Ryggsøyle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ryggsøyla til mennesket sett frå sida.

Ryggsøyla (frå latin columna vertebralis, 'søyle i ryggen'), ryggrada eller virvelsøyla er bygd av små enkeltknoklar kalla virvlar. Ryggsøyla er kjenneteiknet på ryggbeinsdyra. Talet på ryggvirvlar varierer frå art til art. Kvar virvel er bygd opp av ei massiv, nesten sylinderforma beinblokk. Ho er flat på over- og undersida, der ho ligg mot ei bruskskive. Fordi søylene har mange virvlar og ikkje berre éin stiv knokkel gjev ryggsøyla stor rørslefridom.

Ryggsøyla i menneske[endre | endre wikiteksten]

Røntgenbilde av nedre delen av ryggrada hjå eit menneske. Mellomvirvelskivene visar som «tomrom» mellom ryggvirvlane. Nest nedste lendevirvel, L4, er knekt etter eit fall.

Ryggsøyla er mellom anna halden opp av ryggmuskelen m. erector spinae.

Menneske har normalt 33-34 virvlar: