Seljakt (ringsel og storkobbe) på Svalbard». inatur. Henta 19. juni 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Ringsel