«Fram»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Fram» i isen
Karriere Norwegian Ensign
Namn: «Fram»
Verft: Colin Archer i Larvik
Sjøsett: 1892
Sett i teneste: 1893
Teke ut av teneste: 1912
Lagnad: Bevart, museumsskip på Frammuseet i Oslo
Generelle mål
Type: Skonnert
Tonnasje: 402 brt[1]
Lengd: 38,9 m
Breidd: 10,4
Draft: 4,57 m
Framdrift: Ekspansjonsdampmaskin, 220 hk
Segl
Fart: 7 knop
Mannskap: 16

«Fram» var eit skip som vart bygd for Fridtjof Nansen i 1891–1892. Byggmeister var Colin Archer. «Fram» vart brukt på tre kjende polarekspedisjonar. I si tid var ho det fartøyet som hadde vore lengst mot nord, og lengst mot sør på jorda. Ho er framleis det trefartøyet som har desse rekordane.

Den første Framferda[endre | endre wikiteksten]

Med Nansen som leiar[endre | endre wikiteksten]

Idé[endre | endre wikiteksten]

Målet med den første «Fram»-ferda var å vise at eit fartøy kunne drive med ein vestgåande havstraum over Nordishavet. På ferda skulle det utførast vitskaplege granskingar. Nansen gav uttrykk for at han hadde lyst til å nå Nordpolen, utan at det skulle gå ut over dei viktige måla.[2] Nansen fekk ideen om ei ferd mot Nordpolen tidleg på 1880-talet.[3] Under selfangartoktet med «Viking» til Aust-Grønland i 1882 fekk han fleire impulsar.

I juni 1884 vart det funne gjenstandar på Sørvest-Grønland som skreiv seg frå «Jeanette», skuta til den USA-amerikanske polarforskaren George Washington DeLong. Ho vart knust av isen og sokk i ishavet nord for Aust-Sibir i juni 1881. Nansen las om funnet i ein artikkel av professor Henrik Mohn i Morgenbladet i november 1884. Frå då arbeidde Nansen etter teorien om at eit skip måtte kunne drive med isen over Polhavet etter same straumen som vrakgodset etter «Jeanette» hadde følgt.

Først i 1888, etter Nansen si Grønlandskryssing, vart ideen om ein slik ekspedisjon drøfta offentleg.[4] I eit foredrag i Det norske Geografiske Selskab 18. februar 1890, la Nansen fram planane sine. Tanken hans var å bygge eit fartøy, så lite og sterkt som råd. Det måtte kunne romme eit mannskap på tolv, med kolforsyning og proviant for fem år. Fartøyet måtte vere bygd slik at det tolde trykket frå isen.[5]

Bygging[endre | endre wikiteksten]

Skipsbyggaren Colin Archer

Våren 1890 tok Nansen første gong kontakt med båtbyggaren Colin Archer i Larvik. Nansen hadde då fått teikna det første utkastet til polarskipet. Archer var ein av fleire, selfangarar og båtbyggarar, han vende seg til for å få vurdert utkastet. Archer var positiv i si vurdering. I desember same året drog Nansen, saman med Otto Sverdrup, til Larvik for å drøfte bygging av skipet. Nansen hadde før vendt seg til Christen Christensen i Sandefjord, men han fann oppgåva for stor.

Colin Archer var ikkje straks villig. Største utfordringa såg han i å skaffe høvelege materialar. Utover vinteren 1891 var det stadig kontakt mellom Nansen og Archer. Archer laga fleire teikningar og modellar. I april bad Nansen han sette i gang å skaffe materialar. Etter søknad til regjeringa fekk dei kjøpe vellagra eikematerialar frå Marineverftet i Horten. Dei får kjøpt mykje høveleg furu og gran frå nærliggande skogar ved Larvik. Noko material, som til dømes almetrea til kjøl, vart kjøpt i England. Sverdrup var i Stettin og kjøpte plankar til ishud og dekk.

I juli starta arbeidet med spanta på Laurvig Strandværft i Rekkevika på austsida av Larvikfjorden.[6] I september starta oppspantinga. Gjennom heile byggeprosessen var det stadig kontakt mellom Archer, Nansen og Sverdrup. Det vart stadig gjort justeringar av konstruksjon og innreiing. Meister på verftet under bygginga var Anders Olsen frå Brunlanes.

