Brukardiskusjon:Andreasv

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Heisann! Er det du som har teke dette bildet? I så fall må du sleppa det ut under ein fri lisens, anten heilt fritt -- {{PD}} --, ein må seia kven opphavsmannen er -- {{cc-by}} eller liknande -- eller noko anna (sjå Wikipedia:Mal/Filer for døme, eller spør viss du treng vidare rettleiing). --Ranveig 16:16, 24 januar 2007 (CET)

Sluttar meg til Ragnhild sitt lisensspørsmål. Men eg vil òg seie at det var eit skikkeleg fint bilde! :-) Håpar lisensen viser seg å vera grei slik at bildet kan bli bruka både på Wikipedia og elles. -- Olve 19:18, 24 januar 2007 (CET)
Ser du har sett på lisensmerke no. Har du sjølv teke bildet? (Beklagar at eg masar litt om den biten...) -- Olve 19:42, 25 januar 2007 (CET)
Ja, eg har teke bildet sjølv. Andreasv 08:18, 26 januar 2007 (CET)
Fint! Gler meg til fleire bilde frå deg! Eit tips er forresten at om du lastar opp bilda dine til Commons, så kan dei bli bruka på same viset her, og i tillegg på alle dei andre wikipediaene òg! -- Olve 12:01, 26 januar 2007 (CET)

Velkommen til Nynorsk Wikipedia, forresten! -- Olve 19:19, 24 januar 2007 (CET)

Eg kom i skade for å attenderulla sandkassa di eit par versjonar tilbake, den låg så fint mellom to artiklar det vart gjort hærverk på og så vart eg diverre litt for rask på klønelabben og attenderulla deg istaden. Eg trur eg har vølt tilbake slik som det stod. Med beklagande orsakingar: --Anders 20:35, 17 august 2007 (CEST)

Det er sjølvsagt ok. Godt med folk som passar på. Neste veke startar vel den store hærverkstimen. (skulestart).--Andreasv 20:39, 17 august 2007 (CEST)
Uff, ja... --Anders 20:48, 17 august 2007 (CEST)

Det har ergra meg stort at det ikkje har eksistert noko godt bilete av trollkrabbe på wikipedia. Takk for at du har eliminert dette alvorlege samfunnsproblemet.--Gunnar Mikalsen Kvifte 16:48, 19 august 2007 (CEST)

Då er det vell ikkje fleire - samfunnsproblem ??--Andreasv 20:17, 19 august 2007 (CEST)
Nokre samfunnsproblem er mindre alvorlege enn andre, men dei er framleis samfunnsproblem. --Gunnar Mikalsen Kvifte 00:47, 20 august 2007 (CEST)

Eg likar slike smågreier som dette. Hald kursen! --Ekko 20:58, 7 oktober 2007 (CEST)

BlomdalenJentekorps?[endre wikiteksten]

Utan mellomrom? --Tannkrem 12:52, 29 januar 2008 (CET)

Vi tar eit mellomrom ja :-) --Andreasv 13:23, 29 januar 2008 (CET)

Vi burde ha bilete frå tresking med skjedde og skrøfting. Veit om det finst? --Sigmundg 20:14, 16 mars 2008 (CET)

Eg trur eg skal finne ei gammal skjedde og få eit bilde av den. Skrøfting er det verre med. Det er vel liten vits med eigen artikkel om skjedde?. Det vert vel neppe meir enn det som står i tresking-artikkelen.--Andreasv 19:02, 17 mars 2008 (CET)

I samband med noko lokalhistorisk arbeid eg er engasjert i, leiter eg etter eit bilete av ein strilbåt. I følgje eit artikkelmanus eg har i handa var strilbåtane oppbygde av berre seks bord, tre på kvar side. Artikkelen eg arbeider med å få trykt, handlar om ein mann som rodde/segla frå Sunnhordaland til Helgeland i en slik båt sommaren 1940. Kjenner du båttypen? Eg hadde eit håp om å finne bilete av båten på commons, slik at eg kan illustrere artikkelen...... - Knut 21:01, 8 mai 2008 (CEST)

