Vantnål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vantnål på Sunnmørsottring
Foto: Andreas Vartdal

Ei vantnål vert brukt til å feste og stramme vant i eldre båtar. I tradisjonelle bruksbåtar har ho særleg vore brukt på Midt- og Nordvestlandet.

Vantnåla er ei trestikke med hol i. Vantet vert tredd gjennom holet og festa til nåla med eit stikk. I esinga på båten er ei toglykkje, ei urve, festa med ein jarnkrampe. Vantnåla vert tredd gjennom urva og lagd parallell med vantet. På vantet er tredd ein holk. Denne vert tredd nedover vantnålspissen og låser denne til vantet. Holken er helst ein hornring. Det har òg vore brukt togringar, til dømes tyrkerknop..

Vantnåla gjer at vantet svært raskt kan løysast frå båten. I naudsituasjonar har mastra kunna vorte holkestøytt. Det vil seie at holken har vorte dregen av vantnåla, som vert smett laus frå urva. Og så kan mastr og segl styrtast på havet.

Vantneler egnar seg godt til å stramme inn vant av hamp når dei har vorte slakke i tørt ver. Vanta må òg kunne strammast og slakkast på ein enkel måte, slik det vart gjort når dei gamle sunnmørsbåtane vende. Mastra vart då halla mot vinden.

Dette vantfestet har og vorte nytta utanlands, til dømes i Austersjøen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Øystein Færøyvik: Vestlandsbåtar, Grøndahl, 1987.