Treskjeverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Treskeverk)
Fig. 1: Treskjeverk.

Eit tresk(j)everk er ei maskin som tidlegare vart nytta for å skilja korn frå aksa. Denne artikkelen handlar om stasjonære treskjeverk, der energien som skulle til for å trekkja verket, vart overført med ei flatreim frå ei hestevandring, eit vasshjul, ei dampmaskin eller ein traktor. For eit oversyn over ulike treskjemetodar sjå artikkelen tresking.

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Treskjeverket[endre | endre wikiteksten]

Fig. 2: Oppbygging av treskjeverk.
Fig. 3: Ein god haust.

Maskina vart mata frå toppen, der det stod ein eller fleire mann og skar av banda på kornbanda. Kornbanda gjekk rett inn i treskjeverket, som bestod av ein roterande sylinder (slagaren), som i ein vinkel på noko under 180° var omslutta av slagbrua, figur 2. Kjernane vart skilde frå aksa ved at aksa vart gnidde mot kvarandre når dei passerte mellom slagaren og slagbrua. Periferihastigheita til slagaren var om lag 28 til 32 m/s. Slagbrua var ofte laga av radialt stilte kantstål. Avstanden mellom slagar og bru var stillbar og vart justert etter korntype, ramme, osb. Avstanden i framkant, der neka kom inn, var ofte 10 til 20 mm, medan avstanden i bakkant kunne vera berre 6 til 8 mm[1]. Liten avstand gav betre uttresking, men førte òg til meir kjerneskade.

Halmristarane[endre | endre wikiteksten]

Ein stor del av kjernane datt gjennom slagbrua, resten vart med halmen ut på halmristarane. Halmristarane hadde som oppgåve å rista halmen, slik at resten av kjernane datt gjennom han. På dei eldste treskjeverka vart ikkje kjernane reinska, men datt rett ned på golvet, saman med agner og halmrestar. Kjernar og agner vart samla i sekker og reinska seinare.

Reinseverket[endre | endre wikiteksten]

Då dei fyrste treskjeverka vart tekne i bruk, vart reinskinga utført ved å kasta kornet bortover låvegolvet i høveleg trekk. Det var vanleg å utføra dette arbeidet med opne låvedører når det var litt trekk i lufta. Kjernane var tyngre enn agnene og halmstubbar og datt ned på kortare avstand enn dei lettare agnene og halmbitar. Etter kvart kom det separate reinseverk som utførte dette arbeidet.

Nyare treskjeverk, som det som er vist i figur 2, hadde innebygd reinskeverk. Kjernar og agner som vart rista ut av halmristarane, datt då ned på ei plate som førte dei til reinskeverket. Nokre maskiner hadde berre eitt reinskeverk, medan det i andre maskiner var delt i eit grovreinskeverk og eit finreinskeverk. Reinskeverka hadde såld med opningar som sleppte gjennom kjernane, men blokkerte agner og halmrestar. Ei vifte sendte ein luftstraum opp gjennom såldet som bles agner og halmrestar ut av maskina. På eldre maskiner var sålda laga av tre, medan nyare maskiner hadde metallsåld. Sålda var som oftast utskiftbare, slik at dei kunne tilpassast korntype og rammegrad. Sjølv om stasjonære treskjeverk arbeidde med tørka korn, kunne rammegraden variere noko.

Det var viktig at det vart nytta rett type såld i grovreinskeverket, og at vifta hadde rett turtal. Om luftstraumen frå vifta var for sterk, var dei lettaste kjernane blåsne ut saman med agnene og kjernetapet auka. Om luftstraumen derimot var for svak, kom det for mykje agner og halmrestar inn i finreinskeverket, slik at det vart overbelasta. Finreinseverket kunne vera utført som eit såldreinskeverk, eller som eit vindreinskeverk. I den siste typen datt kjernar og agner ned i ein luftstraum. Dei lette agnene og halmbitar vart blåsne ut av maskina, medan dei tyngre kjernane datt ned i ei oppsamlingstrekt.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Fig. 4: Treskjeverket til Meikle.
Fig. 5 Drift av treskjeverk med hestevandring.
Fig. 6: Drift av treskjeverk med hestevandring.
Fig. 7: Drift av treskjeverk med lokomobil. Måleri av Ludovic Bassarab.
Fig. 8: Drift av treskjeverk med lokomobil.
Fig. 9: Drift av treskjeverk med traktor (Kullervo).

