Suverenitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Suverenitet, sjølvråderett eller sjølvstyre viser til det å ha sjølvstendig makt over eit visst sjølvstendig område. Tradisjonelt viste omgrepet til den øvste makta til ein fyrste, seinare gjekk det over til den upersonlege statsmakta, og under opplysingstida oppstod tanken om folkesuverenitet, der viljen til folket skal ha suverenitet.

Suveren stat[endre | endre wikiteksten]

Ein kan rekna ein stat for å ha folkerettsleg suverenitet om dei statlege organa kan handla direkte med andre statar, inngå traktatar og ha ansvarstilhøve ved rettsbrot.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«suverenitet – jus» i Store norske leksikon, snl.no.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.