Brukardiskusjon:PerPlex

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Velkommen til Nynorsk Wikipedia Per! Håpar du likar deg og finn fleire artiklar å pussa på eller nye emne å skriva om. Skulle du ha nokon spørsmål så kan du spørje nær sagt kvar som helst, men di eiga diskusjonsside (denne), andre brukarar sine diskusjonssider (slik som mi) eller Wikipedia:Samfunnshuset er nok å foretrekka. Dei fleste aktive brukarane overvakar siste endringar og vil der få med seg kva du gjer. --Guttorm 15. juli 2005 kl. 12:26 (UTC)

Velkommen frå meg òg! EIRIK\diskusjon 15. juli 2005 kl. 13:26 (UTC)

Og velkommen ombord frå meg òg. :-) Olve 15. juli 2005 kl. 14:12 (UTC)

Hei og velkommen! Bjarte 15. juli 2005 kl. 19:20 (UTC)

Fint og sjå at du tek tak i anatomien! Ekko 15. juli 2005 kl. 22:03 (UTC)

Velkomen frå meg òg. Ver ikkje redd for å skrive om produkt, så lenge det gjerast nøytralt. Sjekk ut Kategori:Lækjemiddel for artiklar om liknande emne. -- Larsivi 9. august 2005 kl. 17:09 (UTC)

Hei igjen, eg er på eit lite commons-korstog om dagen :) Insulinbiletet ditt er svært flott, men om det ikkje finst noko på commons.wikipedia.org frå før, vil eg anbefale å laste det opp der. Då kan biletet brukast direkte for alle språka wikipedia finst på, og det utan at du treng endre koda i artikkelen. Om det kan unngåast, ynskjer vi ikkje at bilete skal lastast opp på nn. Unntaket er kanskje der sjølve biletet inneheld tekst som bør omsetjast. -- Larsivi 13. august 2005 kl. 08:28 (UTC)
Takk for korstoget Larsivi! Samd i at det er greiast å bruka Commons. Men eg kjenner meg noko utrygg om det er fritt fram for meg å lasta opp filer der frå andre wikiar. Når det gjeld insulin (som stort sett er henta frå en.) vil eg gjerne ha med figurane i avsnitta «Structure and production» og «Regulatory action on blood glucose». Desse ligg ikkje på Commons, men filbeskrivelsen seier fri bruk, (PD). Har nokon synspunkt på dette? --PerPlex 15. august 2005 kl. 09:44 (UTC)
Så lenge bileta er gode, bør jo dei liggje på commons. Og ettersom dei er PD kan òg du leggje dei der. Grunnen til at ein finn ein del bilete lokalt på dei ymse wikipediane, er nok fleire.
1. Dei har tekst på eit særskilt språk
2. Det er litt meir dill å laste dei opp til commons, for så å bruke dei på ein anna wikipedia. Dvs, at ein ikkje orkar gjere det enklare for alle som kjem etter, så lenge ein kan sleppe bittelitt arbeid på veldig kort sikt.
3. Kanskje den viktigaste, commons er ganske ny samanlikna med særskilt dei største språka. Før commons måtte ein laste opp bilete for kvart språk.
Det går elles an å leggje inn spørsmål på diskusjonssidene til artikkelen, eller sjå om der står noko om emnet frå før. -- Larsivi 15. august 2005 kl. 10:03 (UTC)

Nobelprisen i medisin[endre wikiteksten]

Nobelprisen i medisin vart kunngjeve i dag. Kan du vera med å gjera noko på dette? Sjå framsida på engels wikipedia og Svenska Akademin --Ekko 3. okt. 2005 kl. 18:16 (UTC)

Kva om du kunne sjå på gastritt og magesår. Eg kunne jo oversatt frå en:gastritis og en:Peptic_ulcer sjøl, men eg har aldri jobba med noko anna enn born og skjønar ikkje nokon ting av dette :-) --Ekko 5. okt. 2005 kl. 12:14 (UTC)
Eg har omsett så godt eg kunne, men det hadde vore fint om du kunne sjå over artiklane når du kjem tilbake. Det kan godt henda eg har snudd noko av informasjonen på hovudet. I gastrittartikkelen på en: stod det at sjukdommen kunne forårsakast av bile reflux, det veit eg ikkje kva er. -- Ranveig 5. okt. 2005 kl. 18:26 (UTC)

Benzodiazepin[endre wikiteksten]

Er ikkje benzodiazepin inkjekjønn? Med andre ord benzodiazepin i fleirtal? Uansett bør ein vel nytte eintalsform som oppslagsord?--Drguttorm 16. nov. 2005 kl. 14:22 (UTC)

Jaudå, det læt nok rett som du nemner. Stirra meg kanskje blind på bokmålskategorien Benzodiazepiner då eg omsette, og drog dette med meg runkt i teksten. Skal retta opp i artikkelen (trengst nok noko utdjuping der etter kvart òg), den som kan greia med omdirigering, får gjera det.--PerPlex 16. nov. 2005 kl. 22:09 (UTC)

– tenkte du kunne vera interessert i å vera med der... :-) Olve 19. des. 2005 kl. 07:39 (UTC)

