Romsonden Phoenix

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Teikning av korleis det såg ut då Phoenix avfyrte landingsrakettane
Eit av dei fyrste bileta sende frå Phoenix viste polygonmark.
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Phoenix (fleirtyding).

Phoenix var ein romsonde og del av Mars Scout-programmet til NASA. Han vart skoten opp den 4. august 2007, og landinga nær polområdet i Vastitas Borealis på Mars vart stadfest vellukka den 26. mai 2008.[1] Siste signalet frå Phoenix vart motteke 2. november 2008, og åtte dagar seinare, 10. november, vart sonden erklært tapt av NASA.[2] Då hadde sonden vore operativ på Mars i meir enn fem månader.[2]

Landinga til Phoenix er den sjette vellukka landinga på Mars og var den fyrste marssonden som nytta motorisert nedstiging sidan Viking-sondane tidleg på 1970-talet.

Prosjektet var leitt av Lunar and Planetary Laboratory ved Universitetet i Arizona under styring av NASA. Alt i alt var prosjektet eit samarbeid av universitet frå USA, Canada, Sveits, Danmark og Tyskland, NASA, Den kanadiske romfartsorganisasjonen og private selskap frå luftfartsindustrien.

Vitskaplege mål[endre | endre wikiteksten]

Robotarmen til Phoenix framfor det lokale terrenget i Vastitas Borealis. Solcellepanela kan sjåast nede til venstre.

Ferda hadde to mål:

  1. studera den geologiske historia til vatnet i området, slik at ein kan få informasjon om tidlegare klimaforandringar på Mars
  2. finna prov for ei eventuell leveleg sone i grensa mellom jord og is der mikrobar kan eksistera.

Instrumentpakka på Phoenix var i stand til å avdekkja informasjon om den geologiske historia til nordpolregionen på Mars, og ei eventuell biologisk historie. Sidan Phoenix var den første ferda til å returnera data frå overflata i polarområda kom Phoenix med eit sterkt bidrag til Mars-strategien hjå NASA: «Fylg vatnet». Marspolane inneheld store mengder vassis.[3][4]

Landar[endre | endre wikiteksten]

Ein valde ein landar i staden for ein marsrover, av di:

  1. Kostnadene vart reduserte når ein kunne bruka utstyr frå ein romsondeferd som vart avlyst
  2. Ein trur at området der Phoenix landa er lite variert, difor er det av liten verdi å ha eit mobilt laboratorium.
  3. Utstyrsvekta som trengst for å gjera Phoenix mobil kan i staden brukast på fleire og betre vitskaplege instrument

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «NASA's Phoenix Spacecraft Lands At Martian Arctic Site» - Pressemelding på nettsida til Universitet i Arizona
  2. 2,0 2,1 «Mars Phoenix Lander Finishes Successful Work on Red Planet» - Pressemelding frå NASA i samband med at Phoenix vart erklært tapt.
  3. «Found it! Ice on Mars» Arkivert 2008-05-10 ved Wayback Machine. - Offisiell pressemelding frå NASA (28. mai 2002). Vitja 20. juni 2008.
  4. «Mars Express radar gauges water quantity around Mars’ south pole» - Offisiell pressemelding frå ESA (15. mars 2007). Vitja 20. juni 2008.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]