Strilane sin båt har vel vore oselvaren. Færøyvik skriv i "Vestlandsbåtar":Oselvaren var nett slik havstrilane ville ha båten sin, mjuk, lettrodd og snøggsegld. Som du ser av artikkelen har det vore vanleg med 3 bord, i alle fall så lenge det var stor nok furu å finne. Eg finn ikkje andre bilete enn det som er brukt i oselvar-artikkelen. Har ikkje noko digitalisert sjølv heller. --Andreasv 18:30, 9 mai 2008 (CEST)
Takk for rettleiing. Eg ser på nettstaden som artikkelen lenkjer til at oselvaren var strilbåten. Eg skal ta kontakt med Oselvarverkstaden og spørje om dei kan hjelpe meg med eit bilete. -Knut 22:08, 12 mai 2008 (CEST)

Administrator?[endre wikiteksten]

Du kunne ikkje tenke deg dei ekstra verktøya ein får som administrator?--Frokor 2. september 2008 kl. 10:32 (CEST)[svar]

Eg seier ja til det. Eg har høve til å sjå innom av og til i skuletida, og då kunne eg kanskje vere med å rydde litt.--Andreasv 2. september 2008 kl. 12:04 (CEST)[svar]
Då var det gjort! --Frokor 4. september 2008 kl. 15:20 (CEST)[svar]
Så godt eg kan. --Andreasv 4. september 2008 kl. 15:31 (CEST)[svar]
Det går nok bra. Det meste skal vere ganske intuitivt trur eg. Om du lurer på noko så berre spør. --Frokor 4. september 2008 kl. 15:48 (CEST)[svar]

Oppretta Kategori:Rigg og segl no. Slit han med helsa! :-) Olve Utne 7. september 2008 kl. 23:59 (CEST)[svar]

Det kjem truleg meir etter kvart. Men pass gjerne på meg. Når det gjeld større farty er det lite førstehandsoppleving, og det vert bøkene å støtte seg til.--Andreasv 8. september 2008 kl. 20:32 (CEST)[svar]
Eg er no ikkje akkurat utlært admiral sjølv heller, da. ;-) Men vi kan sikkert få til ein god del i samarbeid, så langt tida strekkjer til. :) Olve Utne 9. september 2008 kl. 00:02 (CEST)[svar]


Kvifor vandaliserer du denne artikkelen? --84.215.107.203 3. oktober 2008 kl. 14:33 (CEST)[svar]

Eg berre tek ut påstandar som ikkje høyrer heime i ein leksikonartikkel.--Andreasv 3. oktober 2008 kl. 14:34 (CEST)[svar]
Kan du grunngje kvifor du meiner dei ikkje høyrer heime? I forhold til den verksemda denne mannen driv, er artikkelen slik han stod svært moderat i framstillinga. Kvar av opplysningane er dokumentert med referanse til fleire kjelder, nettopp avdi dei handlingane dei referer til er oppsiktsvekkjande. --84.215.107.203 3. oktober 2008 kl. 14:53 (CEST)[svar]

Medievitenskap[endre wikiteksten]

Hello Andreas, sorry for writing in English. I'm trying to get an overview of the field en:media studies in Europe. Could you translate the beginning of the article no:medievitenskap (into medievitenskap)? The interwikilinks are a great help. One or two sentences would be enough. Greetings --Kolja21 25. mars 2009 kl. 03:29 (CET)[svar]

Vekas artikkel[endre wikiteksten]

Det finst nokre raude lenkjer, noko for deg?? Hogne 23. juni 2009 kl. 23:32 (CEST)[svar]

Har sett meg ut eit par stk. som eg håper å få tid til å ta.--Andreasv 24. juni 2009 kl. 08:12 (CEST)[svar]
Den er god! Når det gjeld klinkbygging) har jo våre vener i :nbwiki tre samsvarande artiklar om emnet: nb:Klinkbygging, nb:Klinkbygde båter og nb:Klinkerbygging... Hogne 24. juni 2009 kl. 08:35 (CEST)[svar]
Skal prøva å få ein start på klikerbygging (til så lenge). Trur eg har kjelder som eg får meir ut av enn nb --Andreasv 24. juni 2009 kl. 08:56 (CEST)[svar]

Hi, we have catched a case of crosswiking related with the article Pascual Candel Palazón(gl:Conversa_usuario:Sofialourin#Sospeita_.2F_Suspicion), seemingly motivated for a spam or self-promotion campaign. If you have any question, just ask, :) Thanks. --Xabier Cid 5. oktober 2009 kl. 02:15 (CEST)[svar]

Article request[endre wikiteksten]

Hi Andreasv,

Can you please help me translate this article into Nynorsk?