Med ein tonnasje på 402 brutto registertonn ved sjøsettinga, vart «Fram» større enn Nansen hadde tenkt seg. Største lengd vart 39,00 meter, og lengda i vasslinja 36,25 meter. Største breidda vart 11,00 meter. I tillegg kom ishuda av greenheart, som var opptil 15 cm tjukk. Tjukkleiken på dei bogeforma skipssidene var mellom 70 og 80 cm, for det meste kompakt tre. Breidda på kvart spantepar, som var av italiensk eik som hadde tørka i 30 år, var 55,8 cm. Den om lag 5 cm breie opninga mellom spanta vart fylt med ei blanding av bek og sagflis, frå kjølen til godt over vasslinja. Dette for å hjelpe til å halde skipet tett om hudene skulle få skade. Av den grunne kjølen var det berre 7 cm som stakk nedom den tjukke huda. Garneringa på innsida av spanta var av 10–20 cm tjukk pitchpine. Innvendig var òg skuta svært sterkt bygd. Bjelkane til dei to dekka var av eik og pitchpine, i store dimensjonar. Mellom dekka og skutesida var det mange skråstøtter. Alt var samanbunde med solide rotkne og jarnfeste. Det nedre dekket var plassert i vasslinja, der ein rekna med at presset av isen ville verte størst. I bakre del, over maskinrommet, måtte dette dekket hevast. Det øvre dekket bak vart heva endå meir for å gi rom for innreiinga. Skuta fekk med dette ein popp, eller eit halvdekk.

Innreiing[endre | endre wikiteksten]

Teikning av innreiinga i «Fram»

Roma for mannskapet låg under halvdekket. Fellessalongen låg i midten. Han var om lag 20 m². Her vart måltida inntekne, og dette var opphaldsrommet. Kring salongen låg lugarane. På båe sider var det to einmannslugarar. Bakanfor salongen var to firmannslugarar. Lugarane låg slik for å verne opphaldsrommet mot kulde. Salongen vart òg svært godt isolert. Eit vasstett linoleumslag skulle hindre at den fuktige lufta i opphaldsrommet kom ut mot skutesida og gi problem med kondens og is. Skipssidene var dekt med tjøra filt, så eit mellomrom fylt med kork, eit granpanel, eit nytt filtlag, linoleum og eit lag til med granpanel. Taket var kring 40 cm tjukt, og var oppbygd av mange lag: Filt, granpanel, linoleum, reinhårsfyll, granpanel, linoleum, luft og granpanel. Det vart brukt reinhårsfyll berre i horisontale flater, der det ikkje så lett seig saman og laga kuldebruer. I golvet var tjukke korkfylte lag. Framom salongen låg byssa, der maten vart tillaga. Over byssa var bestikklugar, og ein liten arbeidslugar. Frå salongen var ein oppgang på kvar side av byssa. I kvar av oppgangane måtte ein gjennom fire små dører. Dei var laga av fleire lag tre med filt imellom. Dørstokkane var uvanleg høge. Alt dette var gjort for å minske varmetapet i opphaldsrommet. Frå rekka og ned til ishuda var skroget kvitmåla. Botnen var svart. Dekkshuset var raudt, så det skulle vere lett å få auge på i isen.

Ferdiggjering[endre | endre wikiteksten]

26. oktober 1892, då skipet var døypt av Eva Nansen og sjøsett, fekk det namnet «Fram». Det vart liggande for vidare klargjering i Larvik. I slutten av november vart det slept til Kristiania for montering av master og rigg. I samråd med Sverdrup hadde Archer teikna ein rigg med tre master. Det vart rigga som ein slettoppa skonnert. I toppen av stormasta vart plassert ei utkikstønne. Ho var om lag 32 meter over vatnet. Det totale seglarealet var 602 m².[7] I Kristiania vart òg dampmaskinen innsett. Det var ein trippel ekspansjonsmotor på 220 indikerte hk.[8] Maskinen var bygd og montert av Akers mekaniske Verksted, og konstruert av ingeniør Prosper Nørbech. Propellen hadde to blad og var montert i ein brønn, slik at han skulle kunne heisast opp når skipet vart fast i isen. Like eins kunne roret heisast opp når ein ynskte det.