Ja, gjerne det! Men innsatsen vil nok bli både periodisk og springande 8-)--PerPlex 21. des. 2005 kl. 22:43 (UTC)
Ja, her er vi da alle kengurulogar og arbeider med vitskapen på periodisk springande vis. (“Eit hopp hit, og eit hopp dit — og så kjem det je itte kæinn” (fritt etter Prøysen)) :-D Olve 21. des. 2005 kl. 22:51 (UTC)
Eg gjev deg med dette litt sjokolade som takk for utrøytteleg arbeide med å få New Zealand på kartet. Nyt dei med helsa og stå på! :-) Ekko 20:55, 20 november 2007 (CET)


Thanks for translating "my" article on Taraire - nice to see it in Norwegian, which I can understand bits of. Taraire is probably my favourite tree. Kahuroa 6. august 2008 kl. 01:05 (CEST)[svar]

Kia ora ki a koe hoki. Cheers for the message on my talk page, and keep up the good work - do let me know if I can ever be of some help. Kahuroa 10. august 2008 kl. 22:52 (CEST)[svar]

Trees of New Zealand[endre wikiteksten]

There have been little changes but very interesting about Trees of New Zealand, especially about pohutukawa, Can you update them?--Jaguarlaser (talk) 21:20, 11 August 2008 (UTC)

Thanks - done. --PerPlex 13. august 2008 kl. 23:18 (CEST)[svar]

Hei! Northland skal presenterast som vekas artikkel neste veke. I artikkelen om Ngã Puhi står det at dei held til i Northland og at dette er den største iwi'en med 122 000 medlem. I Northland-artikkelen står det at ein tredjedel av innbygjarane er maori og at det tilsaman bur 148 000 i regionen. Stemmer dette? Hogne 1. september 2008 kl. 21:32 (CEST)[svar]

Eg trur det kan stemma. Det er slik at langt frå alle māoriar lenger held til i dei opprinnelege områda sine, men har flytta kring til andre stader på øyene. Ved folketeljingane vert newzealandske borgarar bedne om å markera avstamminga si, og dette meiner eg går fram av Statistics New Zealand sitt skjema frå folketeljinga i 2006, der ein vart beden om å nemna name(s) på sin iwi (tribe or tribes): [1]. Dei har såleis òg høve til å rekna seg å høyra til fleire iwi i tillegg til kategorien New Zealender om dei så ønskjer. Eg har elles valt å lita på at tala frå Engelsk Wikipedia stemmer, det er ofte vanskeleg å finna att tala i tabellane frå SNZ der dei ofte er oppdelte i fleire grupper, slik at ein må ha lokalkunnskap for å få dei samla summane (t.d. er dette ofte tilfelle med folketal i byar med omliggjande rurale område, der ein må vita kva for område som er rurale kontra urbane - ser ikkje bort frå at eg kan ha plumpa i myra ved einskilde tilfelle!).

--PerPlex 1. september 2008 kl. 22:31 (CEST)[svar]

Takk, då let eg det stå slik! Hogne 2. september 2008 kl. 22:37 (CEST)[svar]

Kva seier nynorskmedisinarar om «hevelse», som ved adenitt (eg skriv om pest)? Brukar me det, eller finst det synonym? --Ekko 11. januar 2009 kl. 14:55 (CET)[svar]

  • Tja, eg brukar nok mest «hevelse» sjølv, endå «opphovning» kanskje kunne vera eit like brukande uttrykk somme stader? (Hovne eller opphovna lymfeknutar, til dømes.) Hevelse kjem vel frå å heva (eg får assosiasjonar til bakverk her), opphovning tykkjer eg kan hanga saman med å hovna (opp). Men eg tykkjer «hevelse» skal stå, det er eit så enkelt, greit, og velbrukt uttrykk at å setja inn andre nemningar her, lett kan verka oppkonstruert. --PerPlex 11. januar 2009 kl. 19:36 (CET)[svar]
Ja, det er jo viktig å nytte uttrykk folk faktisk møter og skjønar. --Ekko 11. januar 2009 kl. 20:04 (CET)[svar]

Bilder i boka 100 Norske sagn[endre wikiteksten]

I disse billedkrediteringstider, det er ute en bok av Ørnulf Hodne og Arthur Sand (ISBN 978-82-02-30563-5) på Cappelen Damm som bruker en del bilder fra oss. Nina Aldin Thune/Wikimedia (s9), Jan Arve Olsen/Wikipedia (s13), John Erling Blad/Wikimedia (s17), Nina Aldin Thune/Wikimedia (s37), Bjørnerud/Wikimedia (s38), Johan Fredrik Øhman/Wikimedia (s55), Lisa Seelye/Wikimedia (s100), Kekka (Kristin)/Wikimedia (s121) og PerPlex/Wikimedia (s164). Gratulerer! — Jeblad 2. feb 2011 kl. 01:00 (CET)

New Zealand[endre wikiteksten]

Hei! Jeg synes det er veldig artig å se så mange godt oversatte artikler om New Zealand på norsk. Jeg har tatt meg friheten til å oversette til bokmål. Hvis du er interresert i å dele arbeidsmengden så skriver jeg endel om australske emner, men jeg har også bodd et år på New Zealand så jeg har en grei peiling på newzealandske emner også. Og det er som kjent lettere å oversette mellom nynorsk og bokmål enn engelsk. Kan jo også være en mulighet til å lokke flere skribenter til å skrive om emnene og en enklere måte å spørre om råd. Profoss (diskusjon) 7. april 2012 kl. 09:14 (CEST)[svar]