Brukardiskusjon:Migne

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hei og velkomen til Nynorsk Wikipedia, Migne! Eg føreslår at du tek ein kikk på stilmanualen vår for å sjå korleis artiklar bør setjast opp og korleis du enkelt kan formatere tekst. Du kan finne ei grei innføring til korleis Wikipedia fungerer her. Dersom du lurer på noko er det berre å spørje! --Tannkrem 17:47, 19 april 2007 (CEST)

Hei Migne, du skriv grundige og gjennomarbeidda artiklar, det er bra. Men som du kanskje ser drøftar me den siste artikkelen du la inn. Eg meiner han ikkje kan stå, når han ikkje har kjelder. Særleg viktig er dette med kjelder og mogelegheit for kontroll når det gjeld biografiar. Sjå på Wikipedia:Retningsliner, og kast deg gjerne inn i ordskiftet. Og kjelder har du vel? Venleg helsing Ekko 23:14, 2 mai 2007 (CEST)

Request for translation. Yanka Kupala and Yakub Kolas[endre wikiteksten]

Warm greeting from Belarusian Wikipedia! This year we celebrate 130. birthday of Belarusian great poets en:Yanka Kupala and en:Yakub Kolas Could you help us to translate articles into your unique and honourable language? Thank you in advance! --Rymchonak 14. januar 2012 kl. 18:43 (CET)[svar]

Klaas Bruinsma[endre wikiteksten]

Biografien om Klaas Bruinsma er i all hovudsak ei oversetjing frå engelsk wikipedia, med eit sideblikk til den nederlandske versjonen. I saker som har med kriminalitet å gjere, vil det alltid vere innslag av ryktebasert informasjon. Slik er det berre. Aktørane ser seg tente med å lyge, snakke sant eller teie; alt etter situasjonen. Eg har skore vekk litt av spekulasjonen i dei førnemnde wikipediane. Men spekulasjonane omkring drapet på Bruinsma meiner eg høyrer med. Mellom anna fordi dei viser kva slags miljø Bruinsma opererte i. Dessutan går det fram av framstillinga at det er snakk om ubekrefta teoriar.

Tilsvaret om K B er skrive av--Migne 16:44, 4 mai 2007 (CEST)

Hei, og velkommen. Du får skrive inn nedst i artikkelen om Klaas Bruinsma at han byggjer på ei omsetjing frå engelsk og nederlandsk, slik det t.d. er gjort i denne artikkelen.
Eg synest ikkje noko om desse raude slettemerka på grunn av ein nybyrjarfeil (du skreiv jo i redigeringssamandraget at teksten var henta frå engelsk og nederlandsk wikipedia). Men no er det slik at wikipedia hos mange har ord på seg for å vere upåliteleg. Det einaste vi kan gjere med det, er å arbeide for at opplysningane som ligg på nynorsk wikipedia er til å lite på. Derfor bør vi alltid skrive kor vi har henta opplysningane frå. Det kan vi gjere i redigeringssamandraget, slik du hadde gjort det, og slik eg òg ofte gjer det, men best er det å skrive det nedst i artikkelen. - Knut 17:04, 4 mai 2007 (CEST)


Takk for god vask av reinrose --Andreasv 20:31, 19 august 2007 (CEST)

Takk for hotellvask. Bør det med noko om norske klatrarar ? --Andreasv 08:18, 9 januar 2008 (CET)

Kategoriar[endre wikiteksten]

Hei Migne. Flott at du skriv så mange artiklar om Sunnmøre, men dei hadde vorte enno betre om du hadde lagt dei i ein passande kategori. T.d. Kategori:Fjell på Sunnmøre for dei du skriv no. For å få det til skriv du berre [[Kategori:Fjell på Sunnmøre]] nedst i artikkelen. --Frokor 21:17, 11 mai 2008 (CEST)

Kjeldebolken[endre wikiteksten]

Hei, flott arbeid du gjer. Pass på at du plasserer kjeldene under ein eigen bolk, ==Kjelder==. Lenkjer til commons kan du plassera under ==Bakgrunnstoff== i lag med andre eventuelle eksterne lenkjer. --Harald Khan Ճ 11. mars 2009 kl. 22:05 (CET)[svar]

Gjorde eg rett her? --Ranveig 17. september 2009 kl. 11:03 (CEST)[svar]

