Smiholmen på Fedje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Smiholmen
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Fedje
Postnummer 5947 FEDJE
Gardnummer 168
Kart
Smiholmen
60°46′47″N 4°42′30″E / 60.77971°N 4.70838°E / 60.77971; 4.70838

Smiholmen er ein gard og ein holme nordvest på Fedje i Husavågen. Han ligg like nord for Smineset. Smiholmen høyrte i starten til Uthaugen, medan Smineset høyrte til Kremmarholmen.

Forstavinga «smi» tyder smed, så det har truleg vore ein smed på anten Smineset eller Smiholmen. I 1868 vart namnet skriven Smedjenæset, så tydinga kjem då klart fram. Dei første plassfolka på Smiholmen busette seg her i 1833.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Arvid Skogseth (1997). Fedje og folket: Gards- og ættesoge for Fedje. Fedje kommune.