Toppskarv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Toppskarv
Toppskarv
Toppskarv
Utbreiing og status
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Utbreiinga av Toppskarv
Utbreiinga av Toppskarv
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Sulefuglar Suliformes
Familie: Skarvefamilien Phalacrocoracidae
Slekt: Phalacrocorax
Art: Toppskarv P. aristotelis
Vitskapleg namn
Phalacrocorax aristotelis

Toppskarv (Phalacrocorax aristotelis) er ein sjøfugl som hekkar i koloniar. Fuglen høyrer til skarvfamilien.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Toppskarven finst i nordlege og vestlege Europa. I Noreg hekkar han i kystområde på Vestlandet, i Trøndelag og i Nordland.[2]

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Han er svart og ganske kort. Namnet kjem frå det karakteristiske hovudet som får ei særeigen «sløyfe» hos hannane i paringstida. Fuglen er derfor lett å skilje frå andre artar, men kan særleg vinterstid forvekslast med storskarv.

Levemåte[endre | endre wikiteksten]

Toppskarvegg

Hoa legg 2-3 lyseblå egg i mai. Begge foreldra rugar, rugetida er 30 dagar. Ungane vert mata med oppgulpa fisk. Dei blir i reiret i over 50 dagar.

Toppskarven overvintrar vanlegvis i Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av toppskarv Phalacrocorax aristotelis for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 14. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 14. mars 2022. Henta 14. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Toppskarv