Har lagt ut disposisjonen min for kurset. Har du nokon kommentar. Det er så mykje som bør med. Og så er det kanskje nokon som heller vil prøve seg å skrive sjølv. Vonar vi vert fleire enn berre noverande Wikifantar :)--Andreasv 3. mars 2010 kl. 16:00 (CET)[svar]

Spennande – fortel, fortel! :-) Eit tips eg har til skrivinga er å finne liknande artiklar for å sjå skrivestil, kategoriar, disposisjon o.l. --EIRIK\diskusjon 3. mars 2010 kl. 16:03 (CET)[svar]

Godt arbeid med russisk kultur[endre wikiteksten]

Du fortener ein rubel for godt arbeid med russisk kultur.--Andreasv 15. april 2010 kl. 15:34 (CEST)[svar]

Omdirigering[endre wikiteksten]

Om du omdirigerer når du har lagra ny artikkel, om ein av dei mange stortingsmenn (bra arbeid :-)), så slepp du å gå inn på den lange lista for å få lenka blå.--Andreasv 23. april 2010 kl. 15:19 (CEST)[svar]

Biographiske Efterretninger om Eidsvolds-Repræsentanter og Storthingsmænd i Tidsrummet 1814-1845[endre wikiteksten]

Godt halvparten av karane som er omtala i Bernt Moe sitt arbeid er no på plass i nynorsk wikipedia. Det er elles fleire, både eidsvollsmenn og stortingsmenn, frå perioden som ikkje er med hos Moe. Så her er enno mange å arbeide med. Lindstøl sine bøker er greie som kjelder, men fleire artiklar kan forbetrast med bruk av andre og meir narrative kjelder. Lukke til, den som vil!

Du har gjort mykje godt arbeid! Det er mange interessante folk på den lista. --Ranveig 24. mai 2010 kl. 11:57 (CEST)[svar]
No har alle dei 200 på lista fått ein omtale, kort eller lengre. Om nokre er det reint for lite, td. Wedel-Jarlsberg og Schweigaard. Eg vil tru det finst mykje stoff i ulike typar verk, i både biografiar, lokal- og saksorientert prosa. Litteratur som kan gje meir kunnskap om både personar og saksforhold, enn dei reine oppramsingane om posisjonar og embete. --Migne 11. juni 2010 kl. 21:02 (CEST)[svar]
Godt og iherdig arbeid. Du har vel skulda for dei fleste eidsvollmennene og. Kategorien ser ut til å vere komplett.--Andreasv 11. juni 2010 kl. 22:36 (CEST)[svar]
Då har alle eidsvollmennene funne rette sessane sine. Eit par mann hadde rota seg inn i forsamlinga/kategorien. Ein av dei var rett nok på Eidsvoll våren 1814, men i kongens fylgje.--Migne 12. oktober 2010 kl. 19:20 (CEST)[svar]

Klaas Bruinsma II[endre wikiteksten]

Klaas Bruinsma har vi diskutert her før, men diskusjonen har blussa opp att. Sidan du skreiv den artikkelen, er du blitt meir røynd med bruken av Wikipedia. Kan du stramme artikkelen inn, og fjerne dei kontroversielle utsegnene det ikkje finst dokumentasjon for? --Knut 19. juni 2010 kl. 21:10 (CEST)[svar]

Stortingsfolk og nynorskfolk[endre wikiteksten]

Hei! Det er eit formidabelt godt og flott arbeid du har gjort med stortingsfolk og eidsvollsmenn. I samanheng med det tenkte eg òg du kanskje ville vere interessert i månadens dugnad, om du ikkje alt har sett han, då. God sommar vidare! --EIRIK\diskusjon 4. juli 2010 kl. 11:07 (CEST)[svar]

Må seia meg einig her. Når eg ser nærmare etter i artiklane er det tydeleg du har dykka djupt ned i kjeldene og kome opp med perler til oss (vonar berre me ikkje er svin). --Ranveig 22. august 2010 kl. 11:38 (CEST)[svar]
Takkar for den positive merksemda. Til Eirik: Eg har tenkt eg skal skrive om ei 6-8 av personane på månadens dugnad, men må innom bibliotek. Nokre av dei «raude» finst alleire på nn. Takk til Ranveig for kritisk gjennomsyn av desse tingmannsartiklane, småfeil og slurv oppstår lett i lenker mm, når ein er nokså lei av dette smått absurde «prosjektet».--Migne 22. august 2010 kl. 13:10 (CEST)[svar]

