Flatøy skule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Flatøy skule var ein barneskule på Flatøy i dåverande Meland kommune i Hordaland fylke. Han hadde i skuleåret 2008–2009 57 elevar fordelt i fire klasser,[1] og ti tilsette med Espen Storstrand som rektor. Skulen nytta nynorsk og hadde adresse Flatøyvegen 70. Flatøy skule var vedteken nedlagt etter skuleåret 2009–2010.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skulen tok imot elevar frå Flatøy, noko han har gjort sidan opninga i 1937. Skulen var det første bygget på Flatøy som fekk innlagt vatn på midten av 50-talet.

Nedlegging[endre | endre wikiteksten]

16. desember 2009 vedtok formannskapet i kommunen at Flatøy skule skulle leggast ned, noko som førte til debatt hjå Flatøy-folket. Nedlegginga vart vedteke i formannskapet med 21 mot seks stemmer[2]. Ein av grunnane for å leggja ned skulen var å spara pengar. I fylgje kommunebudsjettet 2010 kunne kommunen spare ca. to millionar kroner på nedlegging[3]. Frå hausten 2010 byrjar Flatøy-elevane på Sagstad skule.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nettstaden til Flatøy skule[daud lenkje]
  2. Slutt for Flatøy skule neste haust, Nordhordland
  3. Hans E. Storheim og Anne-Lise Nordpoll (2009,31.10) Vil leggja ned på Flatøy. Strilen, side 6

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]