Slåmaskin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kverneland Taarup rotorslåmaskin.

Slåmaskin er ei jordbruksmaskin som vert nytta for å slå gras, men ho kan òg nyttast for andre vekstar, som korn. Hestedregne slåmaskiner kom på marknaden i siste halvdelen av 1800-talet. Desse hadde alle ei att-og-fram-gåande knivstong som slo graset, med drift frå hjula på slåmaskina. Då traktorane utover 1930-talet vart utstyrte med luftgummihjul og kraftuttak gjekk mange over til å nytta traktor i staden for hest. Sidemonterte slåmaskinar var lenge utbreidde, men etter kvart tok trepunktsmonterte maskiner over. I dag er sokalla rotorslåmaskinar så godt som einerådande, med unnatak av nokre små maskiner.

Hesteslåmaskinar med knivbjelke[endre | endre wikiteksten]

Hesteslåmaskin dregen av ei fjordamerr.
Gamal hesteslåmaskin.

Slåmaskiner for gras har mykje til felles med sjølvavleggarane. Etter som sjølvavleggarar er meir kompliserte enn reine slåmaskiner kan det tykkjast naturleg at sjølvavleggarane var ei vidareutvikling av slåmaskinene, men utviklingsrekkefylgja var den motsette. Dei fyrste knivbjelkane var utvikla for å skjera av kornaks og høvde ikkje for gras. Det var Obed Hussey som midt på 1850-talet utvikla ein knivsbjelke som kunne nyttast både for korn og gras[1][2]. Han nytta trekanta knivar som låg an mot plane flater i fingrane som skilde og heldt fast aksa/grasstråa. Dei trekanta knivane var kvesste på begge sider og kutta i begge retningar når knivstonga gjekk att og fram. Hussey utvikla rett nok knivbjelken for å slå korn, men det synte seg at maskina hans òg kunne nyttast for å slå gras[3]. Dei fyrste maskinane som kunne slå gras var difor ikkje reine slåmaskinar, men sjølvavleggarar med knivbjelkar som òg kunne nyttast for gras. Etter kvart vart knivbjelkane gradvis forbetra og maskiner spesialiserte for gras vart marknadsførte. S. Hull, til dømes, fekk i 1862 patent på ei forbetring av knivbjelken til Hussey[4]. Avstanden mellom knivane var 70-80 mm, oftast 78 mm[5].

På begge endar av knivbjelken var det ein liten meie som held avstanden til marka konstant. Meiane var bøydge litt oppover i framkant, for at dei ikkje skulle køyra seg fast i jorda. På ytste enden av knivbjelken var det stråskiljar og ei avleggjarfjøl som la det slegne graset litt inn frå kanten av det som stod att.

Knivbjelken var hengsla til ramma på maskina og kunne lyftast med ei spak frå setet når ein kom til enden av ekra og skulle snu, eller for å unngå å køyra knivane fast i tuver eller jordfast stein. For at det ikkje skulle vera for tungt å løfta knivbjelken var han delvis løfta av ei fjør. Hjula på maskina dreiv akslingen som gjekk gjennom dei, kalla «hovudakslingen». Denne dreiv så ein «mellomaksling» via ei tannhjulsutveksling, for å auka turtalet. Mellomaksling dreiv i sin tur «kumtappakslingen», som var plassert normalt (90 °) i høve til mellomakslingen, via eit vinkeldrev som ytterlegare auka turtal. I fremre enden på kumtappakslingen sat det eit lite svinghjul, med ein krumtapp (ein eksentrisk plassert bolt), som dreiv ei veivstong, som var festa til knivstonga med eit ledd, slik at knivstonga fekk ei oscillerande att-og-fram-rørsle. Dette leddet var naudsynt for at knivbjelken skulle få høve til å følgja ujamnheiter i marka, og for at ho skulle kunna lyftast opp under transport. Dei to gira var heilt innekapsla og gjekk i oljebad. Når ein svinga krapt fekk hjulet i innersvingen svært lite turtal; det kunne til og med stoppa heilt opp. For å sikra drift av knivstonga i sving dreiv dei to hjula på maskina hovudakslingen via frihjulskoplingar av skralletypen. Det var difor hjulet i yttersving - som hadde størst turtal - som driv knivstonga når ein svinga. Skrallekoplinga førte til ein karakteristisk kneppelyd når ein svinga krapt, eller når maskina vart køyrd attover.