Administrator?[endre wikiteksten]

Administratorverktøy …

Har du bruk for administratorverktøy? Eg trur at du no snart kan få prøve dei ut …

Hogne 11. oktober 2010 kl. 16:38 (CEST)[svar]

Tja, Hogne, eg har vel meint ei stund at eg brukar i meste laget tid på wikipediaen, så eg trur eg held meg ved min lest. Men kanskje tenker eg annleis, seinare...--Migne 11. oktober 2010 kl. 21:53 (CEST)[svar]

Hei Migne!

I min iver etter poeng i den nyoppstarta konkurransen om Gulen, skreiv eg ein lang artikkel på nynorsk wikipedia om Niels Griis Alstrup Dahl. Noko seinare såg eg at du allereie hadde skrive ein artikkel om akkurat den same personen; Nils Dahl.

Artikkelen gav meg 88 poeng i konkurransen, og eg vil helst ikkje missa dei. Er det difor i orden for deg om eg flettar artiklane, dvs. tek det innhaldet i din artikkel som ikkje min har, flettar det inn i min eigen tekst, og deretter slettar din artikkel men let det vera att ei omdirigering?

HallvardLid 2. november 2010 kl. 13:17 (CET)[svar]

Det er heilt greitt.--Migne 2. november 2010 kl. 20:33 (CET)[svar]

Typografisk pirk[endre wikiteksten]

Aller fyrst: Du gjer eit kjempearbeid med alle artiklane om stortingsrepresentantane – veldig bra! Så til det typografiske pirket mitt: Hugs at du finn tankestrek, som til dømes vert nytta i frå–til-tilfelle (1800–1900), i verktøyboksen over redigeringsvindauget. Der finst òg dei norske hermeteikna «». Eg skal ikkje klage om du brukar det, men vi gjev eit endå meir profesjonelt uttrykk utetter når vi har typografien 100 % på plass. :-) --EIRIK\diskusjon 1. desember 2010 kl. 20:13 (CET)[svar]

Opprydding[endre wikiteksten]

Hei Migne! Det er fint at du ryddar opp i lista mi. Det er derimot ikkje så farleg om oppføringa er det riktige oppslagsordet eller ikkje. Det er betre om du heller lagar ei omdirigering til det riktige ordet. Det er òg ein plan bak alle oppføringane, så ver snill og ikkje fjerne nokre (med mindre dei står to gonger). --Frokor 21. august 2011 kl. 13:18 (CEST)[svar]

Eg har omdirigert dei fleste personane, men for nokre har eg berre lagt til eller trekt frå ein bokstav. Så har i to, kanskje tre, tilfelle fjerna eit oppslagsord. Siste dømet var Christian Magnus de Falsen, eg let Christian Magnus Falsen (same personen) stå att. Eg veit ikkje om det er slike dobbelnamn du meiner skal stå. No har eg elles avslutta raidet mot 'Nordisk historie'.--Migne 21. august 2011 kl. 13:36 (CEST)[svar]
Ok, ingen problem. --Frokor 21. august 2011 kl. 15:09 (CEST)[svar]
Lag som sagt heller omdirigeringar og la heller namna i lista stå som ho er, slik at det er mogeleg å sjå kva omdirigeringar som evt. manglar. Oppføringane i lista treng ikkje stemme overeins med artikkelnamna. Skrivefeil og den slags må du derimot gjerne rette opp. --Frokor 28. august 2011 kl. 17:59 (CEST)[svar]
Eg trur no eg forstår kva du meiner, men i så fall har lista mindre verdi enn eg førestelte meg. Denne lista bør vel meir vise til kva oppslag ein har, og ikkje har, enn kva ein manglar av omdirigeringar. Og kva er skrivefeil? Mesterligaen er vel skrivefeil for Meisterligaen, men er Sondre Nordheim skrivefeil for Sondre Norheim? Rett nok er den siste forma vanlegare enn den første, kanskje fordi eigaren av namnet var busett i USA då namnet vart særleg kjent. La meg så gje eit døme på at det kan ha noko for seg å legge omdirigeringar inn i lista. I lista er Johan Cruijff skriven for Johan Cruyff, den siste forma vil du sjå i så godt som alle norske skrifter, og engelske. Sidan forma Cruyff er så innarbeidd i norsk, vil vel dei færraste sjå på ho som ein verkeleg skrivefeil. Om ein wikipediant har lyst å skrive om Cruijff, og så sjekkar med lista for å forsikre seg om at det ikkje allereie finst eit oppslag om mannen, vil liste gje han grønt lys. Etter mitt skjøn burde denne og andre slike lister gje opplysningar om kva oppslag som finst og ikkje finst i wikipediaen.--Migne 28. august 2011 kl. 19:02 (CEST)[svar]