Finansiering[endre | endre wikiteksten]

I den lange planleggingsperioden var finansiering av nordpolekspedisjonen eit viktig emne. Det var mange som meinte at dette skulle verte ein norsk ekspedisjon, både gjennom deltakarane og finansieringa. Den 30 .juni 1890 gav Stortinget lovnad om 200 000 kroner. I januar 1891 sette Thomas Fearnley, Axel Heiberg og Ellef Ringnes i gang innsamling for å finansiere resten av kostnadane. Det vart samla inn over 125 000 kroner. Kong Oscar II gav 20 000 kroner. 9. juni 1893 fekk Nansen ei ny løyving på 80 000 kroner frå Stortinget. Løyvingane frå Stortinget innebar at «Fram» vart staten sin eigedom. Nansen hadde tenkt at polarskipet ville koste kring 150 000 kroner. I sluttrekneskapen, ved avreisa, syner skipskontoen utgifter på 271 927,08 kroner. Heile rekneskapen balanserte på kroner 444 339,36. Då hadde Heiberg og Charles James Adolph Dick, godseigar på Fornebu,gitt 6 000 kroner kvar, og Nansen betalte over 8 000 kroner av eigne midlar.

Ferda[endre | endre wikiteksten]

Sjå og Mannskap på første «Fram»-ferda
Mannskapet på første Fram-ferda

Nansen arbeidde heile tida med å finne tak i, og forbetre, proviant og anna utstyr. Mannskap vart hyra utover vinteren 1893. Det var fleire hundre som melde seg med interesse av å vere med. Det vart ført journal, og teikna kart, over alt som vart stuva ombord, og det vart lagt vekt på at mannskapet skulle ha oversikt over lasta.[9] Då «Fram» forlet Kristiania 24. juni 1893 var det tolv mann ombord som skulle vere med på ekspedisjonen. I Tromsø vart den trettande teken med på svært kort varsel.

I Larvik vart det teke ombord to større båtar, Dei var 8,8 m lange og 2,1 m breie. Desse var tenkt til å bu i om skipet skulle forlise. Til saman hadde «Fram» åtte båtar med, mellom dei ein med petroleumsmotor. I delar av reisa, når det var mange som skulle ha køyplass ombord i «Fram», vart storbåtane brukt til overnatting for mannskap, og andre. Dei gjekk under namna «Grand» og «Gravesen».[10] Ved Lindesnes fekk ein merke skipet sine dårlege eigenskapar i sjøen. Noko høg sjø gjorde at «Fram» slingra veldig, det vart problem med dekkslasten, og noko gjekk tapt.[11]

22. juli forlet «Fram» Vardø. Ferda gjekk austover. Først mot Novaja Semlja. I Khabarova ved Jugor-sundet vart det teke ombord 34 hundar. Så gjekk ferda vidare gjennom Karahavet, rundt Tajmyrhalvøya og inn i Laptevhavet. Vest for Nysibirøyane fann dei ope hav og kom om lag til 79º nord før «Fram» den 22. september 1893 fraus fast i isen. Dei var då på 133º 32' aust. Det vart gjort klart for å drive i isen. Roret vart oppteke, men propellen let dei stå for å forsterke akterenden. «Fram» var utrusta med dynamo og batteri for å gi elektrisk lys ombord. Dynamoen vart driven av dampmaskinen når han gjekk. I isen vart det tilrigga ei stor vindmølle ombord, som gav straum ved høveleg vind. På slutten vart ho for utsliten til å gjere nytte.

Kart over første «Fram»-ferda

Nansen var i byrjinga ofte i tvil om teorien som ekspedisjonen var grunna på, og om det gjekk rette vegen.[12] Etter kvart viste hovudretninga mot nordvest, sjølv om det var mange avvik og tilbakegangar. 79º nordleg breidde vart nådd 29. september, 80º nordleg breidde 1. februar 1894 og 81º nordleg breidde 21. mai. Den 18. juni viste observasjonane at dei var på 81º 52'. Men så gjekk det sørover att, og først 21. oktober var dei på 82º. Ved juletider 1894 passerte dei 83º nordleg breidde. «Fram» var ofte utsett for isskruing. Nansen og Archer sin konstruksjon av skroget verka som dei hadde venta. «Fram» vart skrudd opp, og vart ikkje knust. Først i januar 1895 måtte mannskapet likevel gjere seg klar til å forlate skuta. Sterk skruing gjorde at isen tårna seg opp og var på veg innover sida på «Fram». Skruinga stoppa i tide, og det gjekk bra denne gongen òg.

