Seng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skuvseng i furu frå 1800-åra, frå Verdal i Nord-Trøndelag.
Foto: Haakon Harriss, Norsk Folkemuseum, NF.1930-0417
Kvile eller stolpeseng datert 1698 frå Valle i Setesdal.
Foto: Norsk Folkemuseum, NF.1911-0631
Himmelseng laga i bjørk og furu på midten av 1800-talet frå Eidsvoll i Akershus. Lengd 182 cm.
Foto: Haakon Harriss Norsk Folkemuseum, NF.1924-0483
Køyesenger i fleire etasjar ombord i det amerikanske hangarskipet USS «Hornet» (CV-12)

Seng (av norrønt sæ[i]ng[1]) er eit liggemøbel som primært vert brukt til å kvila på og sova i. Senger er vanlegvis utstyrte med stoppa madrass og sengetøy. I eldre tid hadde ein naturmateriale som halm eller høy i sengene staden for madrass. Velståande folk hadde sengetøy fylt med fjører.

Sengetypar[endre | endre wikiteksten]

Det finst ei rekkje ulike sengetypar, mellom anna desse:

  • Enkeltseng
Seng laga for éin person. Ei enkeltseng kan ofte ha ei ramme av tre eller metall med ein eller fleire madrassar oppå. Ho lan òg ha ein rammemadrass, det vil seia ein madrass der sengeramma er bygd inn i sjølve madrassen, i staden for at madrassen ligg laust over sengeramma.
  • Dobbeltseng
Brei seng med plass til to personar, hovudsakleg brukt av par.
Utgangspunktet er den hollandske renessansesenga med hjørnestolpar som raga opp over senga. Til desse stolpane var det festa både forheng og overheng. I staden for draperi kan det byggjast tak over senga.
  • Skapseng
Nemninga vert brukt både om innebygde senger der sengerommet kan lukkast av med ei eller to dører (ofte laga som eit kombinasjonsmøbel med skap i tverrenden) og om møblar der sjølve senga på dagtid kan slåast opp og vert lukka inn i eit skap.
  • Kvile
Ei kvile (norrønt hvíla, «seng») eller stolpeseng er i eldre norske bustadhus på bygda ei kort, brei og høg seng. Stova hadde som regel ei kvile i to hjørne, slik at veggane danna to sider av senga. Fotenden og den andre langsida er laga av breie plankar. Typen gjekk tilbake til mellomalderen, men kviler har vore bruk i Setesdal heilt opp til 1800-talet.
  • Skuvseng
Seng med karmar og tverrbrett som kan trekkjast ut til dobbel breidd. Skuvsenger var mykje brukt på bygdene i Noreg på 1800-talet, og var særleg populære i Trøndelag. Dei kan ha målt dekor og har ofte namn på eigarar på framsida.
  • Køyeseng
Køyeseng er ei etasjeseng der dei sovande ligg som i enkeltsenger stabla over kvarandre. Ei slik seng er praktisk på stadar der golvplassen er avgrensa i tilhøve til mengda menneske som skal ha soveplass. Køyesenger vart eit populært møbel på barnerom frå 1950-åra. Sengehest vert ofte nytta i den øvste senga i ein køyeseng for å hindra at ein fell ut.
  • Sovesofa
Eit kombinasjonsmøbel som kan fungera som sofa om dagen, og foldast eller trekkast ut til ei enkelt- eller dobbeltseng når ein treng henne.
I ei vass-seng er madrassen fylt med vatn som held kroppstemperatur. Vatnet blir varma opp med eit element og temperaturen blir kontrollert ved hjelp av ein elektronisk termostat. Nokre vasssenger er bygd slik at dei dempar bølgjer, medan andre vasssenger er udempa.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «seng» i Nynorskordboka.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Seng