Sokneprest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein sokneprest er ein prest med ansvar for å leie prestetenesta i eit sokn innan kyrkja.

I Den norske kyrkja vert sokneprestar tilsette av bispedømmerådet med prostiet som tenestedistrikt og eit eller fleire sokn som særskilt arbeidsområde. Presten står under tilsyn av ein biskop, og har prosten som næraste overordna. Soknepresten kan vere overordna ein kapellan. Soknepresten leier prestetenesta i soknet eller sokna han har som sitt særskilte arbeidsområde. Her har han eller ho òg ansvaret for samordning med verksemda i soknerådet. Soknepresten har ansvar for å føre kyrkjebok. Soknepresten har buplikt i prestebustad i soknet.

Ein ordinert prest i den norske kyrkja må, om han ikkje er tilsett i offentleg kyrkjeleg prestestilling i prostiet, ha samtykke frå soknepresten på staden – eventuelt frå prosten eller biskopen – om han vil halde gudsteneste eller forrette ei kyrkjeleg handling.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]