I november 1894 bestemte Nansen seg for ei sledeferd mot nord. 14. mars 1895 starta han og Hjalmar Johansen med 28 hundar. Posisjonen til «Fram» var då 84º 4' nordleg breidde og 102º austleg lengde.[13] Nansen og Johansen snudde på 86º 14'. Dei overvintra på Frans Josefs land. I juni 1896 møtte dei Frederic Jackson, og vart med skipet hans, «Windward», til Noreg. Dei kom til Vardø 13. august.

Sverdrup overtek leiinga[endre | endre wikiteksten]

Otto Sverdrup i lugaren.

Ved avreisa gav Nansen kommandoen over «Fram», og ekspedisjonen, til Otto Sverdrup. Det vart betre plass ombord, men samtidig færre om oppgåvene. Det vitskaplege arbeidet heldt fram. Drifta var stadig skiftande, men hovudretningane var vest og nord.. Mellom mannskapet var det drifta mot vest og ope vatn som gav mest oppmuntring. I slutten av juni nådde «Fram» 80° austleg lengde. Ein månad seinare var dei forbi 73°, for så, seint i september å vere attende til 82° A. Så gjekk det vestover att, og kring jul passerte dei 50° aust. Den høgste breiddegraden som vart observert ombord i «Fram» var 85° 57' nord, den 16. oktober 1895.[14] Dette var den nordlegaste posisjon for noko skip opp til 1939. Den russiske isbrytaren «Sedov» fraus fast i isen og fekk ei ferd etter om lag same ruta som «Fram». Han nådde 86° 40 ' 29. august 1939.[15]

I august 1895 laga det seg ei opa råk kring «Fram». Mannskapet forhala då skuta vekk frå dei vanskelegaste iskossa, før ho vart fortøya for ei ny overvintring. 16. mai 1896 var «Fram» på 12° 50' austleg lengde. Dei var framleis kring 84º nord. 18. mai tok dei til å gjere maskinen klar. Den 19. hadde dei dampen oppe for første gong sidan hausten 1893. 3. juni vart «Fram» sprengd laus frå isen. På grunn av mykje is og skruing var det først 17. juli dei kunne ta fatt på arbeidet med å kome seg ut or isen. Den 13. august var «Fram» i ope vatn. Mannskapet var i land på Danskøya, vest for Nord-Spitsbergen. Der var Andrée i ferd med å førebu ballongferda mot Nordpolen. Det var då 1041 dagar sidan mannskapet på «Fram» hadde sett land. 19. august kom «Fram» til Skjervøy. Der fekk dei vite at Nansen og Johansen var komne til Noreg. Til Tromsø kom dei same dag som Nansen, den 21. august. «Fram» bar tydeleg preg av tre harde år. Det var mest slitasje og skit. 20 vaskekoner dreiv reingjering ombord medan skuta låg i Tromsø.[16] Sjølve skrogkonstruksjonen var uskadd.

26. august starta ferda sørover langs norskekysten. «Fram» og «Otaria», sir Robert Baden-Powell sitt skip, med Nansen ombord, slept av «Haalogaland». Ekspedisjonen kom til Kristiania 9. september, der mykje festivitas venta.

Andre Framferda[endre | endre wikiteksten]

Ide[endre | endre wikiteksten]

Ellesmereøya i det nordaustlege Canada
Mannskapet på andre framferda

Det var mange som meinte at Noreg måtte halde fram med oppdagingsferder i nord. Alt i september 1896, like etter heimkoma frå ishavet, vart Otto Sverdrup spurd av Nansen om han ville leie ein ny ekspedisjon med «Fram». Sverdrup tok på seg det, sjølv om planane for ein slik tur var svært lause. «Fram» var staten si eige. Det vart skipa eit reiarlag for skuta til den påtenkte ferda. Det var konsul Axel Heiberg, og brørne Amund og Ellef Ringnes, som stod bak. Det uttalte målet var at ekspedisjonen skulle utrette noko for Noreg og vitskapen.[17] Ein skulle freiste å fastslå Grønland si utstrekning mot nord.

I juni 1897 vart «Fram» slept til Larvik. Der skulle Colin Archer gjere ymse ombyggingar. Det viktigaste var å få plass til større mannskap, og å få høgare fribord, så det vart mindre overvatn på dekk. Dette gjorde Archer ved å bygge eit nytt dekk frå maskinrommet, der det gamle dekkshuset stod, og til baugen. Under det nye fordekket vart det innreidd salong og fleire lugarar. For å gjere skuta lettare å styre vart det påsett ein falsk kjøl, 39 cm bak, minkande til null framme. For å minske faren for skadar, vart han ikkje fest med gjennomgåande boltar. Fokkemasta vart heva vel to meter, og fekk nytt mastespor på mellomdekk.

Ekspedisjonen[endre | endre wikiteksten]

Sjå og Mannskap på andre «Fram»-ferda

«Fram» hadde eit mannskap på 16 då ho forlet Kristiania 24. juni 1898. I slutten av juli tok dei ombord vel 70 hundar i Egedesminde og Godhavn på Vest-Grønland. I Smithsundet, mellom Vest-Grønland og Ellesmereøya, var det vanskelege isforhold. Sverdrup greidde ikkje å få skuta inn i Kanesbassenget. I slutten av august vert det gjort klart til overvintring i Rice Stretet på Ellesmereøya.

Det var ikkje råd å kome vidare mot det nordlege Grønland i 1899 heller. Isen var for kompakt. Dette første året hadde mannskapet på «Fram» vore i kontakt med Robert Peary nokre gonger. Han hadde heilt frå midten av 1880-talet vore i aktivitet i området. Det store målet hans var å nå Nordpolen, noko han greidde, som førstemann, i 1909. No dreiv han kartlegging og granskingar. «Fram»-mannskapet vart samd med han om å undersøkje kvar sitt område. Peary skulle halde seg nord for Smithsundet, medan Sverdrup med mannskap skulle arbeide mot den uoppdaga vestsida av Ellesmereøya. Forholdet mellom Peary og Sverdrup var ikkje godt. Peary skulda Sverdrup for å ha stole kart han hadde teikna.[18]

«Fram» 17. mai 1899

Overvintringa 1899 til 1900 var i ein nyoppdaga fjord, Hamnefjord, ved Jonessundet på sørsida av Ellesmereøya. Hausten 1900 la dei seg til i Gåsefjorden noko lenger vest. I 1901 var det planar om å avslutte ekspedisjonen, men isforholda gjorde at dei måtte overvintre i Gåsefjorden til 1902. Utanom hardaste vinteren var ekspedisjonsdeltakarane stadig i aktivitet med oppmålingar og innsamling av vitskapleg materiale. På sledeferdene, som var opp til 1 550 km lange, var dei nord til 81º 40' nordleg breidde. Mange geografiske område fekk norske namn. Dei store øyane Axel Heibergs land, Amund Ringnes' øy og Ellef Ringnes' øy fekk namn etter «Fram» sine reiarar. Andre «Fram»-ekspedisjonen kartla kring 150 000 km². Dei tok med 50 000 planteprøver og kring 2 000 glas med prøver av lågtståande dyr.

Otto Sinding si framstilling av brannen ombord i «Fram» 27.mai 1900

På denne ekspedisjonen døydde to av mannskapet. I juni 1899 utførte lækjaren Johan Svendsen sjølvmord.[19] I september døydde fyrbøtar og altmoglegmann Ove Braskerud, truleg av lungebetennelse. 27. mai 1900 braut det ut brann ombord. Truleg var det gneistar frå byssa som sette fyr i teltet som var spent over dekk. Etter iherdig innsats av det mannskapet som var ombord, vart «Fram» redda. Det vart gjort ein del skade. Mellom anna måtte mastene høvlast og stellast. Mykje løpande og ståande rigg måtte skiftast. Våren 1902 vart det køyrt mykje grus og sand på isen, slik at sola skulle hjelpe til med smeltinga. Den 6. august kunne dei ta fatt på heimvegen. Dei nådde Grønland 17. august. 18. september 1902 var dei ved Utsira og fekk los ombord. Andre «Fram»-ferda enda med stor velkomst i Kristiania.

