Språktabu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Språktabu er avgrensingar av språkbruk på grunn av ulike tabu. Det kan visa til forbod mot visse ord eller ordgrupper, ofte fordi dei viser til noko som har samband med eit tabu, namnetabu som gjer at ein ikkje kan omtala noko med namn, sensur av visse ord eller tankar, eller forbod mot å bruka eit einskild språk eller ein språkstil.

Kva som kan føra til språktabu[endre | endre wikiteksten]

Tabuemne[endre | endre wikiteksten]

Ord omfatta av språktabu har ofte samanheng med det som er tabu i det verkelege livet, og gjeld dermed gjerne det opphøgde og heilage, eller det motsette, det låge og skitne. Tabu som gjeld til dømes gudar, makthavarar, sex og avføring kan føra til at det oppstår språktabu i form av forbodne ord som «JHVH» eller banneord som «fitte» eller «bæsj».

«Don't mention the War!»

Basil Fawlty (spela av John Cleese)
«The Germans» i fjernsynsserien Fawlty Towers
Hotelleigaren Basil Fawlty slit med å halda tabuet mot å nemna tysk nazisthistorie når han får tyske gjestar.

Vanskelege eller omstridde emne kan også føra til at ein unngår visse ord og uttrykk, eller at ein ikkje snakkar direkte om emnet. Dette kan mellom anna gjelda stridstema som rase, visse historiske hendingar, funksjonelle avvik (ofte funksjonshemmingar) eller død.

Både dødsfall og det å døy kan omfattast av fleire ulike språktabu. For mange kan framtidig død omfattast av tabu fordi ein meiner det kan mana fram ulukka å omtala henne, eller fordi det kan framkalla vonde kjensler å tenka seg at nokon skal døy. At nokon har døydd kan føra til at namnet deira blir tabu, for alltid eller for ei avgrensa tid. I mange tilfelle vil dette også seia at ord som er like namnet blir tabuord. Ein finn døme på dette særleg blant urfolk i Oseania og Amerika.

Menneske[endre | endre wikiteksten]

Mellommenneskelege tilhøve påverkar i stor grad korleis ein taler. Slektskap, kjennskap, sosial rang og død er døme på tilhøve som kan skapa eller oppheva tabu.

Fleire samfunn har reglar som gjer at visse slektningar er omfatta av tabu. Desse kan seia at det vanlege ordforrådet er tabu og at ein må nytta spesielle ord for vanlege ting når den forbodne er innan høyrevidde. Dette gjeld særleg blant australske aboriginar, der ein også har nytta teiknspråk for å oppfylla taburegelen. Språk som har slike reglar er kjende som «svigermorspråk», fordi svigermødrer ofte er omfatta av slike tabu.

Den sosiale og religiøse stillinga til samtalepartnarar kan også føra til at slike språkreglar bryt inn. Desse kan påverka ordval av til dømes personlege pronomen (som høfleg «de/vous/Sie» eller familiært «du/tu/du») eller meir omfattande delar av språket, eller dei kan gjera nokre typar ord til tabu. Mange vil til dømes sjeldan banna overfor besteforeldra sine, eller bruka for mange kameratslege uttrykk overfor ein overordna eller arbeidsgjevar. På eit språk som balinesisk finn ein tre svært ulike språkstilar — høg, som blir brukt til prestar og andre folk med høg status, låg, som ein bruker med folk ein står nær og/eller ein ikkje treng visa respekt, og mellom, som ein bruker elles.[1]

Samfunnstilhøve[endre | endre wikiteksten]

I nokre tilhøve kan språk vera bakgrunn for eller del av ein strid mellom ulike grupper. Dette kan somme tider føra til at einskilde språk blir tabuområde. Det kan bli forbode eller uglesett å snakka dei offentleg, på visse stader eller i visse samanhengar.

Det finst mange tilfelle av at fleirspråklege samfunn prøver å skapa ein meir einheitleg kultur ved å hindra bruken av mindretalsspråk. Dette gjeld til dømes samisk, som var forbode i norske skular frå rundt 1850 til rundt 1950; katalansk, som var utestengd frå offentleg liv i Spania under Franco-tida, og kurdisk, som er forbode eller avgrensa i Syria, Tyrkia og Iran.

Religion[endre | endre wikiteksten]

I samband med religion skjer det ofte at tradisjonen gjer at ein bruker eit meir gammaldags eller eit anna språk enn det daglege. Å bruka eit språk som ligg nærare daglegtalen i heilage tekstar og handlingar kan møta motstand og bli oppfatta som tabubrot. Innan islam er det rekna som umogleg å omsetja Koranen til noko anna enn arabisk — ei omsetjing er ei tolking som ikkje lenger inneheld den guddommelege bodskapen ein finn i Koranen.[2] Fleire norske bibelomsetjingar har møtt motstand når dei har endra språket ein er van med til nyare formuleringar.[3] Også endringa av Den tridentinske messa frå latin til hovudsakleg lokale språk innan den katolske kyrkja i 1962 møtte stor motstand frå folk som ønska å halda på det tradisjonelle språket.[4]

Bruk og brot av tabu[endre | endre wikiteksten]

Å unngå tabuord og -emne hjelper til med å unngå friksjon i dagleglivet, anten tabuet gjeld ein familie eller eit større samfunn. Dei aller fleste følgjer ei eller anna form for språktabu, gjennom til dømes å ikkje bruka tabuord, ikkje nemna tabuemne, og læra opp andre i kva som er tabu, særleg gjennom barneoppseding. Styresmakter kan også handheva språktabu gjennom lovverk og sensur.

Å bryta tabuet kan vera ein provokasjon for å få merksemd rundt seg sjølv eller eit emne. Til dømes braut feministar1990-talet medvite tabu mot å nemna kvinnelege kjønnsorgan gjennom verk som The Vagina Monologues eller Fittstim. Historieverk kan ta opp tema som tidlegare har vore tabu, til dømes handsaminga av tyskarungar eller kritikk av den norske motstandsrørsla under andre verdskrigen, og dermed betra forståinga av fortida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Benjamin Victor: User-Friendly Guide to Spoken Balinese
  2. «The Noble Qur'an» Arkivert 2007-10-18 ved Wayback Machine. ved University of Southern California
  3. Jostein Stokkeland i Norsk Språkråd: Kjelda som aldri tryt – tankar som betre bibelspråk
  4. BBC: «What is the Tridentine Mass?», lese 2. februar 2008