Hei! Du har jobba mykje med Sveits-artiklar oppgjennom. Eg er no ferdig med Storbritannia for denne gongen, og Sveits er neste på lista. Eg har laga denne arbeideslista Brukar:Frokor/Sveits. Tvilar sterkt på eg kjem til å skrive alt her (særleg kommunane som det er over 2500 av). Du må gjerne endre på oppføringar i lista om du føler for det. --Frokor 5. november 2011 kl. 06:17 (CET)[svar]

Eg kjem eg nok til å arbeide ein del med Sveits også framover, men ikkje så jamnt som i september-oktober. La inn artikkel om Aletschgletscher, eg valde den forma framom arbeidslista sin Aletschbreen. Grunnen er at Gyldendals store konversasjonsleksikon brukar den forma. Eg helsar deg velkomen til Sveits att, eit land med kommunar heilt ned i femten innbyggarar (Corippo) krev litt av kvart av ein wikipediant. Eg skulle tru du er rette personen til å redusere mengda av "raudingar" på arbeidslista, og så skal eg hjelpe til på min måte.--Migne 5. november 2011 kl. 12:16 (CET)[svar]
Namnet er heilt greit. Me skreiv artikkelen om lag samstundes. Du var 5 min før meg. Skjønte lite ei lita stund der :) --Frokor 5. november 2011 kl. 12:19 (CET)[svar]

I have received a request from Andy Mabbett concerning a multi-lingual project QRpedia:

http://en.wikipedia.org/wiki/User_talk:Robertgreer/Archive_2011#QRpedia

I explained to him that most Nordic editors of Wikipedia have very good English skills such that the project does not need to be translated, but it does need to be publicized outside English Wikipedia.

Could you be so good as to do so? — Robertgreer 29. november 2011 kl. 16:18 (CET)[svar]

Kommun eller kommune?[endre wikiteksten]

Hei! Eg skulle gjerne hatt di meining om denne kategoridiskusjonen; dersom du har ei. Det dreier seg om det er mest rett å skriva "kommun" eller "kommune" når det gjeld svenske kommunar. Det har vore diskutert før, utan at folk vart samde. Eg har sjølv lagt fram nokre argument for kvifor "kommune" er ei god løysing, men dette er ikkje meint som overtaling til at du skal ta mitt syn. Eg meiner berre at det er ein diskusjon som får konsekvensar, og då vil eg gjerne ha fleire synspunkt enn berre mitt og Ranveig sitt. :) HallvardLid 20. februar 2012 kl. 23:11 (CET)[svar]

Artikkeloppsett[endre wikiteksten]

Hei. Hugs at stilen me følgjer er at det ikkje skal ligge tekst som høyrer til artikkelen mellom kategoriane og interwikilenkjene. Altså kjelda bør plasserast over kategoriane. --Frokor (diskusjon) 8. mars 2012 kl. 22:11 (CET)[svar]

Har du datoane til Mali Furunes? Ho døydde truleg i Molde --Andreasv (diskusjon) 3. juni 2012 kl. 12:25 (CEST)[svar]

Storøya i Eldlandet[endre wikiteksten]

Hei Migne! Eg har nett skrive artikkelen Eldlandet, som eg vart ganske nøgd med. Eg las ikkje gjennom artikkelen Storøya i Eldlandet som du oppretta i 2010, før etterpå. I bolkane om historie, klima, flora og økonomi har "din artikkel" mykje av det same stoffet som "min artikkel" har. Stoffet her dreier seg meir generelt om Eldlandet enn det dreier seg om Storøya. (Eg veit ein ikkje eigentleg skal rekna wiki-artiklar som "min" eller "din", difor hermeteikna.)