30 vitskapsfolk arbeidde i meir enn 20 år med det vitskaplege materialet frå ekspedisjonen. I 1930 hadde det resultert i fem store illustrerte bind: Report of the second Norwegian Arctic Expedition in the «Fram» 1898-1902.[20]

Tredje Fram-ferda[endre | endre wikiteksten]

Roald Amundsen

Ide[endre | endre wikiteksten]

Fridtjof Nansen hadde planar om ein tur mot Sørpolen. Under overvintringa på Frans Josefs Land 1895-1896, planla han og Hjalmar Johansen ei slik ferd i detalj. Etter heimkoma fekk han Colin Archer til å teikne eit skip som skulle nyttast til ein slik Sørpolekspedisjon.[21] Nansen vart svært oppteken med etterarbeid etter første «Fram»-ferda, og internasjonalt diplomati kring unionsoppløysinga i 1905. I 1907 vart han kontakta av Roald Amundsen, som ville nytte «Fram» til ein Nordpolekspedisjon. Nansen hadde framleis hug til ein ekspedisjon mot sør. Han såg at skulle det verte måtte han nytte «Fram». Han let Amundsen få overta «Fram». Nansen såg gjerne at ein slik ekspedisjon vart gjennomført. Omsynet til familien gjorde og at han gav opp sine eigne planar.[22] Amundsen planla å starte drifta over Ishavet lenger aust enn «Fram» hadde gjort i 1893. Det ville han oppnå ved å gå nord gjennom Beringstredet.

«Fram» hadde lege i opplag i Horten sidan andre «Fram»-ferda vart avslutta i 1902. Naudsynte reparasjonar måtte utførast. «Fram» vart sett i dokk ved Marineverftet i Horten. Botnen vart skrapa og reingjord. Skroget vart måla svart, med to gule striper. Dampmaskinen vart utbytt med ein dieselmotor på 360 hk. Det vart bygt nytt dekkshus, med ratt på taket. Riggen vart og noko endra

I 1909 vart det kjent at Robert Peary hadde nådd Nordpolen. Amundsen endra planar. Målet for ekspedisjonen vart Sørpolen. Svært få fekk kjennskap til dei endra planane. Avreisa vart utsett til 1910. I mellomtida vart det gjort istand ei hytte som skulle takast med. Etter avtalt med Nansen la først «Fram» ut på oseaneografiske undersøkingar i Atlanterhavet vest for Storbritannia. Det vart då problem med maskinen. Det måtte grundig overhaling til. Til drivstoff bytte ein frå solaroljen var til reinsa petroleum. Det vart og hyra inn ein ny maskinist, Knut Sundbeck. Han hadde vore med å konstruere motoren hjå leverandøren i Stockholm.

Ekspedisjonen[endre | endre wikiteksten]

Sjå og Mannskap på tredje «Fram»-ferda
«Fram», slik ho såg ut på tredje Framferda.

