Militært forband

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit militært forband er ein samansett, stor militær landorganisasjon, som kan vere brigade, divisjon, korps, armé eller armégruppe. Forband og avdelingar er ulike omgrep; ei avdeling er ein einsarta organisasjon (for eksempel ein panserbataljon eller eit infanterikompani), medan eit forband er ei samling av separate avdelingar.

Ein brigade blir vanlegvis rekna for å vere det minste forbandet, men avdelingar kan samlast i mindre organisasjonar (for eksempel bataljonsstridsgruppe eller kompanistridsgruppe) for å løyse spesifikke oppdrag.

Forband kan også vise til militære øvingskonsept der avdelingar (ned til lagsnivå) arbeider saman. Dette kan for eksempel vere på ei feltskytebane der eit lag, oppsett med ulike våpen, bekjempar det same målet. Dette då i motsetnad til regulære skytebaner der det berre er øvingar for kvar enkelt soldat.

Hierarki[endre | endre wikiteksten]

Ifølge standarden NATO APP-6A gjeld følgjande forbandshierarki i NATO: