Île de Ré

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Île de Ré
St. Martin på Île de Ré
St. Martin på Île de Ré
Geografi
Stad Biscayabukta
Koordinatar 46°12′N 1°25′W

Areal 85 km²

Administrasjon
Land Frankrike
Departement Charente-Maritime

Demografi
Folketal 15 000 (1999)

Île de Ré (òg kalla Île de Rhé) er ei øy utanfor vestkysten av Frankrike nær La Rochelle, på nordsida av sundet Pertuis d'Antioche.

Øya er 30 km lang, og 5 km brei, og er forbunde med La Rochelle på fastlandet via ei 2,9 km lang bru, som stod ferdig i 1988.

Administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Administrativt er øya ein del av departementet Charente-Maritime, i regionen Poitou-Charentes.

Øya er delt inn i ti kommunar: Rivedoux-Plage, La Flotte, Sainte-Marie-de-Ré, Saint-Martin-de-Ré, Le Bois-Plage-en-Ré, La Couarde-sur-Mer, Loix, Ars-en-Ré, Saint-Clément-des-Baleines, Les Portes-en-Ré.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I romartida var Île de Ré ei øygruppe på tre øyar. Området mellom desse små øyane vart gradvis fylt igjen i ein kombinasjon av menneskeleg aktivitet (saltsletter frå sjøen) og tilslamming.

I 1627 gjekk ein engelsk invasjonsstyrke, under George Villiers, Hertug av Buckingham sin kommando, til åtak på øya for å lette omleiringa av La Rochelle. Etter tre månadar med kampar og omleiringar vart hertugen tvunge til å trekke seg tilbake.

Tyske bunkersar på nordenden av øya (Conche des Baleines).

Det vart bygd festningsverk av Vauban ved den største hamna på øya, St. Martin, i 1681. Desse vart seinare brukt som mellombels stasjon for straffangar på veg til fangekoloniar på Ny-Caledonia og Fransk Guyana.

Under den andre verdskrigen laga tyskarane festningsverk på strendene på Île de Ré for å hindre ein mogeleg invasjon frå sjøen. Mange bunkersar er framleis synleg. Fleire scenar frå filmen The Longest Day frå 1962 vart filma på desse strendene.

Samband med fastlandet[endre | endre wikiteksten]

Eit transitskip, eller «Bac», og brua under konstruksjon i 1987.

I 1987 vart det bygd ei 2 km lang bru mellom øya og fastlandet. Fram til då var det lekterskip (kalla «Bac») som førte passasjerar og køyretøy til øya. I høgsesongen om sommaren var ventetida på desse båtane ofte mange timar. Brua vart bygd av selskapet Bouygues. Sidan brua stod ferdig har turistaktiviteten på øya tatt seg kraftig opp og eigedomsprisane har nådd svært høge nivå. Det enklare transportsystemet har ført til at mange folk frå Paris har kjøpt feriehus på øya, som dei kan vitje i helgane. Turen mellom Paris og La Rochelle tar om lag 3 timar med tog, og drosjar kan nyttast vidare til øya.

Livet på øya[endre | endre wikiteksten]

Området er ein populær turistdestinasjon. Ho har om lag like mange soltimar som Den franske rivieraen. Øya har derimot så godt som alltid ein lett bris og sjøen er forholdsvis kjølig. Rundt øya er det langgrunne sandstrender, som passar godt for familiar og turistar.

Hamna i St. Martin på Île de Ré.

Om vinteren bur det om lag 19 000 innbyggjarar på øya, men dette talet aukar kraftig til 160 000 om sommaren. Sidan den lokale folksetnaden er spreidd utover heile øya, vert det aldri særleg overfylt. Øya er dekt av sykkelstiar, og mange av dei fastbuande nyttar sjeldan bil for å kome seg rundt. Det er mange campingplassar og hotell på øya, i tillegg til store supermarked og alle moderne livsgoder. Mange familiar er på øya heile ferien sin.

Natteliv finn ein hovudsakleg i St. Martin, den viktigaste byen, og La Flotte, der butikkane held ope svært seint, i tillegg til mange restaurantar.

Østers og fersk fisk er alltid mogeleg å få tak i. Det er ein tradisjon at når fiskarane kjem tilbake frå sjøen, så sel dei ein liten del av fangsten sin direkte på kaia, slik at dei kan ta seg ein øl før dei går heim. Markeda er open kvar dag i dei større landsbyane, og er ein populær stad for shopping, eting og prating.

I nærleiken ligg Fort Boyard, ei gamal festning, som vert brukt i underhaldningsprogram på TV med same namn. I Noreg vart programmet kalla Fangene på fortet.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]