Thanks in advance. --Per Angusta 12. oktober 2009 kl. 11:04 (CEST)[svar]

I dag gjorde julesongane eit kjempebyks, takka vere Ranveig. Kanskje ho hadde kommentarane dine i tankane? --Knut 1. desember 2009 kl. 18:01 (CET)[svar]

Absolutt! Konstruktiv kritikk er ein god ting. :-) --Ranveig 1. desember 2009 kl. 18:08 (CET)[svar]
Bra! mot -> for :)--Andreasv 1. desember 2009 kl. 22:09 (CET)[svar]

Eg trur ikkje me brukar å sletta diskusjonssider, sidan dei ofte inneheld ei forklaring på kvifor artiklane vert sletta. Er du ikkje einig? --Tannkrem 23. april 2010 kl. 15:04 (CEST)[svar]

Samd. Er på plass. (Vart berre så lei kveruleringa). --Andreasv 23. april 2010 kl. 15:09 (CEST)[svar]

Fleirtydingssider[endre wikiteksten]

Såg du gjorde om skott til fleirtyding, men om eit oppslag berre har to tydingar er det ikkje så praktisk med fleirtydingsside. Eg føreslår å visa frå den eine til den andre, om det då ikkje finst enda fleire tydingar av «skott». --Ranveig 15. august 2010 kl. 23:44 (CEST)[svar]

Kilroy was here - «kor mange naglar som vart klina kvar dag», les eg. Eg har lyst til å endre til klinka, eller dreier det seg om noko heilt anna? --Knut 30. november 2010 kl. 18:44 (CET)[svar]

Takk, då har eg klin(k)a til:)--Andreasv 2. desember 2010 kl. 08:45 (CET)[svar]

Eg rulla attende attenderullinga di [1]. Korr. har nok betre greie på rettskriving enn dei fleste, og i dette tilfellet har sjekka med ordboka for å vere sikker: «Munning» er ñormert til hankjønn og «vikitg» er tyrkleif. --Knut 18. januar 2011 kl. 08:40 (CET)[svar]

UFF. Det hender det vert trykt der ein ikkje skal, utan at ein er merksam på det. :)--Andreasv 18. januar 2011 kl. 08:50 (CET)[svar]

Tilbakerulling[endre wikiteksten]

Ser du tilbakerulla endringa mi på Juleroser. Eg går ut ifrå at grunnen var at jul er like nynorsk som jol (kanskje til og med meir), og det kan eg godt forstå. Men kategoriane om når bladet vart skipa og nedlagt forsvann i same slengen, så eg legg dei inn på nytt no, dersom du ikkje har noko i mot det. HallvardLid 7. februar 2011 kl. 11:43 (CET)[svar]

Klart at kategoriane skal med. Det går ofte for raskt når ein skal gjere ting idet ein går forbi tastaturet. For meg er jul jul, og ikkje jol, som artikkelforfattar held eg på jula. :-)--Andreasv 7. februar 2011 kl. 12:17 (CET)[svar]

Har du framleis biletet du laga av Olav H. Hauge? Eg vil gjerne samanlikna det med fila ho er basert på og sjå om det verkeleg strir mot opphavsretten. På Commons er dei snare til å sletta og har ikkje alltid full forståing for kva som eigentleg er lov og ikkje. --Ranveig 29. april 2011 kl. 14:09 (CEST)[svar]

Eg har skanna Olav H. på nytt, og lasta opp to versjonar her på nn.--Andreasv 10. mai 2011 kl. 10:51 (CEST)[svar]
Skrekk og gru, her har det vore slettesjuke på ferde! Desse kan me bruka utan noko problem. --Ranveig 10. mai 2011 kl. 11:26 (CEST)[svar]
Det var vel vist til no:Fotografirett#Vern for fotografier som ikke er åndsverk under slettediskusjonen[2] på commons.--Andreasv 10. mai 2011 kl. 12:23 (CEST)[svar]

Kylie Minogue[endre wikiteksten]

Hei. I discovered you have protected the page of Kylie Minogue and that you deleted all the text due to several mistakes, which I perfectly understand. However, the article lacks a lot of links and information now. I contacted the administrator Frokor so he can eventually contribute on that page and fill it again with correct Nynorsk, and with information taken from the article Kylie Minogue in English. I don't know if you can edit a protected page if you are an administrator. Please keep me informed as soon as possible.