Heilt frå arilds tid hadde kjernane vorte slegne laus frå aksa med ei sloge. Dette arbeidet var både tungt og tidkrevjande. På 1700-talet vart det utført eksperiment med å nytta hestar og vassenergi for tresking. Ein metode gjekk ut på å legga kornet ut på eit plant underlag (ei treskjeplate eller eit låvegolv) og så køyra tunge vogner over halmen, for å gni kjernane lause frå halmen. Slike vogner kunne ha ulik utforming. Nokre hadde tunge jarnhjul, andre hadde tunge trerullar med pinnar[2]. I 1754 foreslo svensken Trozellius å nytta fire koniske valsar, festa på ei roterande ramme, som vart dregen av hestar, eit vasshjul, eller ein vindturbin[2].

Tidleg utvikling[endre | endre wikiteksten]

I 1788 tok skotten Andrew Meikle ut patent på eit treskjeverk [2] [3], med ein roterande slagsylinder, figur 4, og underliggande slagbru. Meikle henta inspirasjon frå maskiner som vart nytta for å banka ut fiber frå lin. Til skilnad frå seinare treskjeverk slo maskina til Meikle laus kjernane, i staden for å gni dei ut. Denne maskina vekte ikkje så stor interesse i Storbritannia, men det skal ha vorte importert eit slikt treskjeverk til Sverige på 1790-talet, og seinare vart det bygd liknande maskiner i Sverige[2]. Dei svenske maskinene hadde ein diameter på rundt 1,8 m, og slagbrua omslutta rundt 1/4 av omkrinsen. Sjølv om desse maskinene fekk lita utbreiing på 1700-talet, la maskina til Meikle grunnlaget for utviklinga av seinare treskjeverk og skurtreskjarar.

I Noreg tok ein òg til å eksperimentere med treskjeverk mot slutten av 1700-talet. Dei fyrste maskinene var små handdrivne maskiner og vart ofte kalla treskjemaskiner. Det var fyrst og fremst i kornbygdene på Austlandet og i Trøndelag at slike maskiner vart bygde[4].

I 1802 kom skotten Alexander Hall til Skåne for å hjelpa Carl Georg Stjernsvärd med å bygga treskjeverk. Året etter bygde Hall ein fabrikk for Stjernsvärd på Engeltofta Säteri i Skåne, og Stjernsvärd bygde treskjeverk både for eige bruk og for sal[2]. Dette var ein av dei fyrste landbruksmaskinfabrikkane i Sverige.

Maskiner av Meikle-typen fungerte best når alle aksa hadde same lengd, og rundt hundreårsskiftet kom det mange forbetringar. Engelskmennene John Ball, til dømes, fekk patent på ein forbetra versjon i 1805 og H.P. Lee fekk i 1810 ein pris frå The Royal Society of Arts[5].

I fyrste halvdelen av 1800-talet var det mange som bygde sine eigne treskjeverk, medan andre kjøpte ferdige maskiner. Andre kjøpte dei mest kritiske delane og bygde resten sjølve. I byrjinga var treskjeverka stasjonære og vart bygde på staden, som oftast i ein låve. Desse maskinene vart for det meste laga av trevyrke.

I tida frå rundt 1810 og utover kom det transportable treskjeverk, og etter kvart vart desse meir utbreidde. Det fyrste transportable treskjeverket vart truleg bygd i 1800, i Aust-Anglia. Eit av dei tidlege transportable treskjeverka vart bygd av Samuel Owen i 1808, og i 1814 fekk han patent på maskina. På svenske storgardar tok treskjeverk til å verta vanlege ut på 1830-talet og 1840-talet[2].

I 1842 byrja Akers Mekaniske Verksted å produsera treskjeverk[4]. Utover 1850- og 1860-talet skaut utviklinga fart, og i kornbygdene vart det meir og meir vanleg å nytta treskjeverk.

Munktells Mekaniska Verkstad i Eskilstuna eksperimenterte med treskjeverk i 1847. Det var truleg Johan Thermaenius som stod for konstruksjonen. Same året slutta Thermaenius hjå Munktells Mekaniska Verkstad og stifta sitt eige føretak i Torshälla, der han tok til å produsera treskjeverk i 1847. Munktells Mekaniska Verkstad starta produksjon av treskjeverk i 1860.

