Liv Bernhoft Osa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Liv Bernhoft Osa
Fødd3. mars 1957 (67 år)
FødestadVoss herad
Verka somskodespelar
FarSigbjørn Bernhoft Osa
EktefellePål Løkkeberg, Per Gørvell
PrisarKanonprisen for beste kvinnelege hovudrolle, Heddaprisen for beste kvinnelige medspiller, Amandaprisen for beste kvinnelige hovedrolle

Liv Bernhoft Osa (fødd 3. mars 1957) er ein norsk skodespelar frå Voss. Ho er dotter til Sigbjørn Bernhoft Osa.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Liv Bernhoft Osa har vore tilknytt Nationaltheatret frå 1979. Ho har også jobba for Det Norske Teatret og Torshovteateret. Av dei mest kjende teaterrollene hennar er Eleonora i Påske av August Strindberg, Regine i Gjengangere og Kaja i Byggmester Solness, begge av Henrik Ibsen, Sofja i Onkel Vanja av Anton Tsjekhov og Andromake i Trojanerinner av Evripides. Ho har også spelt i fleire filmar og er ein mykje nytta opplesar av lydbøker. Ho har lese inn bøker av m.a. Toni Morrison og Tarjei Vesaas for Lydbokforlaget.

I 2011 fekk Liv Bernhoft Osa Heddaprisen for beste kvinnelege birolle for rolla som Fru Fåttnok i stykket USKYLD.

Filmar[endre | endre wikiteksten]

  • 1983: Hockeyfeber .... Vera
  • 1984: Snart 17 .... Ekspeditrise
  • 1994: Trollsyn .... Mor
  • 1998: Madeline (amerikansk)
  • 2004: Uno .... Mona
  • 2007: Svein og Rotta og UFO-mysteriet .... Dora

Fjernsynsseriar[endre | endre wikiteksten]

  • 1977: Lykkespill....Unge Wenche Foss
  • 1987: Pilen flyttebyrå .... Anita
  • 1990: Den svarta cirkeln (svensk)
  • 1991: Fedrelandet .... Rakel
  • 1994: Vestavind .... Emma Engan Nedrebø
  • 1996: Familiesagaen de syv søstre .... Charlotte Zimmermann
  • 2002: Tiden før Tim .... Ninas mor
  • 2002: Jul på Månetoppen .... Nissemamma

Kortfilm[endre | endre wikiteksten]

  • 2000: Fly

Kjelder[endre | endre wikiteksten]