Ørkenklima

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stader med tørt klima ██ BWh██ BWk

Ørkenklima (BWh, Wk og BWn i Köppen si klimaklassifisering), òg kjend som tørt klima, er klimasoner som ikkje møter kriteria for å kunne klassifiserast som arktisk klima, og soner der nedbøren er så låg at det ikkje finst plantevekst i særleg grad.

Eit område med dette klimaet vil vanlegvis (men ikkje alltid) ha mindre enn 250 mm nedbør per år og i somme år ikkje noko nedbør i det heile. I somme tilfelle kan eit område ha meir enn 250 mm nedbør årleg, men vert likevel rekna for å ha ørkenklima fordi området mistar meir vatn via evapotranspirasjon enn nedbøren som blir tilført (Tucson i Arizona og Alice Springs i Australia er døme på dette).

Det er vanlegvis to eller tre variantar av ørkenklima: Varmt ørkenklima (BWh), kaldt ørkenklima (BWk) og stundom mildt ørkenklima (BWn). I tillegg vert det ofte nytta tre isotermar for å skilje varmt og kaldt ørkenklima: Anten ein årleg middeltemperatur på 18 °C, eller ein middeltemperatur på 0 °C eller -3 °C i dei kaldaste månadane- Så ein stad med ein «BS»-type klima med temperaturane høgare enn 18 °C er klassifisert som «varm halvørken» (BWh), og ein stad med temperatur under dei lågaste temperaturen over er klassifisert som «kald halvørken» (BWk).

For å avgjere om ein stad har ørkenklima må ein setje grenseverdiar for nedbør. Å finne nedbørsgrensa (i millimeter) må ein først multiplisere den årlege middeltemperaturen i °C med 20, og så legge til 280 om 70% eller meir av den totale nedbøren kjem i halvåret då sola står høgast (april til september på den nordlege halvklua, eller oktober til mars på den sørlege), 140 om 30%–70% av den totale nedbøren kjem i den same perioden, eller 0 om mindre enn 30% av den totale nedbøren kjem i denne perioden. Om den årlege nedbøren i området er mindre enn halvparten av denne grensa, vert det klassifisert som BW (ørkenklima) det er veldig varmt og kan også bli opp til 50 grader i skyggen.[1]

Varme ørkenklima[endre | endre wikiteksten]

Område med varmt ørkenklima

Varme ørkenklima finn ein vanlegvis under den subtropiske ryggen der ein finn klår himmel store delar av året på grunn av stabil søkkande luft og høgtrykk. Av desse områda finn ein Sahara, Den arabiske ørkenen, Den syriske ørkenen, Kalahariørkenen, store delar av Iran, sørlege og sentrale Pakistan, nordvestlege India, det sørvestlege USA, nordlege Mexico, og mykje av Australia.

Varme ørkenklima har varme, ofte særs varme, periodar i løpet av eit år. Mange stader med eit varmt ørkenklima er maksimumstemperaturen på 40 °C til 45 °C ikkje uvanleg på sommaren. I kaldare periodar av året kan nattetemperaturen falle til under null på grunn av den store utstrålinga under den klåre himmelen. Temperaturen fell derimot sjeldan langt under frysepunktet.

Kalde ørkenklima[endre | endre wikiteksten]

Regionar med kaldt ørkenklima
Kalde ørkenar får stundom eit snødekke, slik som Snake Valley i Utah og Nevada

Denne varianten av ørkenklima er forholdsvis sjeldan utanfor Asia. Eit kaldt ørkenklima finn ein vanlegvis i tempererte soner og nesten alltid i regnskuggen til høge fjell, som hindrar nedbør i vestavinden, eller i Sentral-Asia, frå monsunen. Gobiørkenen i Mongolia er eit klassisk døme på eit område med kaldt ørkenklima. Sjølv om han er varm om sommaren, har området som resten av Sentral-Asia, særs kalde vintrar. Kyzyl Kum og Taklamakan-ørkenane i Sentral-Asia og dei tørrare områda av Great Basin-ørkenen vest i USA er dei største døma på BWk-klima.

Kalde ørkenklima kan ha varme (stundom særs varme) og tørre somrar, men somrane er vanlegvis ikkje like varme som somrane i varme ørkenklima. I motsetnad til varme ørkenklima, har kalde ørkenklima vanlegvis særs kalde og tørre vintrar med temperaturar langt under frysepunktet. Kalde ørkenar finn ein typisk i høgareliggande område enn varmeørkenar, og dei er vanlegvis tørrare enn varme ørkenklima.

Arktisk og Antarktis får òg særs lite nedbør i løpet av eit år, på grunn av den særs kalde og tørre lufta, men dei vert generelt klassifisert som arktisk klima.

Milde ørkenklima[endre | endre wikiteksten]

Denne varianten av ørkenklima er særs sjeldan. Milde ørkenklima finn ein vanlegvis langs vestkystane av kontinent i tropane eller nær tropane, eller i høgareliggande strøk i område som ellers ikkje har varme ørkenklima. I Sør-Amerika finn ein denne klimasonen nær Stillehavet i delar av Atacamaørkenen. I Nord-Amerika finn ein denne sonen langs stillehavskysten på Baja California-halvøya. I Afrika finn ein klimasonen langs delar av kysten av Namibia. På Den arabiske halvøya finn ein klimasonen i delar av Jemen.

Milde ørkenklima er karakterisert av meir moderate temperaturar enn det ein elles finn på same breiddegrader (vanlegvis på grunn av nærleiken til kalde havstraumar), og for milde ørkenar nær kysten får ein ofte tåke og lågt skydekke, trass i at desse stadane ofte er av dei tørraste stadane på jorda. Temperaturane er milde året gjennom, og finn vanlegvis ikkje dei same tempereaturekstrema som i andre ørkenklima. Somme publikasjonar inkluderer ikkje kategorien «mild ørken», og vert i desse dokumenta anten sortert inn under varmt eller kaldt ørkenklima.

Regionar med varierande klassifisering[endre | endre wikiteksten]

Det er som sagt tre isotermar som vert nytta for å skilje varme og kalde ørkenklima. Som følgje av dette finst det enkelte område som har klima som er klassifisert som anten varm eller kald, avhengig av kva isoterm ein nyttar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Peel, M. C.; B.L. Finlayson; T.A. McMahon (2007). «Updated world map of the Koppen-Geiger climate classification» (PDF). Hydrology and Earth System Sciences 11: 1633–1644. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Klimasoner i Köppen si klimaklassifisering
Gruppe A: TropiskRegnskog (Af) - Monsun (Am) - Savanne (Aw, As)
Gruppe B: TørtØrkenklima (BW) - Steppe (BSh, BSk)
Gruppe C: TemperertFuktig subtropisk (Cfa, Cwa) - Maritimt (Cfb, Cwb, Cfc) - Middelhavsklima (Csa, Csb)
Gruppe D: KontinentaltFuktig kontinentalt (Dfa, Dwa, Dfb, Dwb) - Subarktisk (Dfc, Dwc, Dfd)
Gruppe E: ArktiskTundra (ET) - Permafrost (EF) - Alpint (ETH)