I Frankrike tok Célestin Gérard til å bygga treskjeverk rundt 1850,[6] og i 1866 bygde han det fyrste franske transportable treskjeverket.

Drift[endre | endre wikiteksten]

Tidlege treskjeverk vart ofte drivne med hestevandring, figur 5 og 6, men der det var ei elv i nærleiken, vart det som oftast nytta vasshjul, men kvernkallar vart òg nytta.

dampmaskiner vart tilgjengelege, vart dei tekne i bruk for å driva treskjeverk, figur 7. Både treskjeverk og dampmaskiner var utstyrte med hjul og vart flytta frå gard til gard med hestar. I tida frå 1850 og utover kom det lokomobilar på marknaden, og desse vart tekne i bruk for å driva treskjeverk, figur 8. Det hende at gneistar frå dampmaskiner sette fyr på halmen, og då kunne både treskjeverket, som var laga av tre, og mykje av avlinga gå tapt. Det vart difor nytta ei lang reim, slik at dampmaskina kunne plasserast så langt unna treskjeverket og halmen som mogleg.

Dampmaskinene kravde mykje tilsyn. Når arbeidet var ferdig om kvelden, måtte oska rakast ut og sotet fjernast frå floene i kjelen. Om morgonen måtte fyrbøtaren tidleg opp for å få opp nok damp før den fyrste økta tok til. Det var òg mykje arbeid med å skaffa ved eller kol. I land med lite skog og kol vart halm nytta som brensle. Det gjekk òg mykje vatn, som måtte hentast frå næraste bekk eller vatn. Vatnet måtte vera rimeleg reint om ein skulle unngå kjelestein og andre problem. Det vart sagt at om fyrbøtaren ikkje ville drikka vatnet, ville han heller ikkje ha det på kjelen.

traktorar vart vanlege, i tida etter 1910 (i Noreg ikkje før etter 1920), erstatta dei dampmaskiner og lokomobilar som drivkjelde, figur 9. Elektrisk drift vart òg nytta etter som det vart bygd kraftverk.

Protestar[endre | endre wikiteksten]

I Storbritannia førte innføringa av treskjeverk stundom til arbeidsløyse hjå jordlause arbeidarar, og i Sør- og Aust-England kom det i 1830 og 1831 til valdelege protestar, der rundt 400 treskjeverk vart knuste eller sette fyr på. Myndigheitene reagerte med å hengja 19 av demonstrantane og 481 av dei vart forviste til Australia[5]. Protestane førte til at engelske gardbrukarane i tida rett etter protestane vart forsiktige med å investera i treskjeverk. Det var òg protestar i Belgia, Frankrike, Polen, Sveits og Tyskland[7].

Ulukker[endre | endre wikiteksten]

På 1800-talet var ikkje folk vane med mekaniske innretningar, og kunnskapen om korleis eit treskjeverk fungerte, var liten i starten. Dette førte til mange stygge ulukker. Om den som mata inn kornbanda på toppen av maskina, glei eller trødde feil, kunne han få ein fot ned i innmatingsrullen. På 1800-talet var det inga innkapsling av drivverket, og laussitjande klede kunne setja seg fast i reimar og tannhjul. Maskinene hadde ikkje naudstopp, så skadane kunne ofte verta alvorlege[7].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hansen, K., Landbrugets redskaber og maskiner, Det Kgl. Danske Landhusholdningsselskab, 1955.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 , Moberg, Harald, A:son, Jordbruksmekanisering i Sverige under tre sekel, Kungl. Skog- och Lantbruksakademien, 1989.
  3. , Brigden, R., Harvesting machinery, Shire Publications, 2003.
  4. 4,0 4,1 Gjerdåker, B., Norges landbrukshistorie III - 1814 - 1920, Det Norske Samlaget, 2002.
  5. 5,0 5,1 Quick, G. og Buchele, W., The grain harvesters, Am. Society of Agriculture Engineers, 1978.
  6. Cherovrier, J. og Noulin, J., Société Française de Matériel Agricole et Industriel Vierzon, ETAI, 2001.
  7. 7,0 7,1 Threshing machines, Foxearth & District Local History Society.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]