Takk! Mustashy 4. november 2011 kl. 23:18 (CEST)[svar]

Artikkelen Vadbein trend ein illustrasjon. Det er rett nok vabein på båten på biletet i artikkelen Skinnhyre, men det er berre synleg når ein førstørrar biletet. Kanskje du har eit vadbein du kunne ta bilete av? Eller kanskje du kunne teikna eit? --Sigmundg 15. januar 2012 kl. 12:13 (CET)[svar]

Skal sjå på det. Det er vanskelege forhold i nausta for tida. Dørene er stort sett attspikra etter Dagmar sine herjingar.--Andreasv 15. januar 2012 kl. 12:35 (CET)[svar]
Dette er forstørra frå TraditionalFisherman2Ice.JPG
Omlag noko slikt -->
Hogne 23. januar 2012 kl. 09:52 (CET)[svar]

Teikning av Alice Munro?[endre wikiteksten]

Hei!
Eg hadde tenkt å ha artikkelen om Alice Munro på framsida på kvinnedagen 8. mars. Det finst diverre ingen frie bilete av henne. Difor undrar eg meg om du, som lagar så flotte teikningar, kunne laga ei skisse me kunne vist fram? Her er bileta Google fann av henne Hogne 10. februar 2012 kl. 13:54 (CET)[svar]

Eg arbeider med ei teikning. Vonar ho vert bra nok. Men er denne artikkelen god nok til framsida?--Andreasv 19. februar 2012 kl. 10:19 (CET)[svar]

Eg la til dei opplysningane som vanta (forlag og utgjevingsår) i kjelda «Øystein Færøyvik: Vestlandsbåtar, Grøndahl, 1987.» i artikkelen «Vantnål». Kan du sjekka at det stemmer med kjelda du nytta? --Sigmundg (diskusjon) 8. mai 2012 kl. 23:30 (CEST)[svar]

Bra. --Andreasv (diskusjon) 10. mai 2012 kl. 09:38 (CEST)[svar]

Kva med å laga ein mal for Norske båttypar? Noko liknande som Mal:Jordbruksreiskapar kanskje? Med båttypar lista opp vertikalt i venstre marg og med båtar (fering, seksring, osb.) horisontalt? Er ikkje sikker på kva som er beste organiseringa for å få med geografiske skilnadar. --Sigmundg (diskusjon) 12. januar 2013 kl. 06:22 (CET)[svar]

Skilnaden mellom ulike båtstorleikar, etter bruksområde og geografiske variasjonar, er flytande. Det vert vanskeleg å få dei inn i ein mal.--Andreasv (diskusjon) 21. februar 2013 kl. 12:50 (CET)[svar]

Alice Munro[endre wikiteksten]

Hei, nokon la igjen denne meldinga på sida mi, og dette høyres jo sannsynleg ut. Kan du ta kontakt med denne e-post-adressa om du så vil? Hogne (diskusjon) 11. oktober 2013 kl. 08:26 (CEST)[svar]

=== New York Times calling ===
Hi -- I am Noam Cohen of The Times (chomsky1 in English Wikipedia) and was interested to learn morea about the pencil :drawing of Alice Munro that you uploaded. It will be getting seen a lot more now, I am guessing, and I wanted to learn :about the artist who drew it and how it came to illustrate the Wikipedia article. Can you e-mail me at noam (at) nytimes :(dot) com? Looking forward to speaking with you.

