Ås produksjonslab AS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Logo ved inngang for varelevering

Ås produksjonslab AS er ein norsk legemiddelfabrikk som ligg sentralt i Ås kommune. Han produserer flytande, ikkje-sterile legemiddel, næringsmiddel og kosmetikk etter Forskrift om tilvirkning av legemidler i apotek.

Ås produksjonslab byrja som produksjonsavdelinga ved Ås apotek i 1987. Produksjonsavdelinga blei skild ut frå apoteket i 2003. Deretter blei Serviceproduksjon AS, som er eit eit dotterselskap av Apotekforeninga, eigaren til Ås produksjonslab. Ås produksjonslab blei så kjøpt opp av Curida Holding AS i 2018, og blei ein del av Curida-konsernet.[1]

Ås produksjonslab produserer over 50 ymse produkt på vegner av Serviceproduksjon AS. Ei oversikt over deira produkt er tilgjengeleg på nettstaden til Apotekforeninga.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Om Ås produksjonslab AS», Curida, arkivert frå originalen 9. juli 2021, henta 5. juli 2021 
  2. «Informasjon om NAF-preparater | Apotekforeningen», www.apotek.no, henta 5. juli 2021