Knivbjelkemaskinar for traktor[endre | endre wikiteksten]

Sidemontert slåmaskin i transportstilling, montert på ein Fendt Dieselross.
Trepunktmontert slåmaskin i transportstilling.

Utover 1930-talet vart det vanleg at traktorane var utstyrte med luftgummihjul, slik at dei kunne nyttast på eng. Dei fyrste slåmaskinene for traktor var slepemaskinar og dei var så godt som like med hestemaskinene, men skjækene var bytta ut med eit drag tilpassa traktor. Ofte var draget utstyrt med ein brytepinne, som gjekk av om ein køyrde fast i ei tuve, ein jordfast stein eller eit gjerde[6]. På små bruk vart det for dyrt å kjøpa ny slåmaskin, så skjækene på hestemaskina vart ofte erstatta med eit heimelaga drag for traktor.

I siste halvdelen av 1920-talet og utover 1930-talet vart mange traktorar utstyrte med kraftuttak. Utover 1930- og siste halvparten av 1940-talet vart det produsert slåmaskinar drivne frå kraftuttaket, noko som gjorde det mogleg å auka hastigheita på knivane. Ei rotasjonshastigheit på 800-1000 o/min på veivakselen på slåmaskina var vanleg[7].

I byrjinga var det vanleg å plassera slåmaskina på sida av traktoren, og mange - spesielt tyskproduserte traktorar - hadde eit midtmontert kraftuttak for å driva slåmaskina, ofte via kilereimer. Engelskproduserte traktorar hadde vanlegvis ikkje kraftuttak på midten, så ein måtte nytta overføring frå kraftuttaket bak. Sidemontering hadde den føremonen at føraren ikkje trong å vri seg rundt for å fylgja med på korleis maskina arbeidde. Det var heller ikkje naudsynt å fjerna maskina når traktoren vart nytta med bakmontert reiskap. Men sidemontering hadde den ulempa at kvar einskild traktor måtte ha spesialtilpassa feste for slåmaskina. Av/på-montering kunne òg vera noko tungvint, så maskinene vart ofte ståande på traktoren heile sumaren. Det var vanleg med brytepinne på feste til knivbjelken, slik at han ikkje vart øydelagt om ein køyrde ho fast. Midtmonterte slåmaskiner var svært utbreidd i Tyskland og mange av desse vart importerte til Noreg på 1950-talet.

Då det vart vanleg med trepunktsoppheng tok mange produsentar til å produsera slåmaskinene tilpasse dette. Etter som dimensjonane på trepunktsopphenget og kraftuttaket var standardiserte kunne alle slåmaskiner nyttast saman med alle traktor som var produserte i samsvar med standardane. Når ein lyfta maskina med trepunktsopphenget vart knivbjelken lyfta noko meir i ytre enden, slik at ho ikkje subba nedi marka medan ein snudde traktoren. Trepunktsmonterte slåmaskinar var den dominerande typen på 1950- og 1960-talet, og dei vart produserte til litt innpå 1980-talet. I Noreg var svenske maskiner, produserte av Arvikaverken og Westeråsmaskiner, utbreidde.

Rotorslåmaskinar[endre | endre wikiteksten]

Rotorslåmaskin av sylindertypen for montering i trepunktsopphenget.
Her er knivane synlege.
Rotorslåmaskin av skivetypen, med beskyttelsesdekslet fjerna. Denne maskina har òg vertikale knivar som hakkar opp graset.

