Tiger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tiger
Bengaltiger Panthera tigris tigris i Rajasthan
Bengaltiger Panthera tigris tigris i Rajasthan
Utbreiing og status
Status i verda: EN Sterkt trugaUtbreiinga av tiger
Utbreiinga av tiger
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Underorden: Feliformia
Familie: Kattefamilien Felidae
Underfamilie: Pantherinae
Slekt: Store kattedyr Panthera
Art: Tiger P. tigris
Vitskapleg namn
Panthera tigris
Underartar

Tiger er eit stort rovdyr som lever i ymse skogområde i Asia. Det er det største av kattedyra, og kan drepa husdyr og menneske. I løpet av det siste hundreåret har 94 % av alle verdas tigrar forsvunne, og det finst truleg berre 5 000-7 000 ville tigrar igjen. Nokre underartar er utrydda, og artar er rekna som truga.

Kvite tigrar i dyrehagen i Singapore som drikk vatn.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Det finst åtte ulike underartar av tigrar, og dei varierer i storleik. Den største, sibirtigeren (Panthera tigris altaica), har ei kroppslengde mellom 270 og 310 cm og ei vekt på opptil 260 kg. Dei minste variantane, som lever i Indonesia, veg så lite som 100 kg og er ikkje lengre enn 220-270 cm.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Dei ulike tigerunderartane lever i isolerte populasjonar i fleire asiatiske land, mellom anna India, Mandsjuria, Bangladesh, Burma, Nepal, Kina og Indonesia. Dei største førekomstane av tigrar finst i mangroveområdet Sundarbans i India og Bangladesh, der det held til over 3000 bengaltigrar.

Leikande malaysiatigerungar.

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Tigeren lever åleine i store territoriar, og har berre kontakt med andre tigrar i paringstida. Han er hovudsakleg nattaktiv, og lever for det meste på store pattedyr han angriper bakifrå eller frå sida. Menneskeetande tigrar finst berre unntaksvis; det handlar då oftast om skadde eller eldre individ som ikkje er i stand til å jakta på dei vanlege byttedyra.

I kulturen[endre | endre wikiteksten]

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet «tiger» er avleidd frå latin tigris som er lånt frå klassisk gresk τίγρις, 'tigris'. Dette igjen er eit lånord av ukjend opphav som kan visa til både dyret tiger og elva Tigris.[1] Opphavet kan ha vore det persiske tigra, som tyder 'skarp' eller 'spiss', og avestisk tigrhi som tyder 'pil', sjølv om ein ikkje kjenner til at desse orda har tydingar som er knytte til tigrar.[2]

Symbolsk bruk[endre | endre wikiteksten]

Tiger er eit av dyra framstilkt på Pashupati-seglet frå Induskulturen. Tigeren var emblemet til Tsjolariket og blei avbilda på myntar, segl og banner.[3] Tigersymbolet til Tsjolariket blei seinare teke i bruk av Dei tamilske tigrane (LTTE) på Sri Lanka, og tigeren blei brukt som symbol på den sjølvutropte staten Tamil Eelam og den tamilske sjølvstenderørsla.[4] Bengaltiger er nasjonaldyret til både India og Bangladesh.[5] Malaysiatiger er nasjonaldyret til Malaysia.[6] Sibirtiger er nasjonaldyret til Sør-Korea.

Ein stilisert heraldisk tiger blei utvikla innan europeisk heraldikk. Dette vesenet skil seg frå verkelege tigrar ved at det ikkje har striper og halen har dusk, medan kjevene er store og spisse. Ei meir realistisk utgåve av tigeren blei teken inn i heraldikken då Det britiske imperiet trengde inn i Asia, og denne blir gjerne kalla bengaltiger for å skilja han frå den eldre versjonen. Bengaltigeren er ikkje utrbeidd i heraldikken, men finst i våpenet University of Madras.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Liddell, H. G.; Scott, R. (1940). «τίγρις». A Greek-English Lexicon, revised and augmented. Oxford: Clarendon Press. 
  2. Harper, D. (2001–2011). «Tiger». Online Etymology Dictionary. Etymonline.com. Henta 6 April 2014. 
  3. Hermann Kulke, K Kesavapany, Vijay Sakhuja (2009) Nagapattinam to Suvarnadwipa: Reflections on the Chola Naval Expeditions to Southeast Asia, Institute of Southeast Asian Studies, p. 84.
  4. Daya Somasundaram (11 February 2014) Scarred Communities: Psychosocial Impact of Man-made and Natural Disasters on Sri Lankan Society, SAGE Publications India, p. 73.
  5. «National Animal». Government of India Official website. Arkivert frå originalen 11. mai 2012. 
  6. DiPiazza, F. (2006). Malaysia in Pictures. Twenty-First Century Books. s. 14. ISBN 978-0-8225-2674-2. 
  7. Arthur Fox-Davies, A Complete Guide to Heraldry, T.C. and E.C. Jack, London, 1909, 191-192, https://archive.org/details/completeguidetoh00foxduoft.
  • Verdens dyr, Cappelen 1985

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tiger