Senit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Senit og nadir

Senit er eit omgrep for punktet som er loddrett over observatøren, altså ei retning som går langs ei linje perpendikulær eller ortogonal til punktet. Sidan uttrykket over i seg sjølv er noko uklart i denne samanhengen, har forskarar definert senit på ein litt annan måte. Særleg i astronomi og geofysikk (som meteorologi) vert senit definert som den lokale vertikale retninga som peikar i motsett veg i forhold til tyngdekrafta på staden.

Den vertikale retninga som peikar same veg som tyngdekrafta vert kalla nadir.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Senit vert brukt i fleire vitskaplege samanhengar:

  • Senit vert brukt som referanseretninga for å måle senitvinkelen, som er vinkelen mellom i linje til eit punkt på himmelen (t.d. ei stjerne) og til det lokale senitpunktet.
  • Det definerer ein av aksane i eit horisontalt koordinatsystem innan astronomi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Huschke, Ralph E. (1959) Glossary of Meteorology, American Meteorological Society, Boston, Second printing-1970.
  • McIntosh, D. H. (1972) Meteorological Glossary, Her Majesty's Stationery Office, Met. O. 842, A.P. 897, 319 p.
  • Picoche, J. (1992) Dictionnaire Etymologique du Français, Le Robert, Paris, ISBN 2-85036-458-4.