Regionen Wellington

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Regionen Wellington
region
Land  New Zealand
Areal 8 140 km²
Folketal 504 900 (juni 2016)
Kart
Regionen Wellington
41°17′00″S 174°46′00″E / 41.283333333333°S 174.76666666667°E / -41.283333333333; 174.76666666667
Wikimedia Commons: Wellington Region

Wellington er ein regionNew Zealand som ligg i den sørlege enden på Nordøya. Hovudstaden i landet, Wellington, er administrasjonssenter i regionen.

Styresett[endre | endre wikiteksten]

Regionen Wellington, er administrert av Wellington Regional Council (under namnet «Greater Wellington»), og dekkjer forstadane kring hovudstaden, og byane Lower Hutt, Porirua og Upper Hutt, som kvar også har eit omliggjande ruralt område. Han strekkjer seg opp langs vestkysten på Nordøya, og omfattar busetnadane i Kapiti Coast District, som ligg i den sørlege utkanten av området som til vanleg vert kalla Horowhenua, og byen Otaki. Aust for høgdedraget Rimutaka Range ligg tre, for det meste landlege, distrikt i området som er kjent som Wairarapa, medrekna byane Masterton og Carterton, Greytown, Featherston og Martinborough.[1]

Samansetjing av regionstyret[endre | endre wikiteksten]

Greater Wellington Regional Council er eit lovfesta organ som er sett saman av 13 regionale styremedlemmer som representerer seks valdistrikt:[1]

  • Wellington har 5 representantar
  • Kapiti 1
  • Porirua-Tawa 2
  • Lower Hutt 3
  • Upper Hutt 1
  • Wairarapa 1

Busetnad[endre | endre wikiteksten]

Over tre fjerdedelar av dei 464 700 innbyggjarane i regionen (estimat i 2006) held til i dei fire byane i den sørvestlege delen av regionen. Andre busetnadssentra ligg langs kysten Kapiti Coast og i dei grøderike landbrukområda nær den øvre delen til elva Ruamahanga River i Wairarapa.

Langs Kapiti Coast ligg talrike mindre bysamfunn nær einannan, mange av dei i nærleiken av populære strender. Frå nord er dette Otaki, Waikanae, Paraparaumu, tvillingbyane Raumati Beach og Raumati South, Paekakariki og Pukerua Bay, den sistnemnde er ein nordleg forstad til Porirua. Kvar av desse busetnadane har eit innbyggjartal mellom 2 000 og 10 000, og gjer kystlinja moderat tett busett.

I Wairarapa er den største byen Masterton, med eit innbyggjartal på nesten 20 000. Andre byar i området er Featherston, Martinborough, Carterton og Greytown.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Produksjon og inntekt[endre | endre wikiteksten]

Regionen Wellington er med god margin den mest velståande i landet. Dei sist oppdaterte tala frå det newzealandske ministeriet for økonomisk utvikling (Ministry for Economic Development) for regionane sine brutto nasjonalprodukt viste for Wellington $17,5 milliardar i året fram til mars 2004, dette var $36 700 per capita, 19% større enn regionen Auckland som hadde $30 750, og 38% høgare enn regionen som kom nedst på lista, Northland med $26 600 og 3% meir enn det nest høgaste landområdet, Northern South Island, $35 800.[2]

Ved folketeljinga i 2006 hadde Wellingtonregionen den høgaste prosentdelen personar i alle dei fire øvste inntektsgruppene ($40 001-$50 000: 8,9%, $50 001-$70 000: 10,5%, $70 001-$100 000: 5,9% og $100 001+: 5,2%) og den lågaste delen av innbyggjarar i lågaste inntektsgruppe (0,37%).[3] I desember 2007 låg den gjennomsnittlege vekelønna til innbyggjarane i Wellingtonregionen ($812 i veka) godt over andre regionar i landet (18% over den nest høgaste regionen, Auckland med 687 dollar i veka).[4]

Kartet viser folketettleiken i regionen Wellington ved folketeljinga i 2006. Klikk på kartet for å sjå teiknforklaringa.

I 2006 arbeidde 25,8 % av yrkesaktive personar i Wellington i yrke som krev høgare utdanning og 14,3% var tilsette i kontorverksemder, dei høgaste prosentdelane i landet for båe kategoriar. På den andre sida – om ein ser bort frå 369 personar i område som ikkje høyrer til nokon av dei offisielle regionane– har Wellington den lågaste prosentdelen av teknikarar og fagarbeidarar i landet (10,6 %), den lågaste prosentdelen maskinoperatørar og transporttilsette (4,1 %) og den lågaste prosentdelen ufaglærte (7,1 %).[3]

Etnisitet[endre | endre wikiteksten]

Wellingtonregionen er på andreplass etter Auckland i mange statistikkar som tek føre seg etnisk breidde. Ved folketeljinga i 2006 hadde Wellington den nest høgaste asiatiske populasjonen (8,4%, Auckland:18,9%) og også den nest høgaste populasjonen med bakgrunn frå Stillehavsøyene (8,0 %, Auckland:14,4 %). 26,1 % av dei busette i Wellington er fødde utanfor New Zealand, dette er på nytt nest etter Auckland (40,4%).[3]

Kjønnsfordeling[endre | endre wikiteksten]

