Totempåle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Totempåle frå Ketchikan i Alaska.

Totempåle er ein trepåle med utskorne figurar som har tyding for eigaren. Vanlege motiv er totemdyr eller andre rituelle figurar. Dei vanlegaste totempålane blei reiste på strendene til minne om ein avdød høvding. På pålen kunne ein blant anna avbilda totemdyr frå klanen til den avdøde.[1]

Liknande strukturer finst hjå urfolk på vestkysten av Nord-Amerika, hjå maoriarNew Zealand og hjå ainuar i Japan/Russland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «totempåle». Nationalencyklopedin. 

Spire Denne kunstartikkelen som har med religion å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.