Sjekk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjekk frå Rhodesia frå 1940.

Ein sjekk er ei skriftleg oppmoding til ein bank om å utbetale ein viss sum pengar til den personen som har sjekken i hende. Sjekken kan overdragast etter fastsette reglar, dette vert kalla eit endossement. Ein kryssa sjekk er ein vanleg sjekk som det er sett to skrå, nesten vertikale, parallelle linjer over. Ein kryssa sjekk vil ikkje kunne overdragast til andre, men må utbetalast direkte til mottakaren eller setjast inn på bankkontoen hans.

Lov om chekker frå 1932 regulerer bruken av sjekkar i Noreg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne økonomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.