Dei fyrste rotorslåmaskinene vart utvikla tidleg på 1950-talet[6], men dei fekk ikkje så stor utbreiing før på 1960- og 1970-talet. Dei tok gradvis over for maskiner med knivbjelke, men begge typane var i sal samstundes heile 1970-talet og litt innpå 1980-talet.

Desse maskinane har to, eller fleire, roterande sylindrar eller skiver, med tre, fire, eller fleire, knivar som kuttar graset. Knivane er hengsla i periferien på sylindrane/skivene, og på grunn av sentrifugalkrafta står dei radialt ut frå sylindrane/skivene når desse roterer med stor hastigheit. Glemmestad[8] gjev opp den lineære hastigheita til knivane er 60-80 m/s, medan Culpin[7] nemner 77-92 m/s. Rotorslåmaskinene er meir effektkrevjande enn tradisjonelle slåmaskiner med knivbjelke.

Det er ofte eit partal med sylindrar/skiver, som roterer i motsett retning til kvarandre, slik at graset blir liggande i vålar. Talet på vålar blir da halvparten så stort som talet på sylindrar/skiver. Om ein ynskjer å samla alt graset i ein vål lyt ein nytta maskinar med berre to sylindrar/skiver, så diameteren på desse må vera større enn om det er fleire av dei.

Rotormaskiner av sylindertypen vert drivne av overliggande kilereim, men tannhjulsdrift har òg vore nytta. Maskiner av skivetypen vert drive frå undersida, som oftast med tannhjuloverføring[8]. Rotormaskiner er drivne frå kraftuttaket på traktoren.

Nokre maskiner har vertikale knivar attom skivene, som kuttar opp graset i mindre bitar for at det skal tørka snøggare. Etter kort tid kan det då pressast til rundballar.

Slagslåmaskiner er enda ein ein variant av rotorslåmaskiner. Dei har ein slagtrommel med slagjarn som sler graset, på same vis som ein forhaustar. Men i staden for å verta blese opp i ein tilhengar blir graset lagt ned på marka for tørking. Desse maskinene er uvanlege i Noreg[8].

Motorslåmaskiner[endre | endre wikiteksten]

Aebi motorslåmaskin.

Motorslåmaskiner er små sjølvgåande slåmaskiner, vanlegvis av knivbjelketypen. Dette er maskiner som blir nytta berre som slåmaskiner. Men det finst òg slåmaskinar for tohjulstraktorar og desse er ofte svært like motorslåmaskinar. Motorslåmaskiner er utbreidde på små brattlendte bruk, i frukthagar og andre stader der det er vanskeleg å koma til med større maskiner. Spesielt i Alpane er dei mykje nytta, og mange av produsentane held til i Sveits (Aebi, Rapid), Tyskland (Agria) og Italia (BCS). Motorslåmaskiner har òg vore utbreidde i Noreg, spesielt i dei brattlende lutane av Hordaland og Sogn og Fjordane.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. O. Hussey, Reaping and mowing machine, US Patent nr 5,227, 7. aug. 1847.
  2. O. Hussey, Improvements in reaping-machine, USRE449, tillegg til US Patent nr 5,277, 14. april 1857.
  3. G. Quick og W. Buchele, The grain harvesters, American Society of Agricultural Engineers, 1978
  4. S. Hull, Harvester cutter, US Patent nr 37,+73, 2. des. 1862.
  5. N. Balle, Maskinbog for landmænd, Teknologisk institutts forlag, 1929.
  6. 6,0 6,1 B. Bell, Fifty years of farm machinery - From starting handle to microchip, Farming Press, 1993.
  7. 7,0 7,1 C. Culpin, Farm machinery, Granada, 10. utg. 1981.
  8. 8,0 8,1 8,2 E. Glemmestad, Maskiner i landbruket, Landbruksforlaget, 1974.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]