Den 9. august 1910 starta «Fram» på Sørpolekspedisjonen. No var det teke ombord 97 hundar, som var sende frå Grønland. For å gjere forholda for dyra best råd, vart det festa flakar på dekk. Då vart det mindre problem med overvatnet. I tropane vart det spent solsegl over dekk. I Funchal på Madeira, der «Fram» var i slutten av september, måtte det overraska mannskapet, på kort varsel, avgjere om dei ville vere med mot antarktis. Ingen trekte seg. Den einaste som vart avmønstra på Madeira var stuerten Sandvig. Det var av andre grunnar. Omverda vart orientert om dei nye planane. Det vart sendt telegram til Robert Scott som gjorde seg klar til å nå Sørpolen. 14. januar 1911 var «Fram» ved barrieren i Kvalbukta. Amundsen og åtte mann til gjekk frå borde. Dei sette opp hytta dei hadde med frå Noreg, og etablerte leiren Framheim. «Fram», med eit mannskap på 9 drog frå isbarrieren 15. februar. Førar, og den som hadde kommandoen ombord i «Fram», var Thorvald Nilsen. Først gjekk dei så langt sør det var isfritt, til 70° 41' sørleg breidde. I tillegg til at «Fram» i 1895 var det fartøyet som hadde vore lengs mot nord, var det og det som no hadde vore lengst mot sør. «Fram» drog til Buenos Aires, for reparasjonar og forsyningar. Dit kom dei 17. april. Dei neste månadane vart det utført oceanografiske målingar i Sør-Atlanteren. I september var «Fram» attende i Buenos Aires, for å gjere klart til å gå til Antarktis for å hente Amundsen og dei andre ekspedisjonsdeltakarane. I januar kom dei attende til Kvalbukta. 10. januar fekk dei kontakt med Presterud, Johansen og Stubberud, som hadde vore på ei seks vekers sledeferd austover på Kong Edvard VII Land. Uroleg ver og mykje drivis tvinga «Fram» må gå til havs att. 29. januar møte dei Amundsen og dei andre som hadde vore på Sørpolen. Isen hadde minka slik at skuta kom mest heilt til Framheim. Dagen etter, 30. januar 1912 tok «Fram» fatt på turen til HobartTasmania. Dit kom dei 7. mars, og Amundsen kunne fortelje verda at Sørpolen var nådd. Dei reiste frå Tasmania 20. mars, og kom til Buenos Aires 7. mai. Sidan «Fram» starta frå Noreg 7. juni 1910, hadde skipet reist 54 400 nautiske mil, vel 100 000 km, og vore rundt jorda to gonger.[23] Mannskapet drog heim til Noreg. «Fram» vart liggande i Buenos Aires.

Avlyst Nordpolekspedisjon[endre | endre wikiteksten]

Etter Sørpolferda var Amundsen i pengemangel. Det, og ymse anna, gjorde at det vart usikker med Nordpoleekspedisjonen, som han skulle leggje ut på etter at Sørpolen var nådd. Etter mellom anna sterkt press frå Nansen, gjorde Amundsen, i mai 1913, seg klar til å halde fram på ein ny ekspedisjon med «Fram».[24] Mannskapet kom ombord att i Buenos Aires. Amundsen hadde fått tilbod om at «Fram», som eit av dei første skipa,kunne bruke Panamakanalen. Han skulle setjast i prøvedrift hausten 1913. Kaptein Nilsen, og mannskapet, tok laust frå Buenos Aires 14. august og kom til Colon, ved det nordaustlege innløpet til Panamakanalen. Det vart utsetjingar med prøvedrifta. Kaptein Nilsen fekk nye ordrar. Han skulle gå til Buenos Aires, for så å halde fram rundt Kapp Horn. I San Fransisco skulle han møte Amundsen. I Buenos Aires vart det fastslege at «Fram» hadde store skadar etter lang tid i varme farvatn. Kursen vert endra attende til Noreg. Der skulle «Fram» reparerast. Ho kom til Horten 16. juli 1914. Dei store reparasjonane som måtte til, Amundsen sine pengemanglar og utbrotet av første verdskrigen, gjorde at nordpolekspedisjonen vart utsett på ubestemt tid. Fram vart liggande i Horten.

Roald Amundsen sin økonomi betra seg gjennom investeringar i shipping i krigsåra. Hann fekk bygd eit nytt skip, «Maud». Han fekk lov til å bruke alt han kunne gjere seg nytte av ombord i «Fram». Mykje vart fjerna. Mellom anna vart mastene, rundholt, og om lag heile riggen nedteken. «Maud» la ut på ferda gjennom Nordaustpassasjen sommaren 1918.

Museumsskip[endre | endre wikiteksten]

Frammuseet

Etter tredje «Fram»-ferda var det mange som tok til orde for at «Fram» måtte vernast. Det vart kritikk over alt som vart teke over til «Maud».[25] Den første Framkomiteen, til bevaring av skuta, vart nedsett 16. desember 1916. I åra som følgde vart lite gjort. I 1925 vart det gjort ymse utbetringar på «Fram». Det vart montert blikktak over skroget for å avgrense skadane av nedbøren. Dette vart gjort av midlar som for det meste var innsamla av Christiania Seilforening. Utover 1920-talet var det kanskje Otto Sverdrup som arbeidde iherdigast for at «Fram måtte vernast.