Uansett. Kva synest du om å fletta stoffet frå dei omtalte bolkane inn i artikkelen *vår* om Eldlandet, og så heller utdjupa litt meir om Storøya i artikkelen *vår* om Storøya? :)

HallvardLid (diskusjon) 12. juni 2012 kl. 15:39 (CEST)[svar]

Ja, det er grei måte å få denne kollisjonssaka ut av verda og inn i wikpedia på.--Migne (diskusjon) 13. juni 2012 kl. 20:48 (CEST)[svar]
Då har eg fletta noko, sletta noko, og teke inn noko nytt stoff. Håpar det ser greitt ut, det er sjølvsagt berre å endra om det er noko du ikkje er nøgd med! HallvardLid (diskusjon) 15. juni 2012 kl. 13:10 (CEST)[svar]

Halmøy-Holmøy[endre wikiteksten]

Godt jobbet å finne riktig navn på Konrad Halmøy. Stusset litt selv på Holmøy (som ble brukt i kilden min), men tenkte ikke videre over det. Halmøy er et navn som fremdeles er i bruk i hjemkommunen min, mens Holmøy har jeg ikke hørt før. Takk fra artikkeloppretter. --TorbjørnS (diskusjon) 17. oktober 2012 kl. 19:05 (CEST) (beklager bokmål).[svar]

Namn i Antarktis[endre wikiteksten]

Namngjevinga i Antarktis følgjer namngjevingsreglane til den internasjonale forskingsorganisasjonen Scientific Comittee on Antarctic Research (SCAR). Dei har ein database som samlar alle namn i Antarktis, og som norske styresmakter òg følgjer. Eg følgjer den så langt som råd. Hovudregelen er som regel at det namnet som først vart gjeve er det som vert nytta, om det så er norsk, engelsk eller anna. T.d. nyttar ein på britiske kart norske namn på grunn av dette, sjølv i britiske kravområde. --Frokor (diskusjon) 13. november 2012 kl. 21:45 (CET)[svar]

Eg fylgjer den brukvisa som det synes dei fleste andre språk nyttar i namngjevinga av desse øyane. Sjå tysk de:Siple-Insel, nederlandsk nl:Siple-eiland, fransk fr:Île Siple wikipedia, for å ta dei nærmaste språka. Reint prinsipielt meiner eg at norske namnestyresmakter er reint for blyge når det gjeld namn utanfor landets grenser, og har vore det i meir enn hundre år. Nordsjøen er for nordmenn eit bra misvisande namn på det havet som danskane kallar Vesterhavet.

--Migne (diskusjon) 13. november 2012 kl. 21:57 (CET)[svar]

Hei. Det siste nye er at all interwiki vert samla sentralt på Wikidata i staden for at kvar Wikipedia har sin lokale kopi. Går du til dømes inn på en:Jouko Karjalainen ser du at det er noko som heiter «Edit links» under interwikilista, og klikkar du der kjem du hit. Nedst på sida der kan du leggja til ei lenkje til Nynorsk Wikipedia. Det tek gjerne noko tid før endringa dukkar opp på wikipediaene. --Njardarlogar (ordskifte) 10. mars 2013 kl. 23:22 (CET)[svar]

Kom rett Knudtzon på rett stad?--Andreasv (diskusjon) 21. april 2013 kl. 10:58 (CEST)[svar]

Ja, rett ansikt til rett namn.--Migne (diskusjon) 21. april 2013 kl. 20:26 (CEST)[svar]

Interwiki #2[endre wikiteksten]

Det er no vorte enklare å leggja til interwiki for nyoppretta artiklar. Trykk på «Legg til lenkjer» i venstremergen på ei nyoppretta (interwikilaus) side, og ein finn lett fram til interwikien ein er ute etter (det såg ut til at du nytta ein annan og tregare metode, men eg kan ta i miss). --Njardarlogar (ordskifte) 28. mai 2013 kl. 14:34 (CEST)[svar]