Wellington Region har den nest høgaste prosentdelen kvinner, 51,52% (Nelson:51,53%, West Coast:49,21%), særleg i aldersgruppa 16-29, der han er 48,86% bak Otago med 49,11 %, og følgd av Gisborne med 49,18%, i sterk kontrast til Marlborough med 52,61 % av same aldersgruppe.[3]

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

I 2006 hadde 21,1 % av innbyggjarane i regionen Wellington høgare utdanning, samanlikna med berre 6,6 % i West Coast, 17,7 % i Auckland og 14,5 % i Otago (men 0,97 % av innbyggjarar i Otago har kvalifikasjonar på doktorgradsnivå, samanlikna med 0,87 % i Wellington). Auckland og Wellington ligg likt med lågaste del ukvalifisert arbeidskraft, 18,1 %.[3]

Transport[endre | endre wikiteksten]

11,3 % av husstandane i Wellington har ikkje tilgang til bil, dette er det meste av alle regionane i landet.[3]

Telekommunikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Statistikken for Wellington viser at 76,3 % av innbyggjarane har mobiltelefon, berre forbigått av Auckland (76,4 %) og følgd Waikato (75,3 %). Tilgangen til internett er 65,5 %, den høgaste saman med Auckland, følgd av Canterbury (61,3 %). Noko overraskande er det at folk i Wellingtonregionen ligg nest nedst på statistikken over tilgang til faxmaskinar (21,1%) etter Gisborne (20,5 %).[3]

Definisjonar for Wellington[endre | endre wikiteksten]

Landsat-7-bilete av den sørvestre delen av regionen Wellington. (1) Wellington, (2) Lower Hutt, (3) Upper Hutt. (4) Porirua.

Definisjonen på regionen Wellington er i denne samanhengen landområdet som vert administrert under Greater Wellington territorial authority. Nemninga «Wellingtonregionen» kan i daglegtale også visa til eit mykje mindre område, som heilt utelet områda ved Wairarapa og Horowhenua, fordi båe har sine heilt eigne samfunn og identitetar. I somme samanhengar vert også Kapiti Coast utelate, trass i sambandet området har med Wellington gjennom pendlartog.

For å auka forvirringa kan det nemnast at mellom 1841 og 1876 var New Zealand delt i provinsar. Provinsen Wellington strekte seg mykje lenger nord og omfatta også byane Palmerston North og Wanganui.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Regionen ligg i sørenden av Nordøya, og grensar mot vest, sør og aust til sjøen. Mot vest ligg Tasmanhavet og i aust Stillehavet. Sør for øya møtest desse to hava i det tronge og turbulente Cooksundet, som berre er 28 km breitt på det smalaste, mellom Cape Terawhiti og Perano Head i Marlborough Sounds.

Regionen dekkjer 7 860 km², og strekkjer seg mot nord og vest til Otaki, og nesten til Eketahuna i aust. Fysisk og topografisk har regionen fire område som grovt sett ligg parallelt med kvarandre langsetter ein nordaust-sørvest-akse.

Naturleg skog med gamle pukateatre i Kaitoke Park ved Upper Hutt.

Det første av desse områda er ei smal kyststripe med sletteland som går nordetter frå Paekakariki. Dette området vert kalla Kapiti Coast, og inneheld talrike mindre byar, der mange får i alle fall ein del av inntektene sine frå turisme, for ein stor del på grunn av dei fine strendene sine.

Innanfor ligg ei ulendt fjellrekkje som er danna langs den same store geologiske forkastinga som dannar ås- og fjellrekkja SøralpaneSørøya. Sjølv om ho på Nordøya ikkje på langt nær er så fjell-lendt som desse, er Rimutaka og Tararua Ranges likevel røft landskap, og berre mindre busetnader finst der, sjølv om det er i mindre kystdalar og sletter i den sørlege enden av desse fjella at byane Wellington og Hutt Valley ligg.

Den tredje landskapsforma i regionen er dei bølgjande åsand i Wairarapa kring elva Ruamahanga River. Dette området, som vert lågare og flatare mot sør, endar i våtmarker kring innsjøen Lake Wairarapa og har mykje rikt jordbruksland.

Den siste topologiske delen av regionen er enno ei stripe med ulendt bakkelandskap, lågare enn Tararuas, men mindre utnyttbar og økonomisk verdfull enn landområdet kring Ruamahanga River. Begge dei mest kuperte stripene i regionen er enno for ein stor del skogkledde.

Måne over sørenden av Rimutakas ved soleglad.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Maoriane som først busette seg i Wellingtonområdet kalla det for Te Upoko o te Ika a Māui, som tyder 'hovudet til Māui sin fisk'. Maoriforteljingar seier at Kupe oppdaga og utforska området om lag 900-taket.

Wellingtonregion vart busett av europearar frå New Zealand Company i 1839. Wellington City vart administrasjonssenteret i Provinsen Wellington i 1853, til ordninga med newzealandske provinsar vart oppheva i 1876. Wellington vart hovudstad på New Zealand i 1865, den tredje hovudstaden i landet etter Russell og Auckland.

Kjende personar frå Wellingtonregionen[endre | endre wikiteksten]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Greater Wellington Regional Council's constituencies». Henta 24. oktober 2008. 
  2. «Ministry of Economic Development Regional Economic Performance Report». 1. november 2005. Henta 24. oktober 2008. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 «2006 Census Regional Summary Tables». 3. juli 2007. Henta 25. oktober 2008. 
  4. «Nationwide Quarterly Review by Statistics New Zealand». 25. mars 2008. Henta 24. oktober 2008. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]