I 1929 utnemnde Kyrkjedepartementet ein komite som skulle uttale seg om kva som skulle gjerast med «Fram». Otto Sverdrup, og dei han samarbeidde med, frykta at konklusjonen skulle verte at det ikkje fanst pengar til reparasjon, og så måtte skuta gå til opphogging. Sverdrup tok kontakt med kvalfangar Lars Christensen i Sandefjord. Han tok på seg å betale dei 70 000 kronene det ville koste å restaurere «Fram». Fram-komiteen fekk overta «Fram» for restaurering. Arbeidet vart utført ved Framnæs Mekaniske Verksted. Skuta vart restaurert til slik ho framstod under andre Framferda, 1898-1902. Otto Sverdrup hadde oppsyn med arbeidet.

Det var vanskeleg å finne store nok mastetre. Dei vart til slutt leverte frå vestkysten av Nord-Amerika. Etter restaureringsarbeidet vart «Fram» slept til Trondheim for å synast fram under Trøndelagsutstillinga i 1930. I 1931 vart skuta overdregen til Fram-komiteen si eige.

I 1934 vart det utlyst arkitektkonkurranse om eit hus for «Fram». Vinnar vart arkitekt Bjarte Toien. Huset vart reist på Bygdønes. Arbeidet på tomta starta 9. mars 1935. I mai vart «Fram» slept frå Horten til Oslo. 10. juli var «Fram» trekt på land og plassert i tomta. Framhuset kunne no fullførast. Det vart vigsla 20. mai 1936.

Stader med namn etter «Fram»[endre | endre wikiteksten]

Kart som syner Framsundet

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Fritjof Nansen: Fram over Polhavet. Den norske polarfærd 1893-1896 H.Aschehoug & CO.s forlag 1897
  • Otto Sverdrup: Beretning om «Fram»s drift efter 14de mars 1895 i Fram over Polhavet. Anden del.
  • Tor Borch Sannes: Colin Archer skipene Bokhandlerforlaget 1978
  • Tor Borch Sannes: Fram Norsk Maritimt Forlag A/S 1989
  • Fritjof Nansen: Brev I 1882-1895 Utgitt for Nansenfondet av cand. philol. Steinar Kjærheim. Universitetesforlage 1961
  • Hjalmar Johansen: Selv-anden paa 86° 14' H.Aschehoug & CO.s forlag 1898
  • Odd Arnesen: «Fram» Hele Norges skute Jacob Dybwads Forlag 1942
  • Wolfgang Sonntag: Fridtjof Nansen Gyldendal Norsk Forlag 1947
  • Per Egil Hegge: Otto Sverdrup Aldri rådløs J.M. Stenersens Forlag AS 1996

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Amundsen, Roald, The South Pole; an Account of the Norwegian Antarctic Expedition in the Fram, 1910–12, Volume 2, Appendix I, «The Fram» (1912). Translated by Sydpolen.
  2. Nansen Brev 1 s 188. Brev til kaptein Hans C. Johannesen, Tromsø desember 1892
  3. Sannes. Fram s. 27
  4. Sannes Fram s. 29
  5. Talen referert i marshefte av «Naturen»
  6. Sannes Colin Archer skipene
  7. Sannes Fram s. 273
  8. Sannes. Fram s. 73
  9. H. Johansen s. 2
  10. H. Johansen s. 7
  11. Nansen: Fram over Polhavet s 75
  12. Nansen: Fram over Polhavet s 225
  13. Sannes. Fram s. 110
  14. Sannes Fram s. 113
  15. «Arktis». Store norske leksikon (på norsk). 22. august 2023. 
  16. Sannes. Fram s. 127
  17. Sannes. Fram s.143
  18. Hegge s. 99-102
  19. Hegge s. 105
  20. Sannes Fram s. 167
  21. Sannnes Colin Archer skipene s. 111ff
  22. Sonntag s. 258
  23. Sannes Fram s 242
  24. Sannes Fram s, 249
  25. Arnesen s. 232
  26. Hegge
  27. Norsk Alkunnebok IV Fonna Forlag 1953

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: «Fram»