Hei Migne! Hugs å leggja til interwiki på dei gode idrettsartiklane du skriv. Det er enkelt: berre trykk på knappen "legg til lenkjer", så får du opp ein meny der du kan velja språk. Skriv inn eit språk som du reknar med artikkelen finst på, og skriv inn namnet på artikkelen. Då leitar systemet sjølv fram eit forslag til aktuell interwiki. Trykk på forslaget, velg ok, så blir nynorsk wiki straks lenkja saman med alle aktuelle sider som artikkelen finst på! HallvardLid (diskusjon) 16. august 2013 kl. 14:41 (CEST)[svar]

Hello Migne, I see that you are specialist in the days Gregorianske kalenderen to julianske kalenderen of p.e. 1567 and others. Can you help me, please, because I think I did mistakes with the days in the years 1601 - 1629 because I copied from siply ohne year. . I added the "romartal" in [[1555)) to your edit. I remarked mistakes at skotår and normalår and corrected my mistakes. Now I am very sure, that the days from above years are wrong because I copied from ohne and assigned of all. Please can you correct them, because I don't find the days per year as you did excellent! Congratulation. Thanking in advance with best regards -- Sweepy (diskusjon) 7. august 2014 kl. 14:08 (CEST)[svar]

Global account[endre wikiteksten]

Hi Migne! As a Steward I'm involved in the upcoming unification of all accounts organized by the Wikimedia Foundation (see m:Single User Login finalisation announcement). By looking at your account, I realized that you don't have a global account yet. In order to secure your name, I recommend you to create such account on your own by submitting your password on Special:MergeAccount and unifying your local accounts. If you have any problems with doing that or further questions, please don't hesitate to contact me on my talk page. Cheers, DerHexer (diskusjon) 17. januar 2015 kl. 02:06 (CET)[svar]

Translating the interface in your language, we need your help[endre wikiteksten]

Hello Migne, thanks for working on this wiki in your language. We updated the list of priority translations and I write you to let you know. The language used by this wiki (or by you in your preferences) needs about 100 translations or less in the priority list. You're almost done!
For å legge til eller endre omsetjingar for alle wikiar, nytt translatewiki.net, lokaliseringsprosjektet til MediaWiki.

Please register on translatewiki.net if you didn't yet and then help complete priority translations (make sure to select your language in the language selector). With a couple hours' work or less, you can make sure that nearly all visitors see the wiki interface fully translated. Nemo 26. april 2015 kl. 16:07 (CEST)[svar]

Greetings.

Could you create a long and detailed article about the prominent Turkish economist no:Dani Rodrik in Nynorsk?

(If not, could you pass this request to other users in Nynorsk Wikipedia who might be interested in creating this article?)

Thank you.

Fotballag-tips[endre wikiteksten]

Hei, eg har eit tips. Fotballaga som står nemnd i malen Mal:fk er veldig enkle å endre for alle artiklar som brukar malen. For Strindheim kan du gå til Mal:Fk/lag/Strindheim og endre lenkja der (eg har alt gjort det). Då slepp du å gå innom kvar artikkel om du vil endre namn på andre fotballag. --Frokor (diskusjon) 15. april 2016 kl. 21:11 (CEST)[svar]

Niklaus Manuel[endre wikiteksten]

Fin artikkel, bare en liten ting: Det ene bildet kalles for Dommen over Paris. Det er omvendt, det er ikke Paris som blir dømt, men han som bedømmer tre gudinner. --Finn Bjørklid (diskusjon) 30. oktober 2016 kl. 23:42 (CET)[svar]

-Ja, der avslørte du mine manglande kunnskapar om gresk mytologi, og ei slurvete tysk-omsetjing. Takk for tipset.--Migne (diskusjon) 31. oktober 2016 kl. 17:18 (CET)[svar]

Skeiseløyparar[endre wikiteksten]

Hei Migne. Takker for oppretting av skøyteløpere på NN:WP. Det er vel igrunnen meg selv som startet underprosjektet Skøytesport (på NO:WP), som gjelder for flere forskjellige skøytesporter bortsett fra ishockey og rulleskøytehockey. Så hvis det er noe du lurer på angående skøytesport skal jeg være behjelpelig med kilder og andre relaterte spørsmål der. Jeg har riktignok en brukerkonto på NN:WP men er meget sjelden på denne wikien, men jeg burde jo få ping på mine varsler eller notiser. Bruk gjerne den. Noe av grunnen til at jeg ikke er på NN:WP er at jeg ikke betrakter nynorsken min god nok for NN:WP til å lage artikler selv om jeg prøvde meg på en om den forrige landslagstreneren for Norge på skøyter Jarle Pedersen. Med vennlig hilsen Migrant (diskusjon) 3. november 2016 kl. 22:12 (CET)[svar]