Wikipedia Academy 2013[endre wikiteksten]

Hei ! Jeg håper å se deg på årets Wikipedia Academy som arrangeres lørdag 14. desember på Arkitekturmuseet i Oslo. Styret har forespurt mange enkeltpersoner om programønsker, og forespurt hele nettsamfunnet gjennom innlegg på ting og torg. Vi har utfra dette lagt opp til et variert program med mange tema som forhåpentlig treffer wikipedianere. Vi skal se nærmere på, og diskutere, Wikidata, Visual Editor, botproduksjon, bruk av frie kartdata, kultursamarbeidet, wikipedianere som er utplassert i institusjoner, og vi skal få en presentasjon av den mye omtalte artikkelen om The decline of Wikipedia. Blant mange spennende foredragsholdere har vi hentet flere fra interne Wikipedia-rekker, men også eksterne foredragsholdere som vil rette sine blikk på Wikipedia utenfra. Det blir premiering av Årets wikipedianer og av vinnerne i Wiki Loves Monuments 2013. Etter akademiet går vi rett videre til årets Julebord, på Gamle Rådhus. Se det varierte programmet her. Lørdag 14. desember kan du treffe dine kolleger på Norges største kunnskapsdugnad! Vennlig hilsen, Bjoertvedt (diskusjon) 16. november 2013 kl. 02:28 (CET)[svar]

Hei! Er dette gode endringar, trur du? Sidan dei er lagt inn på bokmål utan kjelder tenkjer eg på å rulla dei attende, men du kjenner nok emnet betre. --Ranveig (diskusjon) 23. november 2014 kl. 12:58 (CET)[svar]

Hei! Har du stadig tilladelsen? Hvis ja, så vil du måske sende den videre til Wikipedia:OTRS? --MGA73 (diskusjon) 6. januar 2015 kl. 19:51 (CET)[svar]

Global account[endre wikiteksten]

Hi Andreasv! As a Steward I'm involved in the upcoming unification of all accounts organized by the Wikimedia Foundation (see m:Single User Login finalisation announcement). By looking at your account, I realized that you don't have a global account yet. In order to secure your name, I recommend you to create such account on your own by submitting your password on Special:MergeAccount and unifying your local accounts. If you have any problems with doing that or further questions, please don't hesitate to contact me on my talk page. Cheers, DerHexer (diskusjon) 17. januar 2015 kl. 01:34 (CET)[svar]

The "Bakgrunnsstoff" type(s) of sources[endre wikiteksten]

Hi administrator Andreasv! I am interested in helping out, seeing that this Wikipedia attains (improved) written guidelines regarding "Bakgrunnsstoff".
Where is the location of the main rules, regarding "Bakgrunnsstoff"?
(Please feel free to reply in Norwegian.) Sju hav (diskusjon) 16. juli 2018 kl. 09:56 (CEST)[svar]

Your advanced permissions on nn.wikipedia[endre wikiteksten]

Hello. A policy regarding the removal of "advanced rights" (administrator, bureaucrat, etc.) was adopted by community consensus in 2013. According to this policy, the stewards are reviewing activity on wikis with no inactivity policy.

Du stettar kriteria for inaktivitet (ingen endringar og ingen loggførte handlingar på 2 år) på wikien nemnd over. Sidan denne wikien ikkje har ein eigen granskingsprosess er det den globale som gjeld.

Om du ynskjer å halda på rettane dine, bør du informera samfunnet på wikien om at forvaltarane har sendt deg denne meldinga om at du har vore inaktiv. Om wikisamfunnet drøfter dette og deretter ynskjer at du skal halda på rettane dine, kontakt forvaltarane på Meta-Wiki og lenk til denne drøftinga, der det er uttrykt eit ynske om at du held på rettane dine.

Om du ynskjer å gje frå deg rettane dine kan du svara her eller be om at rettane dine vert fjerna på Meta-Wiki.

Om du ikkje kjem med noko svar etter kring ein månads tid vil forvaltarane fjerna rettane dine som administrator og/eller byråkrat. I tvilstilfelle vil forvaltarane vurdera svara og la det lokale wikisamfunnet kommentera og granska tilfellet. Har du spørsmål kan du kontakta forvaltarane.

Takk for merksemda di.--علاء (diskusjon) 8. januar 2020 kl. 12:07 (CET)[svar]

Today I removed your permission, thanks for your work, Einsbor (diskusjon) 12. februar 2020 kl. 14:37 (CET)[svar]