Share your experience and feedback as a Wikimedian in this global survey[endre wikiteksten]

WMF Surveys, 29. mars 2018 kl. 20:41 (CEST)[svar]

Reminder: Share your feedback in this Wikimedia survey[endre wikiteksten]

WMF Surveys, 13. april 2018 kl. 03:39 (CEST)[svar]

Your feedback matters: Final reminder to take the global Wikimedia survey[endre wikiteksten]

WMF Surveys, 20. april 2018 kl. 02:49 (CEST)[svar]

Ny artikkel[endre wikiteksten]

Takk! Eg sakna

Skismørar[endre wikiteksten]

Nokon bør skrive ein stubb om Skismørar.
Eg nemnar dette på din side, fordi hvis eg ikkje får skrivd den første setninga, så
kommer aldri setning nummer to om saka, frå meg.
Hvis det går to vekar/veker, utan stubb, så bes alle om ikkje å "vente på meg".

I desse dager dukka nokre kjelder opp i dagspressa.
DN, 2019-11-09. Dagbladet: Amatør-skismørere har helsefarlige fluorverdier Dagbladet: Amatør-skismørere har helsefarlige fluorverdier. Helsing Sju hav (diskusjon) 9. november 2019 kl. 21:25 (CET) Fleire kjelder (moglege),[svar]

Flytta [1]. Sju hav (diskusjon) 15. november 2019 kl. 01:40 (CET)[svar]

Parentes på fødd-malar[endre wikiteksten]

Hei Migne. Det har nyleg skjedd ei endring av Mal:Fødd, Mal:Levde og alle dei tilsvarande malane slik at ein må leggja til parentesar sjølv (sjå diskusjon her). Så i staden for å skriva til dømes {{fødd|21. mai|1970|Bukovec, Brigita}} skriv ein ({{fødd|21. mai|1970|Bukovec, Brigita}}). Håper dette går greitt! --Ranveig (diskusjon) 2. juni 2020 kl. 09:20 (CEST)[svar]

We sent you an e-mail[endre wikiteksten]

Hello Migne,

Really sorry for the inconvenience. This is a gentle note to request that you check your email. We sent you a message titled "The Community Insights survey is coming!". If you have questions, email surveys@wikimedia.org.

You can see my explanation here.

MediaWiki message delivery (diskusjon) 25. september 2020 kl. 20:53 (CEST)[svar]

Fotballspelarar[endre wikiteksten]

Hei! No ser eg at du leggjer til fotballspelarar hvilket som er bra. Når du legg til artiklane kan du òg prøve og få kategorisert laga som dei spelte på og turneringane som dei spelte i og kan du leggja til malar for lagane som spelarane spelte for i den aktuelle turneringa om spelarane enten er italienske, engelske, tyske, svenske etc. Mvh Sondre --80.212.169.236 3. mai 2021 kl. 15:15 (CEST)[svar]

FA-cupfinalar[endre wikiteksten]

Hei! Er det mogleg for deg å leggja ut fulle lagoppstillingar for FA-cupfinalane det er viktig med den informasjonen. Mvh Sondre --80.212.169.236 8. mai 2021 kl. 12:56 (CEST)[svar]

FA-cupfinalen i fotball 1997[endre wikiteksten]

Hei! Kan du leggja ut en artikkel rundt FA-cupfinalen i fotball 1997 mellom Chelsea og Middlesbrough det hadde vore fint. Og også FA-cupfinalen i 1964 mellom West Ham og Preston, 1965 mellom Liverpool og Leeds United, 1974 mellom Liverpool og Newcastle, 1986 mellom Liverpool og 1989 mellom dei same laga, 1988 mellom Liverpool og Wimbledon, 1992 mellom Liverpool og Sunderland, 2000 mellom Chelsea og Aston Villa, 2001 mellom Arsenal og Liverpool, 1950 mellom dei same laga, 1951 mellom Newcastle og Blackpool, 1952 mellom Newcastle og Arsenal, 1953 mellom Blackpool og Bolton, 1954 mellom West Bromwich og Preston, 1955 mellom Newcastle og Manchester City, 1956 mellom Manchester City og Birmingham, 1959 mellom Nottingham Forest og Luton Town, 1960 mellom Blackburn Rovers og Wolverhampton, 1961 mellom Tottenham og Leicester, 1962 mellom Tottenham og Burnley, 1948 mellom Blackpool og Manchester United, 1949 mellom Wolverhampton og Leicester, 2008 mellom Cardiff City og Portsmouth, 2009 mellom Chelsea og Arsenal, 2010 mellom Chelsea og Portsmouth, 2011 mellom Manchester City og Stoke, 2012 mellom Chelsea og Liverpool, 1946 mellom Derby og Charlton og 1947 mellom Charlton og Burnley. Mvh Sondre --88.89.103.4 22. mai 2021 kl. 12:26 (CEST)[svar]

FA-cupfinalen i fotball 1987[endre wikiteksten]

Hallo! Kan du leggja ut ein artikkel for FA-cupfinalen i fotball 1987 mellom Coventry og Tottenham det hadde vore fint. Mvh Sondre --88.89.103.4 22. mai 2021 kl. 12:27 (CEST)[svar]

Lagmalar for fotball-EM 2020[endre wikiteksten]

Hei! Kan dykk skapa lagmalar for fotball-EM 2020 alle laga skal leggjast til. Mvh Sondre --88.89.103.4 10. juli 2021 kl. 11:29 (CEST)[svar]

Blokkering[endre wikiteksten]

Er det slik at du er blokkert? Eg har sjekka i blokkeringsloggen, og berre ein brukar er blitt blokkert sidan du redigerte sist. Innlogga brukarar med same IP-adresse skal framleis kunna redigera. Ranveig (diskusjon) 26. oktober 2022 kl. 18:09 (CEST) Ja, eg prøvde å logge inn som migne, men fekk beskjed om at kontoen var oppteken. Skreiv likevel koda, men vart avvist. Opprett konto, står det oppe til høgre. Eg så gjorde som "Fivelstøyl", same leksa når eg prøvde meg vidare der. Eg trur kan hende det har samanheng med at eg for ein månads tid sidan la inn ein artikkel medan VPN var aktiv. Slikt skal vel ikkje gå an, med det gjorde det.--195.181.143.42 26. oktober 2022 kl. 19:09 (CEST)[svar]

Det høyrest ikkje godt ut. Men dette verker som problem med kontoen, ikkje blokkering. Er det mogleg at du har trykka på Opprett konto, som er blitt mykje synlegare med den nye utsjånaden, og ikkje Logg inn (som no er gøymd bak tre prikkar). Dette er den rette innloggingssida. Håper dette kan hjelpa. Ranveig (diskusjon) 26. oktober 2022 kl. 20:43 (CEST)[svar]

Lagmalar for fotball-VM 2022[endre wikiteksten]

Hei! Kan dykk leggja til lagmalar for fotball-VM 2022 i Qatar. Mvh Sondre 88.88.4.178 23. november 2022 kl. 15:20 (CET)[svar]

Referanse-avklaring[endre wikiteksten]

Hei Migne, ser at artikkelen Verdsmeisterskapen i orientering 2008 bygger på «Orientierungslauf-Weltmeisterschaften 2008» frå engelsk wikipedia. Er både engelsk og tysk wikipedia brukt, eller berre éin av dei? HerVal7752 (diskusjon) 28. april 2023 kl. 12:48 (CEST)[svar]

Berre tysk. Migne (diskusjon) 30. april 2023 kl. 12:24 (CEST)[svar]
Ok, fint å få avklart :) HerVal7752 (diskusjon) 30. april 2023 kl. 12:49 (CEST)[svar]

Hei Migne. Den siste veka har eg henta to av dine stortingsbiografiar over til bokmålswiki: Sverre Juvik og Edvard M. Edvardsen. Eg synest du skriv så godt i desse tekstane; du får med alle dei nødvendige detaljane, men samstundes klarer du å gjere på ein muntleg og naturleg måte. Stor takk for arbeidet! Mbh M.O. Haugen (diskusjon) 2. juni 2023 kl. 09:53 (CEST)[svar]

Velbekomme! Migne (diskusjon) 2. juni 2023 kl. 11:00 (CEST)[svar]